Ting 14: Ta bilde og del dei med omverda

Herdis Moldøen
23 mobile ting
Published in
3 min readNov 16, 2015
Alle smarttelefonar og nettbrett (bortsett fra iPad 1) har kamera.

Det finst mange ulike fotoappar du kan legge inn på mobiltelefonen eller nettbrettet ditt. Nokre tilbyr filter som forbedrer bildet ditt, dei fleste er knytt saman med andre sosiale medier (for eksempel deling via Twitter eller Facebook) medan andre har sine egne sosiale nettverk (til dømes Instagram og Snapchat).

I denne tingen gjekk Anne Wang-Andersen gjennom korleis ein tar gode og dårlige bilde på Instagram. Ho gav også ein god innføring i korleis ein kan nytte Instagram som inspirasjon, både for å ta bedre bilde og til å få idear til utstillingar i biblioteket. Her er den flotte presentasjonen hennar:

Oppdag

  • Ta eit bilde med smarttelefonen eller nettbrettet ditt, og finn ut kor kamerarullen eller bildegalleriet ligg på den mobile dingsen din.
  • Prøv ut Instagram (du kan og leike deg med Instaweather og Instastitch/Instacollage). Instagram har sitt eige språk, sin eigen sjargong, og folk legg inn populære hashtaggar/emneknaggar som får mange «likes», men som ikkje alltid ser ut til å ha noko med innhaldet i bildet å gjere. Til dømes #books, #bookstagram, #selfies, #likesforlikes, #tagsforlikes, #instagood, #instalove, #mosebildeentusiastene og mange mange flere. Kva som er dei mest populære emneknaggane og som kan få mange «likes», kan endre seg, les meir om meininga bak nokre av Instagram sine hashtagger i artikkel av Jason A Howie (engelsk). Ta eit bilde og last det opp på Instagram med emneknaggen #23mobileting. Utforsk (Explore) andre bilde med same hashtag.
  • Sjekk iconosquare.com for å administrere konto og bilde. Kjekk å bruke dersom du skal finne bilde under #bibliotekemneknaggar og undersøke aktivitet.
  • Repost og Regram for instagram kan vere ein fin app å bruke dersom du ønsker å poste andre sine bilder på din konto, men likevel vise kven det er som har tatt bildet.
  • Prøv ut en app med filter, for eksempel Hipstamatic, VSCOcam, Camera+, SquareReady, Snapseed eller ProCamera.
  • Dersom du vil administrere Instagram-kontoen din, og rydde td. i kven du følger vs kven som følger deg, kan du nytte Followers for Instagram (iOS) eller InstaFollow (Android)

Utforsk

  • Om du har ein Flickr-konto, kan du laste opp bilde via Flickr-appen.
  • Snapchat er ein populær bildeapp, som er i stor vekst. Appen finst til både IOS- og Android-einingar, og den lar brukarar sende bilde til sine kontaktar. Bildene vert sletta automatisk etter ein kort periode (1–10 sekunder). Om du er interessert i korleis ein instutisjon kan nytte Snapchat, søk og følg Kode_Bergen. Dei nyttar Snapchat for å få fleire til å bli nysgjerrige på innholdet på museet.
Dersom du tar bilde av dette bildet i Snapchat, les Snapchat det som ein qr-kode og legg KODE_Bergen inn som kontakt.

Refleksjon

  • Korleis kan biblioteket ditt bruke bilde til å markedsføre biblioteket sine tenestar, arrangement og aktivitetar?
  • Kan du nytte biblioteket sin Twitterkonto til å publisere daglige oppdateringer fra Instaweather?
  • Når du tar bilde, har du skjema tilgjengeleg for å sikre tillatelse til å publisere bildene på nettsider og i sosiale medier?
  • Kor lett er det for lånarane å bidra med digitale bilde til biblioteket sine samlingar? (til dømes lokalhistorie)
  • Kan du bruke bilde til kurs i biblioteket? Til dømes «Korleis kan du…»
  • Kan du bruke bilde i konkurransar? Til dømes under eigne emneknaggar som «#sommerlesing» eller #bergenleser.
  • Getty Museum legg ut Instagrambilder som er tatt i museet, på deira Insta-Getty Pinterest Board.

For å få bestått denne tingen: lag deg ein konto på instagram, ta eit bilde frå biblioteket ditt, del det med oss andre med #23mobileting som emneknagg. Om du har ein lukka konto, kan du sende bildet til @herdis.

Veldig flott om det er nokre bibliotek frå Hordaland som vil bli med i konkurransen om å ta Årets bilde frå biblioteket: http://www.bokogbibliotek.no/arets-bibliotekbilde-2015.

--

--

Herdis Moldøen
23 mobile ting

I’m into new technology, start-ups, user generated content and storytelling.