GOMSDALEN

Geirangers bortgøymde perle


Tekst og foto: Martin Kristoffersen

“Cruiseskipa har kasta loss, og ferga har køyrt si siste tur for kvelden. Fjorden ligg blikkstille og nyt roa før natta kjem. Føtene våre følger stien som snirklar seg fram gjennom ei blomstereng høgt over fjorden. Det heile er som ei vandring i eit eventyr.”

Klokka nærmar seg ni på kvelden då vi parkerer bilen på parekringsplassen ved Korsmyra. Parkeringsplassen er framleis full av bilar med utanlandske skilt. Eigarane av bilane står og knipsar feriebilete. Vi sleng dei lettpakka sekkane på ryggen, kryssar riksvegen og traskar oppover mot Hausetsætrane. Sommarkvelden er framleis varm og god når vi nærmar oss sætra på Hauset. Vi skulle kunne slå opp teltet her og vore nøgde med det, så vakker er utsikta. Men vi har eit mål for kvelden, vi skal til Gomsdalen. Der ligg fjellgarden med same namn som har oppfostra både stortingsrepresentant, lensmann og ein biskop.

Utsikt ned i Oalsbygda og over Sunnylvsfjorden til Flosteinnibba.

Gomsdalen er ein flat og vid dal på nordsida av Geirangerfjorden. Fjellgarden ligg om lag 600 m.o.h. og er den garden som ligg høgast over Geirangerfjorden. Her budde folk fram til 1907. Det finst mange kjende og dramatiske historier frå denne fjellgarden. Den mest dramatiske er historia om Petter Andreas og kona, Anne Elisabeth, som døydde med tre års mellomrom. Få dagar etter gravferda dukka lensmannen opp og ville selje garden på auksjon, då den var herrelaust gods. Det fekk verja til odelsguten stoppa og det heile enda opp med at dei tre eldste borna fekk bli buande på garden saman med bestemora. Dei tre yngste vart sett vekk, kvar til sin plass.

Hadde det vore i alpane

Du kan ta deg til Gomsdalen på tre ulike måtar: Frå Oaldsbygda som ligg ved Sunnylvsfjorden, frå Bringa nede ved Geirangerfjorden, eller frå Korsmyra. Vi har valt siste alternativ. Medan vi passerer Hausetsætrane og fortsett langsmed fjorden slakt oppover i terrenget, treff vi ein fransk familie som er på veg tilbake frå dagens vandringstur. Dei er frå seg av begeistring over naturen, men kan ikkje heilt forstå kvifor dei ikkje møter fleire folk ute i desse fjella. Hadde det vore i Alpane, hadde det vore tjukt med folk, seier dei. Informasjonen over turmoglegheitene ville også vore betre.

Etter ein hyggeleg prat med våre nye franske vener, let vi føtene følgje stien i eit bedageleg sommartempo. Himmelen skin lilla og rosa når det gylne kveldslyset passerar fossefallet Dei Sju Systrene og fjellgarden Knivsflå. Bak oss nedi enden av fjorden har den vakre turistbygda Geiranger inntatt kvilepuls. Cruiseskipa har kasta loss, og ferga har køyrt si siste tur for kvelden. Fjorden ligg blikkstille og nyt roa før natta kjem. Føtene våre følger stien som snirklar seg fram gjennom ei blomstereng høgt over fjorden. Det heile er som ei vandring i eit eventyr.

Geiranger i sommardrakt.

Kveldsong

Etterkvart blir stien brattare og vi et høgdemeter over sva og steinrøys. Vi kan forstå kvifor det har blitt sagt at vegen til garden er blant dei lengste og styggaste på Sunnmøre. Gardsfolket på den tida hadde nok ei heilt anna tilnærming og oppleving av naturen enn kva vi har. Det er utruleg å tenkje på at dei her gjekk med fe og buskap før i tida. Vi har verken buskap eller fe med oss, men målet vårt er det same. No ser vi ned mot Gomsdalen som ligg innpakka i eit lysegrønt teppe av bjørkelauv. Dei høgdemeterane vi sleit oss opp, går vi no ned att til dalen, gjennom frodig bjørkeskog med høgt gras. Kveldsdogga ligg på graset og vaskar føtene våre på veg ned til dalbotnen. Nede ved garden har klokka allereie passert midnatt og himmelen har blitt blågrå. Det er på tide å finne ein teltplass for natta. Vi oppdagar at det er godt med myr og blautt terreng i dalen. Men etter litt leiting finn vi ein høveleg teltplass og gjer oss klar for natta. Elva dansar seg nedover dalen til Geirangerfjorden og spelar sin vante kveldsong for oss.

