Championship: Tabelltips 2016/17

1: Newcastle: Lenge sidan eit lag har vore større favoritt til å rykke opp fra Championship. Newcastle viste ikkje nedrykkstakter etter at Benitez tok over, men han kom for seint. Har allereie ein sterk stall med seg ned fra PL, og har forsterka seg med spelarar som fint kunne spelt i PL. Dwight Gayle kjem til å bøtte inn mål på dette nivået. Matt Ritchie som utrulig nok kom fra Bournemouth vil herje. Dei to siste signeringane Ciaran Clark og Mohamed Diame kjem til å bli viktige spelarar for Newcastle. Så gjer det ingenting at Winjaldum, Sissoko og andre har reist. Newcastle-fansen vil få det artig i år.

2: Norwich: Enda eit lag som rykka ned frå PL, og enda eit lag som ser veldig solide ut på papiret. Har mykje av den same troppen, og manager Alex Neil har sjølvsagt fortsatt tillit. Han rykte nok opp for raskt for to år sidan men no trur eg han legge eit betre fundament. Alex Pritchard som kom fra Spurs kan bli årets signering. Timm Klose som blei henta i Januarvindauget imponerte stort før han blei skada i innspurten. Med han og Tettey skadefri kunne kanskje Norwich holdt seg. Desse to blir viktige i år også, i ein liga som passa dei bra. Sjå også opp for tvillingane Jacob og Josh Murphy. Kanskje dette er sesongen dei skal ta det store steget for Norwich?

3: Derby: Tre år på rad har dette laget skuffa stort. For to år sidan såg dei utstoppelege ut når vi var halvegs i sesongen før det rakna totalt og dei presterte å gå frå 1.plass til 7.plass. Paul Clement kom inn før førre sesong og signeringane tyda på at dette var året, men igjen feila dei. Clement fikk fyken men laget klarte å rote seg til ein play-off som endte i tap mot Hull i semifinalen. I år I år er det ringreven Nigel Pearson som har tatt over klubben, og han veit korleis man skal rykke opp frå Championship. Troppen er fortsatt botnsolid med Keogh, Pearce, Shackell i dei bakre rekker. Ei midtbane med Jeff Hendrick, Craig Bryson, Bradley Johnson og Jacob Butterfield. I tillegg kan man håpe at den talentfulle Will Hughes endeleg kan få ein sesong utan store skader. Han viste i vår at han fortsatt er ekstremt god, til tross for skadene. Lite nytt i sommar men denne troppen er så god at dei kan ha godt av ein sommar utan dei store endringane.

4: Sheffield Wed: Så nær så nær forrige sesong. Eit fortjent tap i playoff-finalen til tross. Carlos Carvalhal kom inn forrige sesong og bygde eit lag som var solide og artige. Og laget blei berre betre og betre utover i sesongen. I år har dei henta inn Steven Fletcher, samt Watford-spelarane Daniel Pudil og Almen Abdi. Sistnemnte blir fantastisk å sjå i Championship igjen. I tillegg har dei Fernando Forestieri som aleine kan være eit angrep. Gary Hooper vil bøtte inn nokre mål og med eit solid forsvar med med Hunt og Pudil på backane og sjefen Tom Lees vil dei og være vanskeleg å skåre mål på. Midtbane kunne kanskje trengt litt meir tyngde men Ross Wallace og Abdi vil uansett være viktige. Det kan igjen svinge på Hillsborough.

