Ting 1: Twitter

Twitter er eit sosialt nettverk og mikroblogg. Oppdateringar skriv du i sanntid med maks 140 teikn.

Standardinnstillinga på Twitter er at meldingane dine er offentlege. Det vil også seie at dei er søkbare på nettet.

Twitter handlar eigentleg om samtalar. Her deler vi nyheiter, artiklar, bilde og haldningar, og det er lett å få og gi tilbakemeldingar. Følg kven du vil, og kven som helst kan følge deg. Det finst ein god svar-kultur på Twitter, så om du følgjer bra folk, som igjen følgjer deg, kan du forvente å få svar på dei fleste spørsmåla du har.

Mange over heile verda nyttar Twitter. I Noreg er det drøyt ein million brukarar (per juni 2015), og vi finn både privatpersonar, bedrifter og verksemder, også bibliotek. Sjekk ut:

Det er også mange private profilar på Twitter, som alle stadig kjem med gode bibliotekfaglige tweets:

Nrkbok har også laga fleire lister som kan vere gode utgangspunkt for å finne aktuelle og interessante folk å følge.

Om du er interessert i kjendisar, så har Tvitre.no ei liste over topp 100 norske tvitrarar. Her finn du mellom anna Jens Stoltenberg @jensstoltenberg, Are Kalvø @Are_Kalvo og Davy Wathne@TV2Davy. Operasjonssentralen til Hordaland politidistrikt @Hordalandpoliti kan også vere greie å følge.

Kva er emneknagg, og korleis fungerer det?
Emneknagg (hashtag på engelsk) er symbolet # og eit emneord. Emneknaggane fungerer som ei lenke som knyt saman ein samtale eller tweets om same tema. Denne funksjonen er også overført til andre sosiale medier som Instagram, Tumblr, Google+, Facebook. Emneknaggar er spesielt nyttige for større samtalar om for eksempel #valg15, om TV/radio-program som #dax18 eller om du startar ein kampanje som #jegharopplevd. Det kan også vere ein emneknagg for møter eller kurs, som til dømes #23mobileting.

Jenny Staalnacke har skrive ein artikkel om hashtagger på Metronets sider.

Direktemeldingar
Du kan også sende private direktemeldingar til folk på Twitter. Desse er private, og ikkje offentlege og kan vere nyttig funksjon dersom du skal dele epostadressa di, eller svare på eit spørsmål som ikkje du vil skal vere offentleg.

Korleis kan biblioteket bruke Twitter?

  • Samtale med dei potensielle gode ambassadørar for biblioteket. Folk som kan ha nytte av å fremme dei same interessene som biblioteket har. Til dømes folk som bur i same kommune, tilsette, andre bibliotek, media, politikarar, konferansar, forfattarar, fagforeiningar, samarbeidspartnarar, etc.
  • Løfte fram andre sine interesser gjennom RT (retweets) og sitat, og ved å samtale med dei.
  • Markedsføring av biblioteket sine samlingar
    (Horten bibliotek har en Twitterkonto for barnebøkene, ein for lydbøker og ein for filmar. Bergen Off. Bibliotek har ein samlekonto i @bergenbibliotek for all verksemda si.).
  • Annonsere nyheiter, arrangement og tenester.
  • Svare på spørsmål fra lånarane.
  • Samtale om tema, til dømes #ebøker og #opphavsrett.
  • Få trafikk til nettsidene.
  • Boktips, for eksempel HvilkenBok @skaljeglese.

Korleis kan du som tilsatt bruke Twitter i di eiga utvikling?

  • Følge interessante folk som gir deg relevant innhald, enten du er interessert i bibliotek, fagforeining, fiske, startups, politikk, etc.
  • Følge konferansar og kurs td. #littsymp (emneknaggen for litteratursymposiet i Odda).
  • Bygge opp personlege læringsnettverk av kollegaer med likt ansvarsområde og interesser som deg sjølv, les artikkel av masterstudent i bibliotekfag, Alice Howlett [engelsk].
  • Følgje nye trendar og nyheiter.
  • Dele lenker til forskning og rapportar (til dømes forskning.no).
  • Skape eigne emneknaggar. T.d #gamebrary
  • Følgje journalistar, politikarar — som biblioteket kan ha nytte av å samhandle med.
  • Dette dokumentet, utvikla av Ode Rosenkilde, gir deg ei ei oppdatert liste over aktuelle emneknaggar, bibliotek og biblioteksrelaterte twitrarar. Les det!

Oppgåve for bestått

  • Gå til App Store eller Google Play for å finne og installere Twitter-app. Twitter sin orginale app er god. Andre anbefaler Tweetdeck fordi den kan sile ut enkelte meldingar. Du kan til td då sette opp eit eige filter på td #starwars.
  • Lag deg ein Twitterkonto.
    Du kan nytte twitter både på pc/mac ved å gå til twitter.com, men det kan vere enda bedre å bruke app på mobilen.
    Ps: tilrår å lage så lite brukarnamn så mogleg, og gjerne det same brukarnamnet du har på andre sosiale nettstader. At det bør vere kort, er tilrådd fordi twitter har denne begrensninga på 140 teikn.
  • Send ein tweet: Bruk #23mobileting som hashtag. Du kan skrive kva du vil, td. at du er på kurs, eller namnet på di favorittbok.
  • Eg vil gjerne lage ei eiga liste over oss som er på dette kurset. Då blir eg glad om du følgjer meg eller sender @herdis ei melding også. Då finn eg deg, og kan legge deg til lista.

Plusspoeng for viderekommande:

  1. Om du ønsker å samle tweets og lenker, og oppsummere ein debatt i eit innlegg, sjekk ut Storify.com.
    Her kan du snike på korleis eg har brukt Storify.
  2. Du kan også koble på ei analyse-teneste Twitter tilbyr: analytics. Då kan du sjekke ut kva dei som følger deg er opptekne av, kva meldingar som når ut og om du klarer å engasjere folk på nett.

Utforsk

  • Bruk listene på Twitter, for eksempel Biblioteksfolk (må vere pålogga for å sjå denne lista).
  • Sjekk trender rundt om i verda.

Refleksjon


Delar av innlegget vart opprinneleg publisert påvestfold23mobileting.wordpress.com, men det er rett nok oppdatert, lagt til eigne lenker og omsett til nynorsk.

One clap, two clap, three clap, forty?

By clapping more or less, you can signal to us which stories really stand out.