Ein samtale om det (u)sikre

Å skriva ned det svartaste av det gråe vil du alltid gjere.

I det orda festar seg til papiret er noko frigjort, fortel du, og forklarar vidare at det ikkje lenger framstår som ditt. Dette noko, som du ikkje kan navngi, har fanga det, tatt det til seg, og gjort det til nokon andre sitt. Orda som vert ståande på papiret fortoner seg som framande for deg når prosessen er gjennomført.

Kven eig det når det ikkje lenger er ditt, undrar eg meg? Og, du kan ikkje svare på det. Det framstår også for deg som ei gåte. Som eit av livet sine mange mysterier, som kanskje ikkje har svar, fortel du.

Vi undrar oss saman over dei mange som framstår som skråsikre, som har funne svara, og kviler så tilfreds med dette dei fann. Det som framstår som enkelt og greitt for dei, er ikkje nødvendigvis slik for oss, konkluderer vi i ei slags stille forsonende gylden rekkje med tankar om «dei».

Vi veit at det ikkje er sikkert at vi tek feil, like lite som at dei med Vissheit skal kjenne seg heilt trygge på eiga erverva sanning. Slik kan vi sjå på alt og ingenting, vi som ikkje har den skråsikre kunnskapen verda ropar om i dag. Vi veit at det å ikkje verken vite, eller forstå, er minst like godt svar, som det sikre. Vi treng ikkje hevde og rope så høgt, for det vil aldri kunne rokke ved den skråsikre sitt standpunkt.

Eller, kanskje vil det gjere det ein dag. Ein vakker dag. Men, ikkje fordi nokon har brølt ei svak sanning ut i lufta.

Om noko endres er det heller fordi den stille kviskrande røysta finn ein liten passasje inn i alt det sikre. Det er ikkje sikkert at det som er fullstendig og komplett er så sikkert når alt kjem til enden. Kanskje var det ei opning mot noko større einkvan ikkje hadde tenkt på, fortel du meg, og nikker eit tankefull smil ut i lufta.Etterpå. Når det svarte og grå er festa seg til papiret, då er det alltid ei siste utflagging. Lufting kanskje. Eller reinskinn av lufta. Vil du vite korleis den siste delen av eksklusjonen er? Jo, ja, gjerne.Det skjer i ei stille stund, eg i den blå fiolfarga stolen. Hendene i fanget. Pust på inn og ut. Utpust alltid etter kraftig innlufting. Å ta magadraget, gli inn i pust av liv, smil, tanke og vektlaus haldning. Og mens musikken, den som passar til stunda, blir spelt lar eg pusten ta hand om slaggstoffer som var gøymt på vanskeleg tilgjengelege stadar i kroppen. Eg, ganske enkelt, pustar vekk siste slaggmeteriale, medan eg samstundes fyller meg med musikken, den kreative og levande tonen tek eg inn i kroppen, og lat den få feste til å ressonnrre med dei gode kreftene som finst der inne. Og, etter disse pusta, disse stundene, tek fornuften pause og lar seg rive inn i det ikkje rasjonelle. Det som brrre er, alltid i gyldne tankar og augneblink.Når dette er gjort er både eg og kroppen i fri flyt. Nullstilt og klar for nytt virke. Nye oppgaver, gjeremål etter at tida har gjort sitt. Eg går vidare, slik det så viserleg er å vente, på ein stad som på ny rr fristilt, open og klar for det som ventar. Oppgåvene som skal tas tak i, folka som treng og eg som stadig når lov til det utrulege, saman med moglege. Og, ringen rr slutta.

Eg har alltid fått meir enn eg har ant og forstått i det nuverande nå.

– – – -

Kan hende har du meir rett, enn nokongong tidlegare, tenkjer eg, og tar begeistra med meg skrivesaker, skisseblokk, og eit slitt penal, legg alt ned i ei rød veske, og går heim. Tankelaus og meir vektlaus enn før me starta denne dialogen om alt det store og ubegripelige.