5: Aston Villa: For eit trist skue det var å følgje Aston Villa sin veg ned i Championship i fjor. Håplause managere, håplause eigarar, håplause spelarar. No er Roberto Di Matteo ansatt som ny manager og akkurat det kan være eit spennande val. I tillegg kan nedrykket hjelpe klubben til å starte litt på nytt, med ny eigar, ny manager og nye spelarar. Tommy Elphick blei henta frå Bournemouth, og der får man ein sjef som blør for drakta si, akkurat det Villa treng. Ross McCormack kosta flesk men 30-åringen veit kor målet står, og er flink til å skape målsjansar og. Eg forventa at det vil bli gjort fleire endringar i dette laget i August, så stallen er nok ikkje satt enda. Forsvaret ser ok ut sjølv om man kan spørje seg om motivasjonen til Micah Richard, Alan Hutton og Jores Okore. Kvalitet skal det uansett være på midtbana der Ashley Westwood og Gary Gardner vil være viktige spelarar i ein tøff liga. Vi kan heller ikkje gløyme Jordan Ayew og Adama Traore som kan herje i denne ligaen. På topp blir det artig å sjå Rudy Gestede tilbake i ligaen han storspelte for i Blackburn. Denne fysiske ligaen passa han som hand i hanske, og med ein McCormack luskande rundt kan det bli ein god duo. Store spørsmålsteikn gjer at eg tippar Villa på 5, men det kan fort bli betre eller langt verre.

6: Huddersfield: Så til mitt store sjokk. Huddersfield på playoff? Ja. Det er noko stort pågang i den herlege byen mellom Manchester og Leeds. 15 000 solgte sesongkort, ein knusing av gamal rekord. Ein trenar, David Wagner, som er Championships svar på Klopp. Spelestilen skal være energisk og artig og dei har henta inn spelarar i sommar som skal passe perfekt inn. Midstopparane Michael Hefele og Christopher Schindler ser ut til å være gode signeringar bak. Dei har henta inn Danny Ward, Kasey Palmer og Aaron Mooy på lån, og spesielt sistnemnte vil skape mykje glede denne sesongen. Stappa med solide spelarar bakover med Tommy Smith og nysignering Chris Lowe på backane. På midtbana bør man sjå opp for nemnte Mooy, mens slitaren Hogg vil være viktig. Spent er eg også på Jack Payne som kom frå Southend i sommar. Eg kunne nemnt fleire men vi får heller sjå når sesongen startar. På topp vill Nakhi Wells fortsette å herje, saman med Joe Lolley og Sean Scannell. Dette blir artig, og eg blir ikkje overraska om dette blir tidenes sesong for The Terriers.

7: Brentford: Klubben rota fælt i fjor etter at dei kvitta seg med Mark Warburton, men manager Dean Smith fikk fart på laget utover i sesongen. Brentford har mista gode Jake Bidwell og David Button i sommar mens dei som har komt inn (Daniel Bentley og Callum Elder) kan gjere ein grei jobb med å erstatte dei. Det er uansett ikkje derfor dei blir tippa så høgt. Dei har ein god tropp med ein god spelar i Harlee Dean og Yoann Barbet i forsvaret. På midtbana vil dei sakne deira store spelar Alan Judge i haust, som er ute med beinbrudd. Josh McEachran, Lewis Macleod og Romain Sawyers må derfor slå til på midtbana. På topp vil Scott Hogan være mannen for Brentford og eg blir ikkje overraska om han bikka 15 mål i år. Litt usikker på Brentford, men dei vil saman med mange fleire kunne kjempe om playoff.

8: Brighton: Steike for ein jobb Chris Hughton gjorde med Brighton i fjor. Det som skulle bli ein middels sesong blei ein sesong der dei lenge var heilt i toppen, før dei måtte sjå at direkte opprykk røyk i siste serierunde. Det blei tungt å svelgje og dei tapte ein bitter semifinale mot Sheffield Wednesday. Det har ikkje skjedd mykje i sommar, bortsett frå Glenn Murray som er på plass på topp. Bakover har dei solide David Stockdale i mål, fantastiske Lewis Dunk som midtstoppar og Bruno som høgreback. Dunk blir rykta vekk og om han forsvinne kan det fort bli eit tap det kan bli vanskeleg å erstatte. På midtbana har dei det som kanskje var ligaens beste spelar det siste halvåret. Anthony Knockaert skåra på bestilling og var heilt fantastisk å sjå på. I tillegg er Dale Stephens, Beram Kayal og Steve Sidwell klare til å vinne midtbaneduellen. På topp var Tomer Hemed eit friskt pust i fjor med sine 17 mål. Og i år får han hjelp av Glenn Murray som veit kor målet står i denne divisjonen. Brighton kan fort ta playoff i år også, men ligaen er enda tøffare i år, så dei må være like flinke og heldige som dei var i perioder i fjor. Det spørst om dei kan gå på ei like lang rekke utan tap denne sesongen. Spennande blir det i alle fall.

