TING 7: Nett-identitetar

Som bibliotektilsette bør vi vite noko om informasjonssikkerheit på nett og korleis vi tar vare på identitetar på nett. Vi bør også kunne gi råd om personvern til publikum. I denne tingen skal vi sjå nærare på dette når det gjeld smarttelefoner, nettbrett og apper.

Vanlegvis når du loggar deg på ein app, er du pålogga til du loggar deg av sjølv. Det er også vanleg å logge deg på appar ved å bruke ein identitet du har brukt på ein annen app eller teneste: du kan for eksempel logge deg inn på Instagram ved å bruke en Facebook-konto.

  • Sjekk om dei mobile einingane dine (tlf/ipad/etc) er beskytta med passord slik at andre ikkje får tilgang til dei.
  • Facebook har ei rekke instillingar du bør sjå om du skal stille på. Dei finn du på https://www.facebook.com/settings (eller ved å trykke på rektangelet som peikar ned i banneret når du er pålogga på fb). Anbefaler spesielt å gå gjennom Tryggleik-innstillingane i Facebook kor kan du styre i kor stor grad du skal få beskjed om nokon loggar seg på fb-kontoen en din, du kan bestemme kven som kan hjelpe deg med å få opp kontoen din om du roter til innlogginga — og kva som skal skje med kontoen din post mortem.
  • Gå over Personvern-innstillingane dine på Facebook og bestem kor tilgjengeleg du vil vere for omverda. Andre innstillingar som er nyttig å junne kva for nokre tredjeparts-appar som har tilgang til informasjonen din: Kva for nokre spel, testar og anna har du knytta til Facebook-kontoen din. Mange av desse kan poste innlegg på dine vegne, eller (mis)bruke informasjonen din. Godt råd er å berre ha seriøse tredjeparts-appar du stoler på.
  • Kva for nokre sider, appar og tenester har du gitt tilgang til Google-kontoen din? Og kva for nokre appar har du gitt tilgang til Twitterkontoen din (Innstillinger > Apper)?

Oppdag

Kven er du på nett?

  • Har du tenkt over at du har ulike identitetar på nett? I ulike tenester kan du gå fra anonym til eit pseudonym -> ein sjølvvalgt identitet -> ein identitet som er din sosiale identitet eller personligheit -> den som er den offisielle og bekrefta identiteten din. (Les om dei ulike identitetane i denne artikkelen av @identitywoman).
  • Dubestemmer.no er ein norsk nettressurs for å undervise og informere ungdom om nettvett og personvern som er oversatt til mange språk.
  • I nokre tenester er det ikkje lov å være anonym eller bruke pseudonym, til dømes i Google+ og Facebook.
  • LinkedIn er ei populær teneste hvor du kan knytte profesjonelle kontaktar. Den finnes også som app.
  • Facebookapp er tilgjengeleg for både Android og iPhone.
  • Appen Facebook Pages er fin å bruke når du skal skal styre fb-sida frå mobilen. Alt du gjer der er knytt til funksjonane på facebooksiden(e) du har administrator/redaktør-rettar hos.

Utforsk

Kva slags informasjon vert samla inn når du er pålogga?

Ikonet for Facebook Pages
  • Er hjelpesidene til Facebook pages nyttige for deg når du skal administrere biblioteket si facebookside?
  • Mange appar samlar inn informasjon frå brukarar, og det skal komme tydeleg fram av personvernreglane kva som gjeld for tenesta. Ofte ligg dssse personvernreglane på ei nettside som er assosiert med appen.
  • Kva informasjon deler du når du søker og er aktiv på nett? Jo Åse har skrive ein kort, men god, introduksjon til sikkerhet og kommunikasjon på nett.
  • Det fins fleire ressursar som kan hjelpe deg å ta vare på nett-identiteten din: Protecting your privacy er ei liste over nyttige ressursar. Digital Selfdefense er ei nettside (inkludert blogg) med enkle forklaringer på korleis du kan bli utsatt for personverntruslar, som igjen er basert på boka Fake it av Steffan Heuer og Pernille Tranberg.
  • Slettmeg.no er ei norsk teneste som hjelper folk som har blitt utsatt for brudd på personvernet. De har laget rettleiingar for å få sletta uønska informasjon på nettet. Tenesten blir vedlikeholdt av NorSIS som har mykje informasjon på nettsidene sine om informasjonssikring og personvern.

Reflekter

  • Held du dine jobb- og personlige nett-identitetar fullstendig atskilt?
  • Jobbar du bevisst med di personligheit på nett, både personleg og i jobbsamanheng?
  • Om du du fekk spørsmål om å å demonstrere kunnskap og ferdigheiter i bruk av sosiale medier av til dømes ein framtidig arbeidsgjevar, kunne du da då vist til profesjonell bruk og nærvær på nett?
  • Har de knytta biblioteket sine nett-identitetar saman ved hjelp av blogg eller nettside, eller på ein aggregator som About me?
  • Kan lånarar ved biblioteket ditt logge seg inn på biblioteket si nettside eller katalog via nett-identitetane sine? (Til dømes kan ein logge seg inn på LibraryThing med Facebook- eller Twitter-konto når dei vil legge inn anmeldelser i katalogen.)
  • Dersom biblioteket har ein eigen app, går det tydelig fram i personvernerklæringa kva slags personleg informasjon som blir samla inn i appen for å levere gode bibliotektenester?

Delar av innlegget vart opprinneleg publisert påvestfold23mobileting.wordpress.com, men det er rett nok oppdatert, lagt til eigne lenker og døme, og omsett til nynorsk.


For å få godkjent gjennomføringa av denne tingen, held det med å kvittere ut eit offentleg hjarte på innlegget i Medium eller ein hemmeleg like på Facebook. Kommentarar og diskusjon gir plusspoeng :)

Oppfordrar lell alle til å gå gjennom alle personvern-innstillingane appene, og nytte seg av appen Facebook Pages dersom du er administrator på ei fb-side.

Like what you read? Give Herdis Moldøen a round of applause.

From a quick cheer to a standing ovation, clap to show how much you enjoyed this story.