Ting 21: Slik gjer du podkast i biblioteket
Podkast er radio i opptak, og kjem av orda orda:
- POD: Program on demand
- CAST: Frå engelske “broadcasting” (kringkasting)
Med teknologien i dag kan vi laste ned eller strømme program, og høyre dei når dei passar oss — uavhengig av radiosendinga sin sendeplan. Ved å bruke mobilen når du lyttar, kan du også høyre det du vil når du vil.
Kjersti Hatland, redaktør for Bergen Off. Bibliotek sin podkast BOBcast, kom og fortalte om:
- Kva podkast er,
- Gode program du kan lytte til og
- Korleis ein kan lage podkast på biblioteket.
Bergen Off. Bibliotek var eitt av dei første biblioteka i landet som starta med podkast i biblioteket, og per i dag nyttar dei det til å hovudsakleg dele opptak frå arrangementene.
Opptaket blir redigert i Audacity (open programvare) og delt på Soundcloud. I Soundcloud bestemmer du om denne skal ut i ei RSS-fil, og krysser du av for det, vert filene sendt vidare til Itunes og vidare inn i podkast-appar — uavhengig av om du nyttar iOS eller Android (eller anna operativsystem på mobilen).
Det finst mange ulike podkast-appar du kan laste ned for å abonnere på dei radio-/podkast-programma du ønsker deg. Nokre telefonar som til dømes iPhone kjem med ein slik app inkludert. Pocket casts (Android) er ein app som vi brukte som døme i denne tingen, men det er fritt fram å laste ned ein som høver for ditt bruk.
Frå Soundcloud kan du dele lydfiler på ein enkel måte, til dømes for vise dei på eigne nettsider — eller i sosiale medier . Her er eit foredrag Anders Heger hadde om Agnar Mykle på biblioteket i haust:
Her er presentasjonen Kjersti Hatland holdt:
Oppgåva denne gong er å
- abonnere på BOBcast (!)
- anbefale andre podkastar du meiner bibliotekstilsette bør få med seg.