9: QPR: Jimmy Floyd Hasselbaink er manager etter at han tok over midtvegs i fjor. Og endeleg kan kanskje QPR-fansen sjå eit lag og ein manager som er opptatt av utvikling i stedet for høge lønningar, dyre spelarar og mange tilfeldigheter. For det har prega QPR sidan dei fikk eigarar med mykje pengar, men det ser ut til at mange i klubben har lært og at dei no vil utvikle seg på riktig måte. Det kan bli veldig bra på sikt, men det spørst om ikkje denne sesongen kjem litt for fort på når det gjeld å kjempe heilt i toppen. Klubben har kvitta seg med mange ”stjerner” i Rob Green, Armand Traore, Faurlin, Clint Hill, Matt Phillips og Leroy Fer, men det trur eg berre er bra. Inn har dei henta mykje spennande i form av Joel Lynch, Jake Bidwell og Jordan Cousins. Lynch vil danne eit solid stopparpar med Nedum Onuoha mens Jake Bidwell vil være god på venstrebacken. På midtbana har dei mista mange men dei har fortsatt Chery, Karl Henry og Luongo. Størst forhåpningar har eg uansett til nysigneringa Cousins som truleg vil herje på dette nivået. På topp er Polter hardtarbeidande, mens Conor Washington endeleg kan ta steget etter overgangen frå Peterborough i januar. Jay Emmanuel-Thomas er og artig og vil være ein grei backup som har ein del fine mål i seg. QPR har noko veldig spennande på gang, men kanskje dei treng denne sesongen for å gjere seg klar for opprykk igjen.

10: Wolverhampton: Det blei ein tung sesong for Wolverhampton i fjor. Den herlege angrepstrioen forsvann ein etter ein og ulvene sleit veldig med å finne vegen til nettmaskene. Klubben har i sommar gjort store endringar. Dei har fått nye eigarar, som utrulig nok virka å være veldig fornuftige. Kenny Jackett fikk ikkje være med på det nye laget og har blitt erstatta av Walter Zenga berre timar etter at Jackett hadde fått beskjeden. Det blir spennande å sjå kva han kan få til. Klubben har ikkje mista så mange viktige spelarar men har heller ikkje fått tid til å henta inn så mange enda. Men det kjem nok fleire utover i August. Men Joao Teixeira har kome inn på lån frå Benfica og den spennande vingen kan fort få det artig i denne ligaen. Inn har også den islandske spissen Jon Dadi Bodvarsson kome utan at eg sette alt for store krav til han. På keeperplass og i forsvar er Wolves veldig godt skodd, og med spennande spelarar som Kortney Hause og Dominic Iorfa samt bautaen Danny Batth og Matt Doherty. På midtbane har dei ein kjempespennande spelar i Jordan Graham som viste prov på kva som bur i han i fjor. James Henry, Conor Coady og David Edwards vil bli viktige i dette laget. På topp er det litt tynt sidan det har vore ein del skader der. Man må berre håpe Nouha Dicko kjem tilbake i godt gammalt slag etter skade. Og at det kjem inn enda ein spiss. Ein ok sesongen kan det uansett bli, men truleg ikkje betre enn dette tipset.

