Lekser
Bård Standal
65

Hei, først og fremst må eg sei at dette var trist lesning. Eg følte stor medynk for deg og ikkje minst ditt barn som opplever ein slik kvardag. I denne saken trur skulen må ta ansvar og få til ein betre samarbeid med de som er foreldre, og å lytte til dykk. Eg er sjølv lærar og mor til to barn på sju og ni år og opplever heldigvis ikkje kvardagen slik du gjer. På skulen eg arbeider hadde vi eit foreldremøte der vi i samarbeid med foreldra vart einige om kva lekser skal vere og tidsbruken for dei. Vi vart blant anna einige i at lekser skulle vare maks ein halv time i 1. og 2. klasse (i tillegg tilpasser eg til kvar enkelt ut i frå samtaler med foreldra). Og ikkje minst var vi veldig einige om at lekser skal vere repetisjon (sjølvsagt). Eg opplever at foreldra er fornøgde med dette sidan dei har vore med og bestemt. Mitt råd til deg; bruk FAU og prøv å få i stand ein diskusjon rundt dette temaet med skulen. Dei skal og bør lytte. Elles er eg einig i heildagsskulen. Vi treng meir tid for å kunne gå meir i dybden av læringa med elevane. Læreplanen står ikkje i forhold til timane vi har til rådighet. Det er svært frustrerande for meg som lærar, og eg bekymrer meg mykje over spørsmålet: Har eg greid å lære elevane det dei skal kunne? Skulle gjerne hatt litt meir tid.. Tilslutt vil eg sei meg einig i at elevane godt kan slippe lekser i småskulen, men 10 min leselekse meinar eg dei må ha frå 1. klasse. Eg vil oppfordre deg til å stå på for synspunkta dine, og då er vel ein publisering i Dagbladet eit godt utgangspunkt:-)

One clap, two clap, three clap, forty?

By clapping more or less, you can signal to us which stories really stand out.