Ein biskop og ein lensmann

Korleis gjekk det eigentleg med borna som blei etterlatne etter at Petter Andreas og kona døydde? Ei av jentene døydde i ung alder, men dei andre borna gjekk det bra med. Odelsguten fekk behalde heimgarden, ein annan blei lensmann i Sunnylven, ein tredje blei ein kjent bonde i Oaldsbygda. Søstera vaks opp på austlandet og jobba som butikkdame i Oslo. Den siste av borna var den som reiste lengst vekk frå Gomsdalen. Johannes Gausdal reiste som misjonær til Santalistan i India. Der blei han etterkvart utnemnt til biskop i the Northern Evangelical Lutheran Church.

Lunsjavtale med utsikta

Vi vaknar av morgonsola som varmar opp teltet. Vi et frukost, nyt utsikta mot Geiranger og observerer eit stadig meir yrande liv av cruiseskip og sightseeingbåtar på fjorden. Her oppe er det stille, ikkje eit menneskje å sjå, det er ro, det kjennes som ei heilt anna verd enn den vi har utsikt ned til. Etter ein førsteklasses havregrynsgrautfrukost, god kaffi og livsnyting på høgt nivå, set vi kursen opp gjennom Gomsdalen mot Storvatnet og brekka til Oaldsbygda. Vi har gjort ein lunsjavtale med utsikta ned mot Oaldsbygda og Synnulvsfjorden.

“Kva andre stadar kan ein gå frå ei fredfull ferd på sti gjennom ei blomstereng høgt over fjorden, til å stå i bilkø i Ørnesvingen fordi ein bubil og turistbuss har forsøkt seg på ei alternativ passering i ein sving?”

Sommarjobb som sau

Etter litt baksing opp ura lengst fram i dalen, kjem vi opp i høgda mellom Gomsdalen og Oaldsbygda. Det fyrste vi høyrer er bjøllene frå sauane som er på sommarbeite på denne sia av fjorden. Dei nyt verkeleg det gode livet og let humla suse. Det same har vi tenkt å gjere. Etter at vi har satt opp teltet ved eit lite vatn, tek vi av oss skoa og nyt lunsjen og resten av ettermiddagen barføtt på soloppvarma berg med utsikt ned til Oaldsbygda. På andre sia av Sunnylvsfjorden for Oaldsbygda, ligg Flosteinsibba og ruvar stolt som det høgste fjellet over fjorden. Litt lengre ned i fjellsida ligg den meir berømte Åkernesrevna. Resten av dagen går med til å nyte denne vakre utsikta, og til å sjå på skyene som svevar forbi og alle dei ulike formasjonane dei lagar i løpet av ferda over fjella. Det er godt med slike dagar kor ein går barføtt i fjellet og ser på skyer. Slike dagar skulle ein hatt fleire av, blir vi einige om, idet vi innser at dagen eigentlig er over, kveldsola malar himmelen og det litle vatnet vi sit ved med si oransjeraude farge.

På veg tilbake til Korsmyra.

Neste morgon vaknar vi av sauebjøllene som læt høgt oppi fjellsida. Vi nyt frukosten medan vi filosoferer over livet på sommarbeite i fjellet. Det hadde i grunn ikkje vore så dumt å ha sommerjobb som sau, eller gjetar i dessa fjella. Men sauane får igjen ha fjellet for seg sjølv og vi går same vegen tilbake til Gomsdalen som vi kom.

Fredfull bilkø

Medan vi passerer fjellgarden går tankane nok eingong tilbake i tid. Ein kan ikkje anna enn beundre livsmotet til søskenflokken som kom seg opp og fram i verda, sjølv etter å ha mista foreldra og blitt sendt kvar til sin plass i ung alder. Bjørkeskogen er den same no som den var då, og på ein solrik dag som denne gir den oss ei saunaoppleving medan vi slit oss opp fjellsida. Då vi kjem over skogen, ser vi igjen ned i ein fjord med eit yrande liv. Sightseeingbåten er på veg ut, medan eit cruiseskip kjem dampande inn gjennom verdsarvsfjorden. Kontrastane er store til roa og freden i Gomsdalen. Det er noko med desse kontrastane som er veldig fasinerande med Geiranger. Her kan ein ta seg ein liten fjelltur og vere einsam i fjellet, for så å ta turen ned til bygda der ein møter menneskjer frå heile verda. Kva andre stadar kan ein gå frå ei fredfull ferd på sti gjennom ei blomstereng høgt over fjorden, til å stå i bilkø i Ørnesvingen fordi ein bubil og turistbuss har forsøkt seg på ei alternativ passering i ein sving? Medan vi sit der i bilen i solsteiken og ventar på at dei to nytenkande sjåførane skal finne ut av korleis dei kan løyse floka dei har skapt, tek vi like godt av oss skoa og spaserer barføtt på asfalten. Det er jo tross alt sommar.