11: Birmingham: Birmingham hadde ein veldig overraskande og fin sesong under Gary Rowett og laget kjempa lenge om ein av dei siste plassane som gav play-off. I år trur eg det blir littegrann tøffare for Birmingham utan at det betyr laget er blitt svakare. Dei har hatt ein rolig sommar, men Robert Tesche frå Forest, Ryan Shutton frå Derby og James Vaughan frå Huddersfield kan være fine signeringar. Birmingham har vore solide under Rowett og spelarane bak som skal fortsette å sørge for det er Michael Morrison, nemnte Shutton, og Paul Caddis. Midtbana er deira svakaste lagdel, men Maikel Kieftenbeld imponerte meg i fjor saman med Stephen Gleeson. På vingane er det David Cotterill som må stå for det meste mens Clayton Donaldson skal skåre måla saman med nye James Vaughan. Som sagt, solide bakover, men litt for tynt framover. Det blir nok ikkje betre enn fjoråret.

12: Nottingham Forest: Etter eit par år med store forhåpningar til Forest blei det i fjor satt store spørsmålsteikn til klubben, og det med god grunn. Sesongen blei berre heilt ok, og mange skader fortsatte å prege klubben. Dougie Freedman har blitt erstatta av spennande Phillipe Montanier. Har henta ein del spelarar eg veit lite om i Apostolos Vellios, Thomas Lam og Hildeberto. Det vil bli artig å følgje med på dei. Forsvaret med Matt Mills, Michael Mancienne og Jack Hobbs har fått hjelp av dei to nye Lam og Hildeberto, mens på midtbana er det Henri Landsbury, Chris Cohen (Please hold deg skadefri) og David Vaughan som må gjere grovjobben. Dei har spennande Oliver Burke, Jamie Paterson og Ben Osborn også. På topp har dei fortsatt og heldigvis Britt Assombalonga. Ein av ligaens beste angrepsspelar. Var skada i eit år men kom tilbake i vår og vil bli veldig veldig viktig for Forest. Og så må vi vel minne om at Dexter Blackstock fortsatt er i klubben. Skal vi tippe han klare å lure til seg eit par mål i år og? Uansett ein sesong på det jamne for Nottingham Forest.

13: Leeds: Ja, kva vil skje av rare ting med Leeds dette året? Det skjer jo alltid noko. I år har i det minste sommaren vore litt rolig etter at Gary Monk tok over klubben. Dei har henta inn Rob Green til å stenge buret, Marcus Antonsson til å skåre måla saman med Kemar Roofe (som var heilt nydeleg for Oxford sist sesong) I tillegg kan Kyle Bartley gjere ein grei jobb på lån frå Swansea. Tapet av Lewis Cook til Bournemouth vil nok svi mest for Leeds, samt artige Mirco Antenucci. Men laget til Leeds ser ikkje så aller verst ut. Bak er Sol Bamba ein krigar, og vi får berre håpe at Leeds får beholde gode Charlie Taylor på backplass. I år har dei mista Cook på midtbana, så Alex Mowatt må igjen vise kva som bur i han. Det same må Luke Murphy gjere, og kanskje dei finn litt energi i engeribunten Toumani Diagouraga. På vingane vil vi nok finne Kemar Roofe som fort kan herje. I tillegg er Stuart Dallas og Doukara spelarar som skal ta tak i dette laget. På topp er det i tillegg til den nye svensken, fortsatt Chris Woods som skal skåre måla. Leeds har eit lag som kan komme litt høgare på tabellen om alt klaffar, men når opplevde man sist at ting klaffa for Leeds? Med ein gal italiensk eigar på topp så blir det vanskeleg å gjere det noko særleg betre.

14: Reading: Jipp Japp Stam is a big dutch man, men kan han gjere Reading så mykje betre mon tru? Har mista nokre gode og viktige spelarar i Aaron Tshibola, Oliver Norwood og EM-helten Hal Robson-Kanu. Inn har John Swift frå Chelsea komen, og han vil være ein god signering. Roy Beerens frå Hertha Berlin har eg høyrt mykje bra om, men elles er eg usikker. Reading ser svake ut i forsvar og i angrep, men man kan håpe at Joseph Mendes og Yann Kermorgant vil skåre nok mål. Midtbana derimot er veldig solid med Danny Williams og Stephen Quinn, mens på vingane har man Garath McCleary og Beerens. Dei treng eit par spelarar til om dette skal bli særleg betre enn 14.plass.

