KVA ELON MUSK VIL BETY FOR MITT LIV

Ein av mine absolutte favoritt-ingeniørar, Elon Musk, har starta eit prosjekt som skremmer livet av meg.

Saman med veslebror sin, Kimbal Musk (dei har kreative namn, Muskane) og eit par andre smarte folk som vi no hoppar over for å lage ei kul heltehistorie, utvikla han eit nettbetalingssystem som seinare skulle verte PayPal. Då eBay kjøpte PayPal for 1,5 milliardar dollar, vart Musk-brørne rike. Kimbal Musk konkluderte med at det han likte best, var å lage mat. Så han starta restaurant. Elon, som hadde den største andelen av PayPal (11,7%) bestemte seg for å satse på tre felt der han ikkje syntest verda levde opp til forventingane hans enno: Solenergi, elbilar og romfart.

Elbilselskapet hans, Tesla, har det gått relativt bra med, trass i det absurd vanskelege utgangspunktet — det er sjeldan at eit nytt bilselskap startar på amerikansk jord og vert ein suksess. Mykje av grunnen må ha vore at folk i USA vil ha elbilar, men dei store selskapa har hatt så tunge investeringar i gammal teknologi at dei har for mykje å tape på å erstatte heile infrastrukturen rundt bensinstasjonar med ein ny infrastruktur rundt ladestasjonar. Musk slapp problemstillinga med å konkurrere med seg sjølv.

Men 12. juni 2014 gjorde Tesla eit endå meir sjokkerande grep. I ei pressemelding med overskrifta “All our patent are belong to you” gjorde Tesla alle elbil-patentane sine tilgjengelege for andre. I USA, der det å saksøke andre for brot på reelle og innbilte patentrettigheter normalt ville vore ein stor del av eit så idérikt firma sine inntekter, er dette revolusjonerande. Tesla hadde alltid vore ein meir defensiv enn offensiv patent-eigar, men no gjorde dei det krystallklart at dei ville at andre skulle bruke oppfinningane deira.

For di fleire som lagar elbilar, di raskare kjem infrastrukturen og ladestasjonane på plass verda over. Musk sin draum er at kvar ladestasjon skal ha sitt eige solpanel, slik at dei er autonome. Han har uttalt at det optimale er eit system så sikra mot sivilisasjonens kollaps at ein skal kunne køyre rundt i ein nylada el-bil “even if there’s a zombie apocalypse”.

Kritikarar har påpeikt at produksjonen av eit elbilbatteri er så energikrevande at det å køyre rundt i ein Tesla i EU (gitt EU sin ganske CO2-tunge kraftproduksjon) tilsvarer ein BMW. Men dette tek ikkje omsyn til at BMW har hatt nitti års forsprang til å finpusse teknologien sin, at produksjonen av ein bensinmotor også krever energi, at solceller også er i utvikling, og at kraftmiksen i alle kraftverk må endrast framover om ein skal ha ein sjanse til å nå FN sine klimamål.

Elon sjølv er ikkje bekymra for kraftmiksen. I 2006 overtalte han fetterane sine, Peter og Lyndon Rive, til å starte eit solcellefirma som han kunne investere i. I dag er SolarCity USA sin største installatør av solcellepanel til private bustader. Bilbatteria er også eit tungt satsingsområde. Saman med Panasonic bygger Tesla no noko som kjem til å verte planetens største batterifabrikk, eit naudsynt ledd i Tesla sin ambisjon om å gjere elektriske bilar til allemannseige.

“Ein ting folk tenkjer, er “batteripakkar er ganske dyre, og slik vil det alltid vere, for slik har det vore i fortida”. Og det er ganske dumt. Du kan ikkje seie “ingen vi ha ein bil, for vi er vant til hestar, det er gras overalt, og folk likar hestar, og det finst ingen bensinstasjonar. Så ingen kjem til å køyre bil. Og det var det folk sa. Og ein slik ting, er batteripakkar. Historisk har det kosta 600$ per kilowatt-time, så det kjem ikkje til å verte biligare enn det i framtida. Men grunnprinsipp-tanken seier: Kva er batteri laga av? Dei er laga av kobolt, nikkel, aluminium, karbon (…) og om vi kjøpte dei stoffa separat, oj, jøss, det er 80$ per kilowatt-time. Så ein treng då berre å finne nye måtar å setje saman dei stoffa på.”

