Ting 4: Kalender og møteinnkalling

Dei fleste ser ut til å ha travle liv i dag med mange aktivitetar og avtalar å halde styr på. Og mange har kalenderen i lomma saman med funksjonar som alarmer for å minne om møter og delte avtaledetaljar.

Dei fleste møtekalenderane i dag har funksjonar som sjekker når fleire har ledig tid til å ta eit møte. Når ein nyttar ein møtekalender på ein arbeidsplass, er det derfor viktig at ein er konsekvent i bruken. At ein nyttar kalender for alle avtalar, at ein deler kalenderen sin med folk ein arbeider saman med slik at folk kan avtale møte utan å sende epostar fram og tilbake for å avtale tid.

Du står fritt til å velge kva kalenderløysing du ønsker etter kva som passar deg. På samlinga anbefalte vi å nytte Google kalender.

Oppdag

  • Nyttar du allereie Google sin kalender, eller kanskje du bruker Outlook og har avtalane dine synkronisert med telefonen?
  • Sjekk ut kalenderfunksjonen på den mobile dingsen din. Nytt Gmail-adressa di til å logge deg på den innebygde kalenderen. Sett opp ein avtale med alarm som minnar deg om avtalen nokre minutt i forkant.
  • Kva slags arrangementskalender nyttar du på biblioteket si nettside? Korleis ser den ut på mobil/padde?
  • Du kan óg få inn dei arrangementa du har sagt du skal gå på på Facebook i kalenderen din. Det får du til om du legger til Facebook-kontoen din i «E-post, kontakter og kalendere» i innstillingene på Apple-telefonen/nettbrettet, og gir løyve til å vise andre kalendere. (Her står forklaring på kor ein gjer det for Android)

Utforsk

Reflekter

  • Blir arrangement annonsert på biblioteket si nettside med høve til å laste ned detaljar frå kalenderen?
  • Nyttar biblioteket kalender som kan bli synkronisert med lånarane sine eigne kalendarar?
  • Kan biblioteket sine lånarar melde seg på arrangement og samtidig laste ned detaljane i sin eigen kalender?

Delar av innlegget vart opprinneleg publisert påvestfold23mobileting.wordpress.com, men det er rett nok oppdatert, lagt til eigne lenker og omsett til nynorsk.


For å bestå denne oppgåva, skal du lære deg å kalle inn til møte og svare på eit møte gjennom telefonen eller nettbrettet.

Du kjem også seinare til å bli innkalla til neste kurs gjennom ein invitasjon. Om du svarar på denne, vil eg sjå at du har bestått.