15: Bristol City: Etter opprykket i fjor så det lenge ut som dette laget hadde problem med å ta nivået. Men dette laget tok steg for steg og etter jul såg dei veldig bra ut. Managerbytte med Lee Johnson. Då såg dei seg aldri tilbake. I år har dei henta smart og sikra seg Lee Tomlin etter hans gode lån i fjor. Gary O`Neil vil gi dei god rutine mens Magnusson frå Juventus kan bli artig å følgje. Laget skal spele feiande artig angrepsfotball men må bli betre bakover denne sesongen. Det skal Aden Flint gjere noko med, i tillegg til å skåre haugevis med mål på dødball. Med seg får han Magnusson mens Joe Bryant vil være viktig på back. På midtbana er det mange artige spelarar, deriblant Luke Freeman, Tomlin og Korey Smith. Jonathan Kodjia var herleg å sjå på i fjor og vil i år også være deira største angrepsvåpen. Han får god støtte av evigunge Aaron Wilbraham og Kieran Agard. Ein del av meg har tru på at dette laget kan sjarmere i år også, og ein 15.plass skal være mogleg om dei får ein betre start enn i fjor.

16: Fulham: Det beste Fulham gjorde forrige sesong var å hente inn Slavisa Jokanovic for viss ikkje kunne Fulham ha rykka ned med dei to beste spissane i ligaen. Dei holdt seg, men no har dei mista sine to spissar i Ross McCormack og Moussa Dembele. Det blir veldig vanskeleg å erstatte desse to. I tillegg har dei mista Dann Burn og Ben Pringle og Emerson Hyndman. Inn har dei fått gode David Button og Tomas Kalas, mens Denis Odoi vil være spennande å sjå. Sone Aluko frå Hull ser eg gjerne komme opp på eit høgt nivå igjen, då er han veldig artig. Fulham ser veldig solide ut bakover på bana med Tim Ream og Scott Malone. På vingane har dei fått litt nytt blod i Aluko og Floyd Ayite, men det er særleg sentrale midtbana som imponera meg. Ryan Tunnicliffe, Scott Parker og den beste, Tom Cairney er meget gode. Det er på topp det ser syltynt ut no. Matt Smith har tidvis levert her og i Bristol City, men han treng hjelp, og då blir det tynt med kun Cauley Woodrow som makker. Der MÅ det komme inn noko. Fulham har potensial til å komme enda høgare, men då må det klaffe med dei nye vingspelarane og den nye spissen, som må komme. Elles blir det ein ny småtung sesong.

17: Ipswich: Ipswich har overraska mange dei siste to sesongane. Særleg for to år sidan då dei nådde play-off. I fjor såg vi kanskje tendens til at bygget til Mick McCarthy kanskje er i ferd med å rakne litt? Lite har skjedd på overgangsfronten i sommar, men nysigneringa Adam Webster frå Portsmouth ser bra ut. Elles er det mykje av det same. Ipswich har eit heilt rått forsvar kva gjeld kraft. Christophe Berra og Tommy Smith er så solide som man får det. Ipswich er vanskelege å bryte gjennom og det blir dei nok i år og. Ipswich har ein del spennande spelarar som fort kan bli viktige i år i form av Teddy Bishop og Andre Dozzel, mens Luke Hyam er forventa å ta nye steg i år. I angrepsrekka finne vi hurtige Freddy Sears, målkåte Daryl Murphy mens Brett Pitman og David McGoldrick er i bakhand. Eg er spent på om Sears og Murphy får de til å klaffe i år, for det er Ipswich avhengige av. Eg trur dette laget hadde hatt godt av eit managerbytte, for det er mykje artig og spennande som kjem opp men med spelestilen til McCarthy er eg usikker på om dei får ut sitt potensial. Eg trur årets sesong blir svært skuffande.