Men elbilrevolusjon er berre eit delmål. Då Elon sa til ein kompis at han ville starte med romfart, fortalde kompisen følgande vits: “Korleis får du ei lita formue av å investere i romfart? Du startar med ei stor formue.”

Musk sjølv hadde meir visjonar enn ambisjonar. “Eg rekna med å tape alt. Oddsa var imot meg.” sa han til 60 minutes. Intervjuaren spurte då kvifor han gjorde det, om han ikkje rekna med det skulle gå bra. “Fordi eg tenkjer at om noko er viktig nok, så gjer du det sjølv om oddsa er imot deg.”

Og romselskapet SpaceX var konkursen nær. Musk har i ettertid innrømt at det var ei svært tung tid. Det hjalp ikkje at han skulle styre planetens største elbilselskap samstundes.

Dei tre første gongene SpaceX skulle skyte det som tilsvarer eit fireetasjes hus ut i verdsrommet, gjekk det gale. “Men det var jo spektakulære eksplosjonar, då,” lo broren Kimbal. “Eg sa til Elon at alle pengane eg hadde investert i SpaceX, om det einaste eg fekk tilbake var denne fantastiske eksplosjonen, så var det verd det.”

Men på den fjerde oppskytinga gjekk det bra. Og no har SpaceX fått kontrakt med NASA, og har gått frå økonomisk uføre til trygg og solid posisjon som romfarts-aktør. Dei som har sendt ting ut i verdsrommet, er no: Russland, USA, Kina, Europa, India … og Elon Musk.

SpaceX sin ambisjon er raketter utan fallskjerm og vingar: Dei skal lande ståande, på rakettene. Musk har sagt at det er fordi det er kulare, fordi ingen scififilmar har vist oss romvesen som invaderer ved å opne ein fallskjerm og plumpe ned i havet.

Men under ligg det også ein steinhard logikk: Romskipa bør kunne lande på, og ta av frå, planetar utan atmosfære. Alt anna enn å lande på andre planetar og kolonisere dei er berre sløseri og symbolpolitikk, meiner Musk. Kompetansen som sende folk til månen finst ikkje lenger, ingeniørane derifrå er pensjonerte eller døde. SpaceX må finne opp mykje av hjulet på nytt, og det gjer dei. Musk sin draum er å døy som ein gammal mann, på Mars.

“But, um, preferrably not on impact.”

Drivstoff er berre 0,03% av utgiftene ved ei romreise, det vil seie at ei ekte gjenbrukbar rakett kan redusere kostnaden med to “orders of magnitude”, med andre ord er håpet å gjere det over hundre gonger billigare. Musk sitt resonnement er at romfart som er billig får ei rekke nye bruksområde. Han samanliknar med flyreiser: Om det hadde kosta ein milliard kroner å fly til Gran Canaria, ville ingen gjort det, og ingen ville tenkt at kommersiell flytrafikk hadde eit bruksområde. Om du framleis tvilar, kan du jo tenkje på kva som skjedde med salget av datamaskiner då dei slutta å vere like store som leiligheter.

Men alle desse fantastiske tinga står i dag i skuggen av SpaceX sitt nye prosjekt, og det er det som skremmer meg. Dei skal sleppe ut minisatelittar som skal gi heile verda billig internett.

For U-land utan nett vil det gjere underverk. Men for meg, som har så lite sjølvkontroll at eg har installert tre ulike program for å blokke nettet, og likevel må fysisk flytte meg til ei lånt leilighet der eg ikkje kan wifi-koden for å skrive dette? Dette er som å installere ei uendeleg kran med whisky i leiligheta til ein alkoholikar. Takk skal du søren klype meg ha, Elon Musk.

One clap, two clap, three clap, forty?

By clapping more or less, you can signal to us which stories really stand out.