Gode nordfjordingar!

(Publisert i avisene i Nordfjord veke 44, 2017)

Tida er inne! Tida er inne for å samle kreftene for å møte framtida med ei offensiv haldning og vilje til å takle utfordringane, men også gripe sjansane. Aldri har eg sett så mange gode prosjekt bli realisert. Aldri har eg møtt fleire dyktige næringslivleiarar med vilje og kunnskap til å lykkast. Aldri har vi hatt så mange fortrinn i høve miljø-utfordringa og det grøne skiftet.

Fote: Arvid Andenæs

Lønnsame arbeidsplassar
 Endå ein gong dristar eg meg til å setje fokus på samarbeid, kunnskapsdeling og nytenking i Nordfjord. Ein gong nordfjording — alltid nordfjording! Fokuset mitt vil nok ein gong vere næringsutvikling. Skal vi vidareutvikle regionane våre er nye og lønnsame arbeidsplassar i privat sektor sjølve grunnlaget for vekst og velstand. Det må vi aldri gløyme sjølv om eg sjølvsagt er samd i at alle dei offentlege arbeidsplassane burde vere fordelt meir rettferdig.

La historia ligge!
 
Mange kjenner meg som ein forkjempar for eit samla Nordfjord. Helst i ein kommune. Eg forstår framleis ikkje kvifor ein ikkje var villig til å kjempe meir for det. Men det er ikkje alt eg forstår og dette er no historie. Som Ove Kjøllesdal sa det for litt sidan; -næringslivet bryr seg ikkje så mykje om kommunegrenser. Eg er ikkje ute etter omkampar. Det er bortkasta energi. La oss sjå framover!

Nordfjord — eit kraftsenter! 
 
Eg prøver å bruke eit kvart høve til å fortelje om kva som skjer i fylket og i Nordfjord når eg ferdast ute eller møter tilreisande. Alle blir imponert og overraska over kva vi får til. Kva vi klarer og kva vi vågar! Imponert over dei velstelte gardane. Overraska over at det er vi som produserer all osten som blir servert på frukostborda i heile landet. Imponert over verdas grønaste datalagringssenter midt i Nordfjord. Som hentar kapital og kundar frå Tyskland, men som likevel blir styrt og utvikla av eldsjeler frå Måløy. Imponert og overraska over at det i vesle Loen med 628 innbyggarar er investert i snitt 180 millionar dei siste ti åra i næringsutvikling. At vesle Gloppen Hotell og sykkelstiane i området er ein vinnar på You Tube overraskar til og med meg sjølv. Eg kunne ha lista opp automasjonsmiljøet på Eid, Nordvestvinduet, Sogn og Fjordane Energi, Bolstad Glass, Brødrene Aa, BaNo, Norva24, Innvik Sellgren, Skogstad, og Ricco Vero. Eg kunne nemnt Grf Riflestocks, Melin Medical, Video Nord eller Ervik Havfiske og alle blir like overraska over at vi har slike verksemder, slike produkt og slike arbeidsplassar.

Tilpassa framtida!
 
Det som gjer meg så optimistisk er kombinasjonen av Nordfjord sine naturlege føretrinn, kva næringslivet er gode på og kva framtidas kundar vil etterspørje. Sogn og Fjordane Energi har åleine 26 kraftstasjonar, dei fleste i Nordfjord. Tilgangen på verdas reinaste fornybare energi er stor. Vi har naturressursar og klimatiske forhold til å levere rein mat både frå havet og jorda som få andre. Vi har natur og opplevingar i verdsklasse som store delar av verdas befolkning berre kan drøyme om å besøke. Og til slutt. Ny teknologi gjer det mogeleg å vere ei nisjeverksemd i Hyen, Grodås eller Deknepollen med verda som marknad.

Alt i ein fjord!
 
Dette er slagordet som reiselivet i Nordfjord samlar seg rundt. Kan heile næringslivet og lokalpolitikarar gjere det same? Nordfjord Vekst er historie. Nordfjordrådet fungerer vel berre slik høveleg. Kunne ein uavhengig av kommunegrenser og tidlegare stridar funne ei samarbeidsform som fungerer og som tek tak i saker som betyr noko på ein konstruktiv og offensiv måte? Som forpliktar og som prioriterer til felles beste? Samferdsel og kommunikasjonar er eit svært viktig område for vidare vekst i næringslivet. Kva om vi no stod saman om Nordfjord Flyplass (ja, kanskje er det rette namnet), om tunell gjennom Utvikfjellet, fullføring av Olden — Innvik, ny tunell over Strynefjellet og opprusting av Byrkjelo — Sandane. Skule og utdanning er eit anna viktig område. Kva om vi no bestemte oss for ei felles organisering av det vidaregåande skuletilbodet i Nordfjord? Kva om vi no bestemte oss for å utvikle Måløy, Nordfjordeid, Sandane og Stryn i eit samarbeid som gagnar alle? Det betyr å prioritere, men også dele.

Nordfjord som merkevare!
 
Er det mogeleg? Ja! I reiselivssamanheng er vi i ferd med å bli det. I mai opna Lefdal Mine og Loen Skylift med ti dagars mellomrom. Om lag samtidig blei «Vision of the Fjords» sett i rute på Nærøyfjorden. Til saman er det investert ein halv milliard og lagt inn om lag 200 millionar i lokal eigenkapital i disse tre prosjekta. Alle er initiert av lokale høvdingar. Alle tre har internasjonalt potensiale og har fått merksemd nasjonalt og internasjonalt. Alt i ein fjord med 30.000 innbyggjarar! Om vi overfører dette til Bergen med sine 300.000 innbuarar, så burde dei til samanlikning hatt 30 slike prosjekt.

Så tida er inne til å legge bort husmannsånda, jantelova og bygdedyret. Tida er inne til å ikkje la seg skræma av alt som er stort og langt borte. Tida er inne til å stå saman, samarbeide, dele kunnskap og tenkje nytt. Tida er inne til å byggje Nordfjord som merkevare!