18: Cardiff: Russel Slade fikk det tunge ansvaret med å holde styr på denne klubben førre sesong. Til tross for ein svekka stall så klarte dei å kjempe om play-off lenge. Men Slade fikk sjølvsagt sparken av den rare Ken Choo og inn har dei henta Paul Trollope. Det kan UMULIG gå bra. Han har ingenting på CVn som skulle sei at han er klar for ein slik jobb. Eg får flashback til da Leeds ansatte Dave Hockaday. Han skulle være Cellino sin ”nikkedukke” i Leeds, og eg føler Trollope har fått same jobben i Cardiff. Av overgangar er det vel eigentlig kun Lex Immers som har gjort låneavtalen permanent som er imponerande. Ut har det gått litt av kvart utan at dei ser veldig svekka ut. Cardiff har fortsatt ein god tropp med David Marshall som ein fortsatt meget god keeper. Og eit forsvar med Matt Connolly, Lee Peltier og nye Jazz Richards. På midtbana held fortsatt Peter Whittingham koken og saman med den islandske helten Aron Gunnarsson ser dei bra ut på midtbana. Craig Noone er ein grei kantspelar og saman med Anthony Pilkington kan dei fortsatt skape trøbbel på gode dagar. På topp synst eg det er mange usikre kort og bortsett frå nemnte Immers, mens eg har lest at Gounongbe fort kan bli artig å sjå på. Men dette Cardiff-laget ser litt tungt ut, og eg frykta at mange av spelarane ikkje er svoltne nok. Og med ein manager som umulig kan vere den sjefen dei treng så kan dette bli ein tung sesong for Cardiff. Skal vi tippe at det er Trollope som får sparken først?

19: Preston: Eg hadde forventningar til Preston i fjor, og dei leverte langt over mine forventningar. Solide, fryktlause og vanskelege å knekke. Det var ikkje kjedeleg å sjå på heller. Simon Grayson har gjort ein strålande jobb med opprykk, og deira første sesong tilbake i Championship. Preston har kvitta seg med litt daukjøtt og henta inn Anders Lindegaard permanent etter eit godt låneopphald i vår. Han blir viktig. I tillegg har Ben Pringle frå Fulham tatt turen inn portane på Deepdale, og eg håpa verkeleg han får vist gode gamle takter igjen. Angrepet deira har gode namn men med spelarar man ikkje heilt kan stole på her. Joe Garner kom litt utover sesongen i fjor men må gjere ein betre jobb i år. Jermaine Beckford var mykje plaga med skader i fjor, men endeleg ser han frisk og skadefri ut. Det kan bli artig om han får det til å stemme. Stevie May blei det prata mykje om når han kom til Sheffield Wed for nokre år sidan (Kremt: ChampionshipNorge) men har enda til gode å imponere meg. På midtbana er Pringle ein viktig signering då det var litt tynt på kantane, men Paul Gallagher er fortsatt her og er ein herleg fotballspelar med ein god fot. Daniel Johnson imponerte stort når han kom førre sesong og han blir viktig i år også. Forsvaret er også greitt og særleg Paul Huntington er god. Dette laget er godt nok til å halde seg, men kanskje eg fryktar den berømte andresesongen sidan eg tippa dei så langt nede. Dei kjem uansett til å kjempe hardt, så vil mykje avhenge av om Grayson får i gang det offensive i dette laget.

