UNNGÅ SMITTE: Helsepersonell bør vaksinere seg mot årets influensa for å unngå å smitte pasientar, påpeiker FHI. Illustrasjonsbilde Canva

FHI varslar influensaepidemi – helsepersonell bør vaksinere seg

Helsedirektoratet
Helseaktuelt

--

Fleire pasientar som får influensa blir kvart år smitta av legar, sjukepleiarar, pleiemedhjelparar og andre som har pasientkontakt. At helsepersonell vaksinerer seg, reduserer risikoen for å smitte pasientar, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Hovudårsaka til at det kan bli ein tøff influensasesong er i følge Folkehelseinstituttet (FHI) at det er venta influensavirus som ikkje har vore i omløp på fleire år. Dette er virus som vi har lite beskyttelse mot.

Det er særleg små barn, men også eldre som er sårbare for desse infeksjonane den kommande hausten og vinteren.

Beskytt deg sjølv og pasientane dine!

Om helsepersonell vaksinerer seg, blir risikoen for at dei smittar pasientar, kollegaer og eigen familie mindre. Ein kan vere smitta av influensa og smitte andre sjølv med svake eller ingen symptom.

Det er også viktig for kapasiteten i helsetenesta at færrast mogleg blir sjuke på ein gong.

Betre tilbod til nokre yrkesgrupper

Helsedirektoratet si undersøking viser at 14 prosent av dei som valde å ikkje vaksinere seg i fjor, valde det fordi dei ikkje fekk tilbod om det frå arbeidsgjevar.

– Dei største yrkesgruppene som oppgav dette er helsefagarbeidarar og ufaglærte helsearbeidarar. Vi trur derfor det er viktig at kommunane, men også sjukehusa, fokuserer særleg på desse gruppene i det vidare arbeidet, påpeiker Guldvog.

Helsedirektør Bjørn Guldvog oppfordrer helsepersonell til å ta årets influensavaksine. Foto: Helsedirektoratet

Arbeidsgjevar sitt ansvar

Det er arbeidsgjevar som har ansvaret for at tilsette med pasientkontakt får tilbod om influensavaksine. FHI og Helsedirektoratet har bedt alle landets kommunar og helseføretak sørge for at alle tilsette som har kontakt med pasientar får informasjon og tilbod om influensavaksine.

– Alle tilsette med pasientkontakt bør få tilbod om vaksine på arbeidsplassen i arbeidstida. Vaksinen skal være gratis for alle med pasientkontakt, seier Guldvog.

Målet i Noreg og WHO er at 75% av helsepersonell tek vaksinen. På mange sjukehus og sjukeheimar er dette målet nådd, men på landsbasis er dekninga likevel «berre» 56%.

På nettsidene til FHI finn du filmar, plakatar og informasjonsark om influensavaksine på ulike språk, retta mot ulike grupper, som helsepersonell kan bruke.

--

--

Helsedirektoratet
Helseaktuelt

Vi jobber for noe alle ønsker seg – God helse og gode liv.