Motorvegar og grøftekanter

Eg trur det må vere slik det er no for evig tid. Det utydelige, diffuse og ikkje kontaktbare er eit virke, noko som gir. Elles er livet langt meir tydeleg enn som så.

Heilt til ho kjem inn i rommet og seier,

no blei du utydeleg att, no må du forklare.

Når det du trur er tydeleg forsvann i det diffust farga, ned i ein diger kjele, og blandar seg med alt som er der frå før, sit eg stille og ser kaos råde. Det som var einsarta blir farga av alt det andre som du ber med deg.

Så langt, i fag, er ikkje eit einaste ord einsbetydande med anna enn vatnet som renn. Det, til tross for at du prøvde å vere så tydeleg med materien, som overhode mogleg. Likevel altså; ikkje.

Snur deg rundt, og lar kvar å ein styre med sitt. Mens du tek ditt, inntil brystet og vil bera det varsamt fram mot neste grind.


Det kjem truleg ikkje fleire grinder på din allfarveg. Du har erfart nok til å kunne unngå dei, om du vil. Tålmodet er stengt med vissheit om at det i lang, lang tid ikkje vil vere nokon stad som skal leie deg til anna enn breie møtorvegar. Slike, der folk køyrer så fort at det ikkje er verken tid eller rom for anten tanker eller grinder.


Kan hende ser du ein busk i Blom langsmed vegen. Den kan by på heile seg. Du er truleg underleg varsam med å gå nært, i tilfelle du skulle bli smitta, og enda meir, tiltrekt av den forførande lukta.

Det er ikkje gull alt som glimre, det er meir enn duft i den duftende ranke. Det finnes, du ser, og lar den stå i fred. I grøftekanten saman med medsamansvorne, og andre ville vekster.


Det var lærdomen du henta, krafta som sit att i det sådde, langt, langt bakom deg og tida.

Like what you read? Give Ikkje Til Bry-BryDegIkkje a round of applause.

From a quick cheer to a standing ovation, clap to show how much you enjoyed this story.