20: Blackburn: Det er noko trist over dette tipset. Blackburn så langt nede liksom? Men når Owen Coyle blei ny manager i sommar frykta eg det verste. Blackburn har henta tilbake Stephen Hendrie, Jack Byrne og Danny Graham på nye lån, mens Liam Feeney og Anthony Stokes har tatt turen til klubben. Gordon Greer har blitt henta inn frå Brighton i håp om å erstatte Grant Hanley som har tatt turen til Newcastle. Tommy Spurr har også reist. Shane Duffy blir veldig viktig i forsvaret til Blackburn men elles er eg usikker på om det er bra nok dekning der bak. På midtbana har man glimrande Ben Marshall og Craig Conway, men også der synst eg det ser litt tynt og grått ut i dei sentrale rekkene. Jack Byrne kan kanskje gjere noko med det. Danny Graham og Anthony Stokes er per dags dato dei to spissane til Rovers. Det er alt for tynt og det må komme inn ein spiss til. Alt i alt ser dette Rovers-laget litt kjedeleg ut og eg er usikker på om det blir noko særleg artig på Ewood Park med Owen Coyle i førarsetet. Eg håpar eg tar feil, men dei skal være glade om dei overlever denne sesongen.

21: Barnsley: For ein rar sesong dei hadde i fjor. Ved juletider låg dette laget an til nedrykk til League Two. Men så skjedde det noko fantastisk i perioden frå nyttår til februar når dei berre vant og vant. Lee Johnson sin snuoperasjon vart så populær at han blei henta til Bristol City. Men oppturen fortsette med Paul Heckingbottom som blei forfremma til manager. Det blei til slutt playoff der dei storspelte heile vegen og kunne juble for opprykk med 3–1 over Millwall i finalen. Dei har eit lite budsjett og liten stall så det er venta å kjempe heilt i botnen denne sesongen. Spelarstallen tilseie dette og. Overgangsvindauget har stort sett dreia seg om å hente spelarar frå divisjonane under. Den største av dei er Tom Bradshaw frå Walsall. Han er det mange som burde henta, og han vil være veldig viktig for Barnsley denne sesongen. I tillegg til han har dei henta Ryan Kent fra Liverpool, ein spelar som kan være veldig viktig i det oppbyggande spelet til Barnsley. George Moncour fra Colchester blir også spennande å sjå på dette nivået. Ein fin midtbanespelar. Alfie Mawson blir den viktigste spelaren i eit forsvar som kanskje skal få det litt tøft i denne ligaen. Midtbana ser bra ut med Moncour og Kent inn. I tillegg er ringreven Adam Hammill der og spennande Conor Houribane. På topp er Sam Winnall klar for å bøtte inn mål i denne divisjonen og. No får han og hjelp fra Bradshaw og Elliot Lee fra West Ham. Det er tynt, men om dei fortsette på oppturen som har fulgt dei det siste halvåret så kan det gi dei ein pangstart. Det kan kanskje være nok til at dei akkurat held seg. Men tøft blir det.

22: Wigan: Will Grigg var on fire i forrige sesong, og det blir artig å sjå om han er det også i Championship. Det blei til slutt eit greit opprykk for Wigan, etter ein imponerande vårsesong. Gary Caldwell har gjort ein god jobb med dette laget og det var moro å sjå utviklinga utover opprykkssesongen. I år blir det langt tøffare, men dei har allereie gjort grep. Stephen Warnock frå Derby er ein god spelar på dette nivået. Dan Burn frå Fulham likeså. Dei vil saman med Craig Morgan og ein anna nysignering, Jake Buxton danne eit godt forsvar. Kanskje litt mangel på fart men absolutt godkjent. På midtbana er Nick Powell tilbake i klubben. Han imponerte stort på utlån for nokre sesongar sidan og no er han henta til klubben igjen. Saman med David Perkins som storspelte i fjor og Max Power kan det bli ei artig midtbane å følgje. På vingane må eg trekke fram Yanic Wildschut og Michael Jacobs. Og på topp, Will Grigg. Alle veit kven han er, men få har sett han. 25 mål i fjor var uansett veldig imponerande og det blir spennande å sjå han han i denne ligaen. Wigan ser strengt tatt ikkje så forferdelege ut, og kan fort gjere mitt tips til skamme. Eg er berre så usikker på om alle som må slå til slår til. Desse har som mange andre av laga i botnen ein tynn tropp, og med 46 kampar så kan det fort bli tungt om dei får eit par viktige spelarar på skadelista. Wigan kan ende på alt frå 15.plass til 23.plass, så ikkje bli overraska om eg bomma heilt her.

