Opne, offentlege data til hackathon

Livar Bergheim
3 min readNov 3, 2017

--

Tips om datakjelder, til hackathon i Bergen Media City i regi av Fagutvalget InfoMedia 3.–5. november 2017.

Oppdatert 7/11 for «Future Week: Hackathon» i Bergen Media City 7.–8. november.

Offentleg sektor i Norge sit på ei gullgruve av data. Mykje data er delt og tilgjengeleg allereie. For å realisere verdien av datasetta, må dei bli brukt. Eit hackathon er ein glimrande stad til å utforske opne data.

Eg studerte informatikk ved UiB/HVL og vart ferdig med mastergraden i programvareutvikling våren 2015. No jobbar eg med opne data i Difi i Leikanger i Sogn og Fjordane, og her er nokre tips til hackathonet.

Datakatalogar

Kvar finn du tak i datasett?

Framsida på data.norge.no

data.norge.no : nasjonal katalog over opne, offentlege data. Du kan søke etter datasett, slå opp etter organisasjon eller tema. Difi har ansvaret for denne, og eg jobbar med nettstaden.

Sjå også Geonorge.no for geodata.

Felles datakatalog vart lansert for berre eit par dagar sidan. Denne katalogen tar sikte på å beskrive alle datasett i offentleg sektor. I praksis startar ein med dei store fellesregistera som er av interesse for flest mogeleg. I katalogen finn du beskrivelsar av data som ikkje kan delast som opne data. Til dømes persondata, taushetsbelagte data etc. Dette er data som ein i framtida kan få tilgang til via API der ein må autentisere seg for å få tilgang.

Elles er det eit og anna datasett som ikkje er lagt inn i ein datakatalog, men som du finn på nettstaden til den etaten eller kommunen som har datasetta.

Nyleg publiserte data

Hack4no vart arrangert for berre ei veke sidan. Sjekk «Data»-sida for oversikt over dei 14 etatane som var på arrangementet, og kva data dei har lagt ut: http://hack4.no/konkurransen/data

Vil du lett sjå oversikt over alle dei om lag 500 data-beskrivelsane på data.norge.no, bruk denne vesle web-appen som lett lar deg sortere på utgjevar, og dato for publisert eller sist endra:
http://breim.net/livar/datanorgeList/

Klikk på kolonnene i overskriftsrada for å sortere tabellen.

Nokre nye datasett

Norges Bank sitt API — ny i 2017. Rentesatsar og valutakursar.

Lyndata frå Meteorologisk institutt.

NAV har nyleg kome på bana med opne data, og har gjort mykje tilgjengeleg.

Entur er nettopp lansert. Dei har kollektivtrafikkdata, både rutetabellar og sanntidsdata for heile Norge. http://www.entur.org/ Sjå sak om dei i Dagens Næringsliv i dag (3/11).

Data frå Bergen

UiB — https://data.uib.no/

Bergen kommune på data.norge.no

Om Bergen kommune ikkje har lagt ut eit datasett du ønskjer å bruke, sjå kva Stavanger kommune har på sin portal: https://opencom.no/

andre aktuelle data?

Kva har andre laga med opne data?

Lurer du på kva andre har laga med opne data allereie? Det finst fleire oversikter over dette. På data.norge.no er det ein katalog over «Applikasjoner og tjenester» som nyttar opne data:
https://data.norge.no/app

På data.norge.no kan du òg logge på og registrere din app/teneste/hackathon-prosjekt eller anna bruk av opne data!

Frå Hack4no i år og i fjor er det galleri over dei til saman rundt 50 prosjekta:
https://hack4no2017.devpost.com/submissions
https://hack4no2016.devpost.com/submissions

Saknar du eit datasett?

Tips gjerne Difi på opnedata@difi.no. Dette er nyttig for oss å høyre om i vidare arbeid med opne data.

Forum for opne data

Facebook-grupper:
- Open Data Bergen
- Nordic Open Data Ecosystem for deg som

Meetup.com:
- Open Data Bergen
- Oslo Open Data Forum

Gruppe for Norge på discuss.okfn.org (Open Knowledge International)

Spørsmål?

Lurer du på noko om opne data, lisensar, datasett, API-er, hotell.difi.no eller andre opne-data-ting? Ta kontakt!

Eg er tilgjengeleg på mobil i løpet av hackathonet. Ring meg på 934 02 982. Dersom eg ikkje tar telefonen, send SMS, så tar eg kontakt så snart eg kan.

Er elles å nå på @livarb på Twitter.

Lykke til på hackathonet!

--

--