At eg møter di minst delikate side

kan gjere meg mo den eine dagen, og sterk den neste.

Åh, kor sterk eg er blitt den siste tida.

Du aner ikkje kor mykje eg kan bere, men blikket mitt, i det eg lyfter augnelokket og ser på deg, viser at du er i ferd med å bli mindre.

Når du lyfter meg på den gode måten blir du aldri mindre. Du blir større.

Når du lyfter meg på det uvørne viset som gjer noko med heile meg, ID, ego og superego,- alt reiser seg, då vert du mindre enn du treng. Og, du veit det er langtfra rett, og likevel fortset du?!

Eg blir sterkare og sterkare. Og treng snart ikkje løfte augnelokket lenger. For du snur deg, går motsett veg, når du møter meg i gangen.

Eg går ikkje etter, men tenkjer den dagen du snur deg, handler ansleis, skal eg stå først og klappe deg fram.

Jo, eg skal det. Kvifor?

Rett atferd skal alltid gi deg gevinst, uansett. Alltid! Trass i at den kjem frå meg eller andre. Det er lett å møte vondt med vondt, men eg skal vise deg noko. Det går faktisk an å møte motstand med omsorg som gjer deg godt. Det går an. Men du, du har nok ikkje særleg erfaring med slikt, du.

Stein på Stein er du gitt høve til å bli ein betre utgave av deg sjølv. Er det ikkje fint?