LIVET

Sju fordelar med å vera gammal

Kanskje er det slik at vi bør sjå på gamle menneske som vegvisarar.

Øivind H. Solheim
Good Morning Insights
7 min readOct 1, 2022

--

Foto: Øivind H. Solheim. Forfattar og vestlending, no busett i Trøndelag

Publisert i Bergens Tidende 8. september 2022

Å bli gammal, og å vera gammal.

Sjølve det å leva og bli eldre er ein naturleg prosess som skjer så å seia av seg sjølv.

Å ha blitt gammal derimot er ein tilstand, resultatet av ein prosess. Det er noko som alle gamle opplever, men vi opplever ulikt både prosessen mot det å bli gammal og sjølve det å vera gammal.

Nokre gonger kan det vera både tungt og vanskeleg å merka at ein blir gammal, mens for andre er den utviklinga som ein leik og ein dans på roser.

Men likevel opplever nok alle at rosene, ja, dei er vakre, men stilkane har torner, og av og til kan livet stikka litt og få oss til å blø.

Vi er heldige om vi får vera friske og glade til sinns. Sjukdommar og andre hendingar, både fysiske og psykiske utfordringar, kan gjera livet tungt for mange.

«Livet er ikkje rettferdig», kan vi kanskje tenka når vi ser folk som slit i livet. Men ein kan sjølv velja måten ein møter slike hendingar på.

Ein kan tenka at det som hender her og no, det er styrt av krefter eg sjølv ikkje rår…

--

--

Øivind H. Solheim
Good Morning Insights

Norwegian novel author, new novel The Man Who Stopped Aging, Amazon Kindle. Love story, and intellectual investigation: Can we extend human life to 100 or 110?