JENSK

S E S O N G 1


160 sider med nye teikneseriar av Jens K Styve
Utgjeve på Jippi Forlag, hausten 2015

ETTER FEMTEN ÅR BORTE frå teikneseriar så er han meir produktiv enn nokon gong. Når Jens K Styve gjer noko så er det oftast ikkje berre litt.

I JensK Sesong 1 er det magekjensle, intuisjon og inspirasjon som styrer skuta, det vekslar frå einsidige vitsar, slapstick og poesi til mytiske karakterer, historiske rammer, biljakt og drap. Alt samla mellom desse permane, inkludert skisser og betraktingar frå kunstnaren sjølv. Laga ut frå teorien om at det som er gøy å laga kan bli gøy å lesa. Som han sjølv seier:

”Dersom det er berre halvparten så gjevande å lesa desse sidene som det har vore å laga dei, så skal eg prisa meg lukkeleg”.

Kroppslege funksjonar og generell hypokondri
Om smarttelefonar og om livet med/utan dei
Frå 24-timersserien Camera Obscura
Cabin Fever, ein serie om havet, døden og kjærleiken. Malt i tusj og sterk kaffi.
Nytt liv til gamle familieskrøner.

DET SISTE EG GJORDE før eg slutta å tenkja på teikneseriar (ein gong i 2001) var å skissera ein serie på fem sider om ein biltur gjennom Sverige. Eg la skissene bort, dei havna i ei kasse på loftet. Det var likevel noko der som eg ikkje heilt klarte å gløyme. Nokre tidshopp, nokre historiske scener, ikkje minst ei stor glede ved å teikna noko eg ikkje hadde gjort før, noko eg ikkje heilt kunne.

Tidleg i 2014 hadde eg skriveperm utan ein einaste plan. Eg hadde året før gjeve ut min andre roman, Friedland, og var ikkje klar for noko nytt romanprosjekt med det første. Planen var å sitja ned den første februar, stira i veggen og sjå kva som skjedde. Det om skjedde var: teikneseriar.

“Dersom eg ein dag skulle laga teikneseriar att”, kunne eg seia, ”så ville eg ha gjort det på ein annan måte”. Utan at eg visste kva eg prata om. Eg visste at dersom eg skulle laga seriar att så burde eg starta med den bilturen gjennom Sverige. Kanskje det var noko der.

Eg er framleis ikkje sikker, men eg trur eg er på sporet av noko. Vel eit år etter at eg byrja teikna i ruter att, her er det eg har produsert i mi nye tidsrekning, JensK Sesong 1. Alt er laga av rein skapartrong, teikneglede, forteljarglede. Ingen oppdragsgjevar eller redaktør, dette er det eg ville ha laga dersom eg fekk laga nøyaktig det eg føler for. Dersom det er skulle vera berre halvparten så gjevande å lesa desse sidene som det har vore å laga dei, så skal eg prisa meg lukkeleg.


ÅTGAUM

Omtaler, anmeldingar, denslags.


(…) after buying Cabin Fever online on a whim, I have to admit wholeheartedly that not only is this dialogue free comic more than worth picking up, it’s one of the best things I have read all year!
Patrick Scattergood, Curiosity of a Social Misfit

I found Jens on Twitter a while back via his diary comics and immediately fell in love with his art style — in which I see a little Ralph Steadman and a little Quentin Blake. His simplistic character designs are deceptive and brimming over with life and vitality in a way that is surprising and deeply human.
Robin William Scott, The Mini Comic Courier

Cabin Fever is gorgeous. Really beautiful. Jens has a really organic line, he’s one of those who blends cartoony with DARK really well. It looks fun, but has a foreboding of … Doom.
Optic Blast, Podcast

Cabin Fever startet med Nick Cave-låten med samme navn. Den er en vakker og gjennomarbeidet liten sak, og på samme måte som Home fortelles den uten ord. En hardbarket sjøulk får dagene alene på båten til å gå med whisky og kabal, helt til han på samme dag blir besøkt av både en havfrue og av døden. Tegningene her er det beste Styve har gjort, en vakker og uttrykksfull blanding av tusj og kaffeflekker og med flott bruk av rutene.
Walter Wehus, Bergens Tidende

In Camera Obscura, Jens marks himself as an accomplished storyteller, not least because of the limitations of the 24-hour challenge and the fact he has created something so perfectly well formed within that time, but for the deft way he handles the humour of the book, something not easy to pull off, but served up so naturally here.
Robin William Scott, The Mini Comic Courier

KJØP BOKA PÅ

www.jippicomics.com


JENS K STYVE (f. 72) er serieteiknar, illustratør og forfattar. Han har gjeve ut romanane Friedland (Samlaget, 2013) og Eg, Ove Kvamme (Cappelen Damm, 2007). Av teikneseriar har han mellom anna gjeve ut boka Du er ein luring, Finn Bjølseth (Jippi, 2000).

Han er fødd og oppvaksen på Hjelmås i Nordhordland, kjenner seg heime både i Bergen og i Oslo. Mest heime er han likevel i Tromsø der han livnærer seg som grafisk formgjevar i Tank Design.

Foto: Kristian O. Gundersen

www.jensk.no
www.jenskstyve.no
www.jippicomics.com

E-post: jstyve [at] gmail.com
Tlf: 97146759