Avskaff tv-lisensen
Tv-lisensen er ei utdatert ordning
Her er eit lite gjensyn med eit lesarbrev underteikna hadde på trykk i Haugesunds Avis for nokre år sidan:
Me har ein del merkelege skattar og avgifter her i landet, og ei av desse er TV-lisensen. Alle som eig ein fjernsynsmottakar, vert kravd for over to tusen kroner i året, og det vert sett på som irrelevant om du er interessert i det statskanalane har å tilby: I beste sosialistiske ånd må alle vere med på spleiselaget, og den som nektar, vert av NRK sitt propagandaapparat stempla som ”snyltar”, og må rekne med å betale heftige summar for sitt ”opprør” mot makta.
Det ville vore mykje betre og meir rettferdig om den enkelte sjølv fekk velja om han eller ho vil nytte tilbodet åt NRK 1, 2, 3 osb., og den frie marknad kunne avgjere om kanalen har livsens rett. Dagens finansieringsmodell er uakseptabel, og kan best samanliknast med at ein forretningsmann skulle starte opp eit firma og byrja med ran og utpressing for å samle inn pengar til drifta: Normalt sett ville ei slik framferd ført til fengsel for den ansvarlege, men makta rår, og når ein har kompisar på Stortinget kan ein sleppe unna med litt av kvart.
Når alt kjem til alt, er NRK ei ordning som er i utakt med tida me lever i. Dette ser ein tydeleg på stortingsmannen frå Arbeidarpartiet som for ikkje så lenge sidan føreslo å utvide lisensordninga til også å gjelde mobiltelefonar og PC-ar av di desse fører til konkurranse for ein aktør som ikkje har endra seg vesentleg sidan ”Kvitt eller Dobbelt” var det næraste du kom interaktiv underhaldning og fjernsynet var familiens naturlege samlingspunkt på laurdagskvelden.
Tidene forandrar seg, og dette må politikarane forholde seg til. Mi oppmoding i denne samanheng vil vere at dei sluttar å tyne folk for sine ærleg opptente pengar og stoppar tilførselen av kunstig næring til dinosauren som Norsk Rikskringkasting i dag representerer.
Email me when Lars Edvart Larsen publishes or recommends stories