5 filmar du kan sjå i helga

  1. Nightcrawler
    Jake Gyllenhaal er så ugjenkjenneleg i denne filmen. Tek mykje inspirasjon frå Arthur «Weegee» Fellig, og krimfotografiets lange historie.
  2. Malteserfalken
    Filmen som gjorde Humphrey Bogart til Humphrey Bogart, og også film noir til film noir. Litt som Casablanca er den full av filmklisjear, fordi det var her filmklisjeane vart laga.
  3. Frances Ha
    Ei nydeleg historie om den nyaste versjonen av den stundesløse unge — tek mykje inspirasjon frå Girls, men står godt på eigne bein.
  4. De Andres Liv
    Om Stasi-overvåkninga i Aust-Tyskland, fantastisk historie om kvardagsliv og ikkje-kvardagsleg liv.
  5. 20 000 Days on Earth
    Ein fiktiv dokumentar av og om og med Nick Cave, om alt som (ikkje) hendte rundt 2013-plata Push the Sky Away.