Ting 5: Samskriving i Google

Samskriving kan spare masse tid, i tillegg til lagringsplass. I staden for å sende dokument i vedlegg til folk, kan du sende dei ei lenke med invitasjon til å sjå, foreslå endringar eller til å redigere sjølve dokumentet.

Samskriving kan ein gjere enten de sit i lag, på kvart sitt kontor, heime eller jobbar saman i eit dokument på ulike tidspunkt. Den som opprettar dokumentet, eig det og han/ho kan dele det vidare og bestemme kva tilgang andre skal ha til dokumentet.

Dei som er blitt inviterte inn i dokumentet med rettigheiter til å redigere og foreslå endringar, kan gjere dette og legge til kommentarar. Det er som oftast den som eig dokumentet som vedtar og kvitterer ut forslaga om han/ho meiner dei gjer teksten bedre. Om de skriv samstundes i dokumentet, kan de også aktivere ein chat der de snakkar om korleis de skal gå vidare i dokumentet.

Her er ein film som demonstrerer godt korleis ein kan samskrive dokument:

Denne videoen tek for seg korleis du deler frå Google-tenester til andre brukarar, både dei med konto på google (via gmail-adresse) og dei utan:

Oppdag

  • Google har ei teneste som har henta dei mest brukte funksjonane frå Word. Denne tenesta heiter Google dokumenter, og har også ein eigen app du kan laste ned (iPhone og iPad/Android). Slik kan du lage mapper og tekstbehandlingsdokumenter i Google dokumenter frå PC:
  • Google Regneark har henta dei beste funksjonane frå Excel, og gjort det enkelt å lage eigne rekneark som du kan dele med andre. Her finst ein video frå Googlekursing.blogspot.no som kan hjelpe deg:
  • Med Google Presentasjoner kan du også lage enkle presentasjonar saman med andre kan fleire lage presentasjonen saman, og skal du halda ein presentasjon, treng du berre å logge deg på ein pc med nettilgang og ha tilgang til presentasjonen. Du treng ikkje å stresse med å sende den over epost eller bruke ein minnepinne. Slik er du også sikker på at presentasjonen ser lik ut, uansett kva som skal vise den. Her er ein video som forklarer meir:

Utforsk

  • Kva dokument hadde vore bra for deg å delt med andre tilsette?
  • Finst det nokre dokument som ikkje bør ligge på ein konto i skya?

Opprett eit dokument i Google drive og del det med kursleiar. Bestem at eg skal få redigere det, og gi deg tilbakemelding. Kvitter ut endringane.

Pluss i margen: Opprett eit dokument og del det med kurshaldar og kollegaene dine på kurset frå same arbeidsplass/samarbeidsbibliotek (td. Hardangerbiblioteka, Nordhordalandsbiblioteka etc). Skriv ned erfaringane dine frå kurset så langt, og kva ting du trur du/de kjem til å ha mest nytte av. (ps: første mann inviterer, dei andre takkar ja og bidrar i dokumentet)