FUTURE

“1. mai er arbeidarane sin dag”

Arbeidets dag, ein dag for samhald og for å bygga landet.

--

Foto © Øivind H. Solheim

1.mai var arbeidarane sin dag, sa dei heime hos meg då eg vaks opp i Odda på 1950- og 60-talet. Seinare har 1. mai blitt omtalt som arbeidets dag, og han er òg sett på som ein dag for samhald for å bygga landet.

Alt dette er viktig, men den viktigaste bodskapen eg tar med meg frå historia til 1. mai, er at dette er ein dag der vi kan tenka over kor viktig det er med samhald og sunne og gode verdiar, og å kjempa mot tendensar til grådigheit, egoisme og narsissisme som vi ser så mange utslag av i verda i dag.

Foto © Øivind H. Solheim

Eg er ikkje i tvil om at ein veg inn i framtida som er god for alle menneska på jorda, går via slike verdiar som samhald, tryggleik, nærleik og kommunikasjon mellom enkeltmenneske og mellom grupper av menneske.

Foto © Øivind H. Solheim

Klassetenkinga og “klassemedvit” kan med fordel dempast i vår tid, til fordel for globalt samhald. Det er i vår tid viktigare enn nokon…

--

--

Øivind H. Solheim - the Novel Author
Good Morning Insights

New novel: The Man Who Stopped Aging, Amazon Kindle. Love story & intellectual investigation: Can we extend human life to 100 or 110? www.oivindhsolheim.com/