Konge i snø

Tove Nilsen er ein av mine favorittforfattarar. Ho skriv så fint om korleis det er å føla seg utanfor, å ikkje høyra til. Og om korleis dette også er ein styrke. Denne gongen skriv ho om Siri, som veks opp i drabantby-Oslo på 60-talet, og hennar forhold til faren. I eit forsøk på å forstå faren betre, blir ho med han på reise attende til heimlandet hans, øst i Tyskland. Ho teiknar eit sårt farsportrett der svik, skyld, straff og forsoning er aktuelle tema. I oppveksten har Siri følt seg forplikta til å stå på mora si side i eit turbulent familieliv, men no, når mora er død og ho sjølv er vaksen og har barn, vert ho tvinga til å reflektera over kva som gjer at faren er slik han er og kvifor familielivet ikkje kunne fungera. Mykje av stoffet i romanen er nok sjølvbiografisk, men aldri pinleg utleverande.