Den store sumarferiereisa, 3.dagen

Korleis italienarane klarar halde seg slanke er meg ei gåte. Eg er så mett på mat og vin, MamaMia!

Heldigvis er det ein aktiv ferie dette. Ein roleg løpetur på morgonkvisten og så yoga, der fokus var solhilsenen. Frukost med god ost, skinke og nydelege tomater. For ikkje å snakke om kaffien, der er alltid god espresso og varm melk å få.

solhelsing der bakoverbøyen er STERKT overdreven!

Eg testa ut ein av syklane som er til vår disposisjon i dag og sykla ein tur til Trevi. Tok ein cappuccino på torget, såg og lytta litt på lokalbefolkninga før eg sykla attende til klosteret.

Cappuccino på torget

Sidan var det klar for ny yogatime, no var det ledda som skulle til pers. Ein god og lærerik time! Og etter lunsj (med to rettar)vart det tid til ein symjetur i bassenget.

Dagens høgdepunkt var omvisning og vinsmaking på ein vingård ikkje så langt frå klosteret: Azienda Agraria Sacciadiavoli di Pambuffetti.

i vinkjellaren

Vår guide, Francecca, leda oss gjennom historia og produksjonsmåtane på gården. Og vidare i dei ulike vinane, det var ingen som ville bruke spyttekrukka. Og me fekk smake på 7 ulike vinar, i tillegg var der parmesan, skinke og brød.

rosévin: Sacciadiavoli Spumante brut rosé, laga på 100% Sagrantinodruer
vinsmaking med tilbehør

Salige på god vin reiste me attende til klosteret for å ete og drikke enda meir! Der var antipasti; først ein salat deretter pasta. Secondo var fylte, friterte succiniblomar og så desserten som de ser på biletet under

himmelsk dessert

Mett på opplevingar og nydeleg mat og vin tok eg ein kveldstur i hagen før leggetid.

italiensk kveldshimmel
One clap, two clap, three clap, forty?

By clapping more or less, you can signal to us which stories really stand out.