Tavla med nye visningstypar

Mats Byrkjeland
Entur
Published in
3 min readDec 19, 2019

Tavla er ei teneste frå Entur som lar deg setje opp di heilt eiga avgangstavle i gangen heime, på TVen på jobb eller berre på din egen PC eller mobil. Til i dag har Tavla berre hatt eitt design, men no lanserer vi to nye visningstypar og lar deg lage nye! 🎉

“Tidslinja” er ein leiken visningstype.

For all kollektivtransport i landet

“Når går bussen” er eit spørsmål dei fleste har stilt seg, gjerne i det ein står i gangen og kler på seg. Hadde det ikkje vore greitt med ein skjerm i gangen som viser deg nettopp dette? Eller kva med ein skjerm på jobb, som viser dine og kollegaene dine sine aktuelle bussar og trikkar for å kome seg heim? Det er slikt Tavla kan løyse, og du treng ingen teknisk kompetanse for å setje opp di eiga tavle. Og du finn all offentleg transport i landet, frå Kjelsås-trikken 🚊 til Jondalsferja ⛴!

Om du ikkje kjenner til Tavla frå før, så finn du ho på tavla.entur.no. Der vel du først ein posisjon som utgangspunkt. Det kan vere naturleg å søke opp staden du tenker å ha tavla di hengande, som heime eller på jobb. Når dette er gjort, kjem du til tavla di. Du får opp dei nærmaste stoppestadane og bysykkelstativa, og eventuelle avgangar frå desse. Stemmer det ikkje heilt med det du tenkte deg? På admin-sida kan du velje akkurat dei rutene og stoppa som passar deg. Trykk på “Rediger tavle” nede til høgre, og du er i gang.

Nedst til høgre finn du to nyttige knappar.

Nye visningstypar

Det som er nytt no, er at du kan velje heilt forskjellige design på tavla di. Om du trykkar på “Endre visning”, får du opp ein meny med tre val:

I skrivande stund kan du velje mellom tre forskjellige visningar.

Kompakt

Kompakt er standardvisninga som alltid har vore på Tavla. Denne viser kvar stoppestad i eiga kolonne, og avgangane kjem under. Kvar rad representerer ei rute, som for eksempel 17-trikken til Rikshospitalet. Dei tre førstkomande avgangane for ruta blir vist på same rad.

Kompakt visning viser dei tre neste avgangane for ei rute på same rad.

Kronologisk

Den visninga vi kallar Kronologisk er svært lik Kompakt. Men forskjellen er at i staden for å slå saman dei tre neste avgangane for ei rute, får kvar avgang si eiga rad.

Tidslinja

Tidslinja er noko heilt anna enn Kompakt og Kronologisk. Her køyrer transportmidla mot høgre som om dei var i eit kappløp. Ikona er plassert i ein avstand som reflekterer kor lang tid det er til dei går. Kvart sekund beveger dei seg litt mot høgre.

Tidslinja viser at ein kan lage verkeleg kreative visningar.

Lag di eiga visning

Vi tilbyr i skrivande stund tre visningstypar. Men vi ynskjer å oppfordre dykk til å lage eigne, kreative visningstypar. Om du kan programmere, så har vi skrive ei innføring for å hjelpe deg i gang. Tavla har nemleg open kjeldekode som du finn på https://github.com/entur/tavla

Om du ikkje har lært deg å programmere enno, så tar vi likevel gjerne imot idear og forslag. Opprett eit issue på GitHub og fortel oss kva du ynskjer deg! 😍

Kva blir den neste visningstypen? Noko som liknar sanntidstavlene som står ved busstoppa? Noko som passar betre til Magic Mirror? Kva med ei Space Invaders-inspirert tavle 👽, med bussar som kjem dalande ned? Tetris-Tavla 🎮? Berre kreativiteten set grenser!

--

--