Ting 3: Epost over alt

Epost er blitt ein del av kvardagen vår, og derfor kan det være lurt å ha tilgang til den når du måtte ha bruk for det.
Om du til dømes skulle gløyme eit passord, er det mest vanleg å få tilsendt nytt passord på epost.
Det kan vere fordelar og ulemper ved å ha eposten tilgjengeleg heile tida. Spesielt dersom du ser for deg at det skal liggje 143 lysande epostar i mot deg kvar gong du opnar telefonen. Epostappane i dag er heldigvis designa slik at dei hjelper deg i å komme kjapt ned i epostbunken. Dei sorterer bort dei som ikkje er så viktige, og prioriterer dei viktige. Du kan med ein sveip utsette epostar til spesielle tidspunkt og du kan sveipe for å kvittere den bort.
Du kan velgje å bruke epost-appen som ligg i smarttelefonen eller nettbrettet, eller du kan finne ein annen app som du føretrekk. Det er mange å velgje mellom.
Oppdag
- Lag ein konto på gmail og prøv ut ein epost-app. Inbox er ein app utvikla av Gmail. Den kan du godt laste ned og teste ut.
- Gå inn på settinger/innstillingar og legg inn detaljane i Gmail-kontoen din eller frå andre epostleverandørar. Det kan kreve ekstra opplysninger for å få lagt til jobb-eposten din.
- Ta eit bilde og send det til deg sjølv på epost, eller til kurshaldaren din. (NB! Du må først ta bildet, finne det på kamerarullen/galleriet og finne ut av korleis du sender bildet via epost.)
Utforsk
- Andre epost-appar som også er gode(Aqua Mail eller K9-Mail er populære for Android og Mailbox for IOS). Smarttelefonen din kan allereie ha en epostapp innebygd.
- Det finst mange ekstrafunksjoner i Gmail som du allereie kan lære deg. Her er eksperttips frå ein som har jobba i Gmail: http://thenextweb.com/google/2015/09/16/7-things-i-learned-about-gmail-working-at-google/
- Det finst fleire nyttige lenker på Pinterest Board.
Reflekter
- Kor lett er det for bibliotekets lånarar å sende kjeldehenvisningar til seg sjølve på epost frå biblioteksystemet?
- Kan biblioteksystemet sende epostvarslingar ved purringar, reservert materiale og for å minne om arrangement?
For å få bestått i denne oppgåva, er oppgåva å sende eit bilde frå Gmail-adressa di på mobilen til kurshaldar.