Alder — kva er det?

Øivind H. Solheim
Poetry in Prose
Published in
1 min readOct 5, 2019

--

Photo by Anna Auza on Unsplash

Alder er eit tal som viser
tid som har gått
tid eg har
fått
Alder kan
for den som er heldig
vera verdifulle etappar
på ei god reise

Alder kan vera ein stad for kvile
høgt der oppe
der landskapet utvidar seg
inne i meg sjølv og under meg
Alder kan for den heldige
vera ei tid som gir visdom
ei tid for å nyta
og å hausta

Alder kan vera
ei tid med kvile
ei tid med glede
lykke og vennskap
Den som
livet har vore rettferdig mot
kan smila og tenka
at dette var fint!

--

--

Øivind H. Solheim
Poetry in Prose

Øivind H. Solheim is a Norwegian author known for his thought-provoking exploration of life, mortality, & the human experience. Book: The Man Who Stopped Aging