Ut på tur, aldri sur

Eg finn ikkje ord for kor utmattende det er å følgje deg gjennom smale stier i dalsøkk og fjellskrenter, eller gjennom myr og mo. Om det vedarer særleg lengre no, utan tilstrekkeleg reiskap og kunnskap om denne ferda, står eg i fare for å måtte kutte den ut. Kansellere! For ei tid, eller for all tid. Ein kan ikkje anna enn å verne seg sjølv når det stormar som værst. Føtene har gnagsår etter lang tid med for små sko. Kanskje det var feil sko til terrenget? Eg aner ikkje.

Eg veit kor vi går, kjære. Eg kjenner den planlagde ruta. Vegen fram dit kjennes til tider for strabasiøs. Eg veit ikkje om vi nokon gong kjem fram. Kanskje klarer vi det verken på eigahand, eller saman. Det er ikkje sikkert det går bra, at det blir bra for alle. Det er ikkje sikkert at det vert bra for nokon, verken meg eller deg.

Det er slik vegen framstår no.

Fullstendig uoverframkomeleg.

Eg veit jo at alt blir bra til slutt. Slik er det ofte, når ein blir riktig skodd til terrenget.

- Ikkje stiletthælar til Pulpit Rock, folkens. Ikkje joggesko på ball. Og, om du likevel skulle utfordre deg sjølv, og velje feil, så kan du alltids snu. Eller, eg kan.

- Bryr ‘kje meg, sa du.

- Ikkje meg heller, sa eg.

God tur!