Invitasjon til 23 mobile ting

Hordaland fylkesbibliotek og Bergen Offentlige Bibliotek inviterer til 23 mobile ting — eit e-læringskurs i 23 digitale tenester for mac, mobil og nettbrett for bibliotekstilsette i Hordaland.

23 mobile ting har som mål å utforske dei moglegheitene mobilteknologien har — og dermed styrka den digitale og faglege kompetansen vår. Eit anna mål er å inspirere til nysgjerrighet slik at vi kan utvikle bibliotektenester som er tilpassa mobile einingar som smarttelefonar og nettbrett.

Som deltakar i 23 mobile ting, får du introduksjonar til ei lang rekke med appar, funksjonar og trendar i det mobile universet. Og meir vesentleg: du får høve til å prøve dei ut samtidig som du kan sparra og hente hjelp hos kollegaene dine.

Det blir tre samlingar i løpet av hausten 2015, men det meste av kurset skjer ved heimearbeid mellom samlingane. Dersom det blir stor interesse, blir det eigne samlingar for tilsette ved Bergen Offentlige Bibliotek. Datoane for fellessamlingane er:

Kursdag 1:
17. sept — bibliotekarar frå fylket
18. sept — Bergen Offentlige Bibliotek
Kursdag 2:
5. nov. — bibliotekarar frå fylket
6. nov. — Bergen Offentlige bibliotek
Kursdag 3:
10. des. — bibliotekarar frå fylket
11. des. — Bergen Offentlige Bibliotek

Føresetnad for deltaking, er at du har eit nettbrett eller smarttelefon (på iOS eller Android) av nyare dato, som du kan bruke gjennom heile kursperioden. Du melder deg på kurset her: http://bit.ly/23mobileting.

I kurset brukar vi Twitter og Facebook til å løyse oppgåver og skrive om prosjektet. På Twitter nyttar vi #23mobiletingHFK, på Facebook deler vi oppgåvene i denne gruppa: https://www.facebook.com/groups/23mobileting/

Herdis Moldøen frå Hordaland fylkesbibliotek har regien på og ansvaret for gjennomføringa av kurset. Ta kontakt på på epost herdis.moldoen@hfk.no med eventuelle spørsmål.

Meld deg på her: http://bit.ly/23mobileting.

Påmeldingsfrist: seinast 1. september. Maks tal på deltakarar er 30 kvar kursdag, det er difor lurt å melde seg på snart!

Like what you read? Give Herdis Moldøen a round of applause.

From a quick cheer to a standing ovation, clap to show how much you enjoyed this story.