Berre gjer da!

Fritanke.no melder at Den norske kyrkja kan kome til å fjerne visjonsformuleringa “I Kristus, nær livet”. Det er slett ingen katastrofe, men det minner meg på denne disseksjonen eg utførte på visjonen i Ung Teologi i 2012:

“Eg har eit problem når eg skal skrive om dei pene orda i visjonsformuleringa til Den norske kyrkja. Visjonsprosessar gjev meg nemleg andenaud. I den augneblinken me kjem til visjonen på sakskartet, vert synet tåkete og tankane berre graut, og leggkrampane melder seg umiddelbart. Det einaste eg greier tenkje, er at det finst eit svensk munnhell som burde vore innført som universalvisjon for absolutt alle organisasjonar og verksemder: ”Sluta kackla; lägg ägget.”

Betre vert det ikkje når alt som er av råd i Den norske kyrkja har sine eigne visjonar. Leiingsekspertane snakkar om lojalitet til visjonen, men men kven sin visjon skal til dømes ein kyrkjelydsprest vere lojal mot? Er det kyrkjemøtet, bispedømmerådet, fellesrådet eller soknerådet sin visjon me skal gøyme i hjarto våre, innprente i borna våre og snakke om når me sit heime og når me går på vegen? Til alt hell hastar det ikkje så mykje med å få klårleik i det, for visjonane betyr jo akkurat så mykje og så lite at arbeidsdagen vert nokså lik, same kva visjon ein vel seg.

Dette driv me med i ei kyrkje som er grunnlagd av ein kar som dei same leiings- og organisasjonsfolka skryt av som den mest visjonære leiaren gjennom alle tider (i alle fall når dei er innleigde til kyrkjelege visjonsseminar). Han hadde eit par framlegg til visjon for verksemda han grunnla, og framlegget i Matteus 28, det med ”gå difor og gjer alle folk til læresveinar”, er verkeleg ikkje så verst.

Likevel har ein funne ut at at Kyrkjemøtet burde vedta ein visjon for Den norske kyrkja. Resultatet vart ”I Kristus – nær livet. Ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje.” Det er pene ord. Spørsmålet er om kyrkjemøtet 2008 kunne vedteke noko særleg anna. At Den norske kyrkja er ei folkekyrkje, er opplagt. Det er berre å sjå på statistikkane. Faktisk så er jo omgrepet ’folkekyrkje’ laga for å skildre denne nordeuropeiske realiteten. Vidare er det lite kontroversiell ekklesiologi å seie at kyrkja per definisjon er vedkjennande, misjonerande og tenande. Det ligg jo i Jesu ord i Matteus 28. At Kyrkja er ”i Kristus” er til sist ein barnelærdom frå Paulus sine tankar om kva det vil seie å vere kyrkje.

Då står me berre att med ”nær livet” og ”open” som dei to ledda som kanskje kan seiast å kunne diskuterast. Desse to ledda ligg på eit anna nivå enn dei andre. Dei seier noko om korleis oppdraget bør utførast, altså er me nede på strateginivå. Der kan det verte interessant. Likevel er formuleringane framleis på eit så overordna nivå at det er vanskeleg å vere usamd. Ingen ved sine fulle fem går inn for ei ”livsfjern” og ”lukka” kyrkje; det ville nemleg gjere det nokså tungvint å vere vedkjennande, misjonerande og tenande.

Slik er visjonen for Den norske kyrkja eit bilete av situasjonen slik han er og ei framheving av nokre viktige og verdifulle sider ved denne kyrkja vår. Og det er ein god ting. I visjonen stadfestar Kyrkjemøtet at me gjer ganske mykje riktig. Når eg tenkjer meg om, så dekkjer formuleringane i grunnen det arbeidet eg driv med som prest. I skrivande stund har me akkurat feira allehelgensdag, og i Jar hadde me to gudstenester, høgmesse med tre dåp og nattverd på føremiddagen, og minnegudsteneste med ljostenning, opplesing av namna til dei døde og felles kveldsmåltid etterpå på kvelden. Nærare livet er det vanskeleg å kome. Me vedkjende oss trua og håpet saman, me skapte eit rom for dei som er i sorg, og dei som var med på gudstenestene høyrer til alle lag av folket her i soknet. Etter gårsdagen kan me krysse av kvart einaste punkt på den sjekklista Kyrkjemøtet sin visjon kan vere, og så får me diskutere på stabsmøtet på torsdag og i soknerådet til neste helg om det er mogeleg å gjere dette betre til neste år. Og det er her det brenn: Korleis kan me følgje denne visjonen best mogeleg?

Visjonsdokumentet gjev nokre få føringar, men det er framleis ganske ope korleis dette skal setjast ut i livet. Eg skulle ynskje at desse diskusjonane også fekk rom når me i ulike fora skal avgjere kyrkja sin taktikk. Det skjer ikkje for ofte. Når minkande ressursar skal forvaltast, er diskusjonane altfor ofte avgrensa til korleis ein skal få budsjettet i balanse. Det krev mot å spørje om det ikkje gjer oss til ei litt meir lukka folkekyrkje når ein til dømes sentraliserer sekretærane til eit byråkratisk kyrkjetorg i staden for at folk møter eit vennleg andlet når dei stikk hovudet inn døra på kyrkjelydskontoret. Diskusjonane om korleis me skal halde gravferdene våre, handlar ofte om kva som er mest lettvint og korleis me skal unngå å støyte nokon. Eit dristigare og viktigare spørsmål er korleis ein i slike situasjonar kan vere vedkjennande, misjonerande og tenande – samstundes.

Difor håper eg me roar litt ned på visjonsfronten. Kanskje skal me til og med skrote nokre av dei allereie litt for mange visjonane og målformuleringane som finst. Så kan me heller bruke ein del av den tida me då frigjer til å reflektere saman om korleis me skal gjere dette best mogeleg, og resten av tida til å faktisk gjere det.”


Originally published at kapellanen.wordpress.com on November 20, 2013.

One clap, two clap, three clap, forty?

By clapping more or less, you can signal to us which stories really stand out.