23: Burton: Soleklar nedrykkskandidat, men pytt. Dette laget skal uansett ha det artig. Dei minner meg om Yeovil som kom overraskande opp for nokre år sidan. Dei sjarmerte, gjorde det bra, men det holdt ikkje. Eg forventa det same med Burton. Dei vil nyte dette, men rykke dei ned så er ikkje det verdas undergang. Burton har raskt tatt steget frå League Two til Championship, takka være to tidligare managere som no er i andre klubbar i denne ligaen. Gary Rowett og Jimmy Floyd Hasselbaink. Når sistnemnte gikk til QPR i vinter tok Nigel Clough over eit lag som allereie låg i toppen av League One, og han klarte å guide laget opp til Championship på godt vis. Kyle McFadzean har blitt henta inn frå MK for å gjere forsvaret robust for dette livet og det er ei bra signering. Det same kan man sei om Ben Turner som nok vil danne stopparpar med McFadzean. På midtbana har dei henta inn Lloyd Dyer som kan vise seg å være ein smart og erfaren spelar på dette nivået. Lee Williamson frå Blackburn vil også gi dei litt erfaring, men om han er god nok er eit anna spørsmål. Jackson Irvine frå Ross County skal visst gi dei tryggleik på midtbana. På topp har dei henta kråka Chris O`Grady som kan skape litt sprell på topp. Man får i alle fall aldri fred. Eg gleda meg veldig til å sjå Lucas Akins på dette nivået. Han kan skape litt trøbbel frå vingplass. Burton har utan tvil den svakaste troppen i denne ligaen. Dei er eigentleg ikkje gode nok. Men dei jobba steinhardt for kvarandre og dei vil føle at kvar einaste kamp er VM-finale. Det vil også fansen som kjem til å støtte dei uansett. Man skal ikkje undervurdere det, men mange lag vil kanskje undervurdere dei? Burton kjem aldri i livet til å holde seg oppe, men dei kjem til å gå ned med stil. Vær du sikker.

24: Rotherham: Neil Warnock redda Rotherham frå sikkert nedrykk når han kom til klubben i vinter. Men ein fantastisk sluttspurt redda klubben med god margin. Warnock gav seg med det og inn er Alan Stubbs komt inn. Han får ein tøff jobb med å halde dette laget oppe. Mange spelarar har forlatt klubben i sommar og nokre av dei vil bli sakna. Inn har dei henta ein spennande høgrekant frå Peterborough i Jon Taylor. Stoppar Kelvin Wilson frå Forest og Anthony Forde frå Walsall. I tillegg er Jake Forster-Caskey tilbake på lån frå Brighton. Eg synst forsvaret ser trått ut til tross for gode Joe Mattock og Stephen Kelly på backane. Wilson vil nok bli stoppar saman med Kirk Broadfoot eller Tom Thorpe. Greg Halford trur eg vil bli brukt på midtbana for Rotherham. Og der vil han få selskap av Richard Smallwood og Lee Frecklington. Forde på vingen blir spennande å følgje. På topp er det veldig lite å ta av no og Danny Ward og Jonson Clarke-Harris blir syltynt. Det må komme inn noko, elles blir det veldig lite mål her. Rotherham ser uansett svake ut, og eg ser ikkje kva som skal redde dei denne gangen. Ja, kanskje dei har fått ein ny og spennande manager, men han må gjere noko med dette laget om det skal holde. Det er mykje som tyde på at League One blir status når vi telle opp i Mai.

Show your support

Clapping shows how much you appreciated Kjetil Myklebust’s story.