Megalodon Collective — Megalodon

Ei plate eg har venta på. Det eg har sett av diverse småklipp på instagram, høyrt av diverse stubbar på Soundcloud sette opp forventningane.

Eg skriv dette i fleire omgongar. Fleire dagar/veker mellomrom. Første gongen måtte eg avbryte lyttinga halvvegs i siste låt. Å finne rett tid og rom for lyttinga er viktig, men vanskeleg. Blir feil å skrive om dei første gjennomlyttingane. Urettferdig. Då hadde eg sikkert skrive: “fett det her då!”, men det kan eg jo skrive om kva som helst omtrent.

Eg har høyrt plata på Spotify. Saknar å lese i coveret.

Første gjennomlytting. Stove+t-bane.

For meg er den første gjennomlyttinga ganske overfladisk. Eg klarer ikkje heilt å konsentrere meg. Eit godt headset måtte til. Berre dei mest oppgira hitsa treff meg. Resten vert berre observert, so og seie. Her er ein del hits.

Lytt til plata på Spotify!

Andre gjennomlytting. Eg er ute å går i gatene. Innom Rema.

Denne gongen kjende eg att fleire av låtane frå sist gong. Dette gjer noko med lyttaropplevinga. Hadde litt meir djuptgåande tankar som; “Eg likar han saksofonisten der” og “Funkar fett med to trommisar då!” og “mmm, ja! Rett gitarsolo!” og ikkje minst: “DEILIG ride-groove der!(00:45 ut i Fandango)”
No byrja også referansene å kome. Zanussi 5. Motif. Vandermark 5. Big Bambus. Den Ingebrigt Quintet-plata. Mykje arv i dette her. Django Bates på den Narwal-synginga.

Tredje gjennomlytting. Medan eg lagar middag.

I og med at eg tenkjer eg skal skrive om det vil det prege lyttinga merkar eg. Eg leitar etter ting å klage på. Stiller kunstige krav. Eg kunne ha skrive at eg sjeldan finn behov for å høyre på dette sånn i kvardagen, men kva er det slags krav å stille til god musikk, då? Då sit eg att med eit par hip-hop-plater og Ole Paus på repeat. Sikkert keisamt å lese om ein som berre er nøgd med plata. Men fy søren. Det fins mange måtar å vere nøgd på.

Det var forresten først no at eg fekk med meg oppbygginga av plata. Desse små improviserte snuttane inn i mellom låtane. Ja. Jammen. Det fungerer bra det. Og dritfint med sirkusmusikken på Moondogs Dogsmoon! Eg likar når folk gjer so konkrete ting. Tydeleg ide. “Det minner om sirkusmusikk. Vi klipper inn sirkusmusikk.”

Fjerde, femte, sjette…gjennomlytting. Stova.

Handverket er godt. Lyden er god. Låtmaterialet er godt. Arrangementa er gode. Improvisasjonane er gode. Oppbygginga av albumet er godt. Samspelet er godt. Det meste er veldig godt. Kva treng eg meir av ei slik jazzplate? Eg må kicke på det, trur eg. Det gjer eg spesielt på Fandango og Moondogs Dogsmoon. På Mu tek det heilt av. Høyr dette med høg lyd!
Høyr det live! Har endå ikkje fått gjort det…gler meg. Det er live-musikk.

No har eg kanskje høyrt plata ti gongar. No er eg ven med ho. I desse skippe-tider er det viktig å ta til seg. Den beste musikken treng tid. Og rette rom.

Men fy søren. Ein må vere ganske streng for å få det til å fungere så bra med to trommisar. Etter mitt skjøn er dette heilt genialt løyst. Mykje på grunn av at Andreas Winther og Henrik Lødøen har såpass likt referansegrunnlag og estetikk. For å understreke kor godt dette fungerer er det berre å lytte gjennom Fandango med fullt fokus på trommene ein gong.

Moondogs Dogmoon er utrulig fin då!

Klarer ikkje å avslutte. Høyr på Megalodon Collective. Det er dritbra!