Ting 11: Verktøy som letter kvardagen

Kva er dine personlege utfordringar når du prøver å vere produktiv? For å vere produktiv, må du vere effektiv, og til å vere effektiv finst det hjelpemidlar til dei mobile einingane. Dette er appar og tenester som kan hjelpe deg å organisere oppgåver, gjere avtalar, sende påminningar og sortere tankar. I denne tingen skal vi sjå nærare på nokre av desse verktøya.

Oppdag

  • Trello er eit gratis prosjektverktøy som organiserer kommunikasjon inn i oppgaver. Du organisererer oppgåvene etter “To do” — “Doing” — “Done, og for kvar oppgåve kan du legge til personar (som får ansvaret for å gjere oppgåva), google-dokument, sjekk-lister, tidsfristar mm. Folk som er tilknytta det prosjektet du har oppretta, får epostar når dei får nye oppgåver. Du kan gjere som Åsane filial og organisere heile avdelingar i Trello, nytte det for småprosjekt eller for å sortere arbeidskvardagen din.
  • Slack er ei anna teneste for team som skal samarbeide om prosjekt og som har behov for å chatte undervegs for å raskt avklare ting fortløpande.
  • Keep er ein app frå Google som du også kan nytte på web. Det er ei notisblokk som du kan dele og utvikle saman med andre. Flott til korte, uformelle møtereferat eller andre kladdar som ikkje treng å vere dokument.
Moves er ein app du kan laste ned
  • Moves er ei ‘aktivitetsdagbok over livet ditt’. Den måler kor du går, syklar eller køyrer, og gir deg tal på kor mange kalorier du bruker. Du kan også la den ta seg av registreringa på når du kjem og går fra jobb, slik at du slipper å notere det på ein eigen stad.
  • Wunderlist er ein app du kan nytte til prosjekter, eller berre til å dele handlelister med dei heime. De oppretter ei felles handleliste, og den som er i butikken krysser av undervegs. Praktisk og lett.
  • MindNode er ein app for iOS (mac, iPad, iPhone) som gjer det lett for deg å lage tankekart.
  • Office lens er ein app som gjer at du kan skanne dokumenter, foto eller tavler/whiteboards. Appen løftar fram bildet slik at det blir beint og leseleg. Denne appen vart først utvikla for Windows, men finst også på Android og iOS.
  • Det er fleire døme på Pinterest Board.

Reflekter

  • Kunne du ha brukt et verktøy som Trello til å styre eit prosjekt eller ein filial?
  • Kan du bruke Doodle til å avtale møtetidspunkt med grupper tilknytta bibliotekets tenester?
  • Kan arbeidsstaden din nytte skanna bilete av kvitteringar når du skriv reiserekning? Og kan du nytte Office lens til anna dokumentasjonsarbeid på biblioteket?

I denne oppgåva skal du velge deg ut to verktøy du tenker kan bli nyttige og som du tester ut. I ein samtale på Facebook, vil eg gjerne at du kryssar ut kva appar du har valgt — og i kommentarfeltet fortel kva du har brukt det til.

Virtuell gullstjerne går til dei som testar ut alle!