Ammeputeproblemet — Korleis forklare noko som funkar til alt?

Kjernemodellen er såpass anvendelig at den kan være litt vanskeleg å forklare. Den har rett og slett eit ammeputeproblem.

Image for post
Image for post
Freebag® - Ammepute og livsstilsprodukt.

Amming kan være vanskelig. Eitt av problema er at du blir sittande lenge i ein statisk posisjon, og det kan gå ut over rygg, nakke og armar. For å bøte på situasjonen treng du ei skikkelig god ammepute.

Da eg og kona fikk vår første førstefødte klarte vi heldigvis, etter litt om og men, å finne ei ammepute som funka. Den var stødig, formbar, vanntett, vaskbar og hadde akkurat passelig størrelse. Rett og slett den perfekte ammeputa.

Men det var jaggu ikkje lett å finne den!

Fordi produktet hadde eit ammeputeproblem.

Med andre ord at det var så anvendeleg at det blei vanskelig å forklare kva det eigentleg var for noko.

Ammeputa som funka til alt

For den ammeputa vi fann var ikkje berre ei ammepute.

Den samme ammeputa var nemlig OGSÅ ein flytbar fender til seilbåten din, ein brettbar stol for isfiske, ein ekstremt solid knebeskytter for sveising og eit uunværlig rehabiliteringsverktøy for ryggmargskadde!

Blant anna.

Ammeputa vår viste seg å heite Freebag®, og blei utvikla for 20 år sidan av erfarne norske seglarar for å auke utholdenheita på lange havseilasar. Den er konstruert av miljøvennleg polypropylengranulat-teknologi, og fekk Merket for God Design i 2001. Den fekk også «NMMA Innovation Award» for beste marine-produkt i USA i 2004 og «Baby product of the year» i Nederland samme år.

For dette produktet har ekstremt mange bruksområder. Til dømes:

  • For gravide og småbarnsforeldre passer den ikkje berre til amming, men også som sidestøtte for gravide magar, for graviditetsøvelsar, som barnestol og som babyseng. Og det var den perfekte portable stellematta for bleieskift, med integrert plass for bleier og våtserviettar i siderommet.
  • For barn generelt kan den brukast som hundeseng, leiketeppe, barnemøbel og spillestol. Eller kvifor ikkje ein kul “saccosekk” på tenåringsrommet?
  • For folk med søvnproblemer kunne den fungere som hodepute, knepute, fotstøtte, til å reflektere kroppsvarme. Og som frokostbrett på sengekanten.
  • For båtfolk fungerte den som sitteunderlag, ryggstøtte, stabilisator og flytemiddel, pluss at den er perfekt til strandhugg OG den motverkar sjøsjuke.
  • For bygg- og anleggsbransjen er den så ekstremt slitesterk at den fungerer som både knepute og ryggstøtte på anleggsplassen. Dermed motvirker den menisk og andre helseplager for snekkarar, sveisarar og murarar under alle slags forhold.
  • For helsesektoren er den eit uvurderlig hjelpemiddel for å stabilisere slagpasientar og folk med beinbrudd, og den blir også brukt i utdanningssamanheng.

I tillegg til alt dette er den perfekt for yoga, meditasjon og solbading, og den blir også brukt av alt fra fotografar og arkeologar til flisleggarar og massørar.

Blant anna.

Ammeputeproblemet

Så korleis forklarer du eit produkt som passer til absolutt alt?

Ein måte å gjere det på, er markedsføre det som eit komplett uforståelig “livsstilsprodukt”.

Som det heiter på dei engelske nettsidene til First Freebag:

“First Freebag® is your personal portable high tec chic designer bean bag. The award winning new lifestyle product from Norway”.

Litt vanskelig å skjønne at det er ei ammepute, med andre ord.

Lars Sørbø, designaren bak Freebag, uttrykker problemet slik:

“Strangely, when something has so many possible uses, it’s actually quite difficult to say exactly what it’s for and why you would enjoy having one”.

Og nettopp der har du ammeputeproblemet:

Når produktet er så allsidig, klarer du ikkje å forstå kva det er før du har tatt det i bruk på eit heilt konkret bruksområde.

Det høyres fort litt flåsete og usannsynleg ut når du prøver å forklare produktet generelt. Fordi du må opp på eit abstraksjonsnivå der det er vanskelig å bli forstått.

Det høyres rett og slett litt for bra ut til å være sant.

Kjernemodellen og ammeputeproblemet

Så kva i all verden har dette med kjernemodellen å gjere?

Jo, kjernemodellen er nemlig også såpass allsidig at den er litt vanskelig å forklare — før du har tatt den i bruk på eit konkret område.

Med andre ord har kjernemodellen eit ammeputeproblem.

For kjernemodellen og metodikken rundt eit kjerneverksted har nemlig vist seg å fungere for alle mulige slags forskjellige produkter, prosjekter, bransjer, fagområder og stillingstitlar. Sjølv om, eller nettopp fordi, den er så banal og intuitiv at alle kan forstå den.

“Ja, særlig”, tenker du.

Men kjernemodellen har altså gjennom hundrevis av prosjekter dei siste 14 åra vist seg å fungere like godt på tvers av privat, offentlig og frivillig sektor.

Kjernemodellen har forankra intranettstrategiar på tvers av store universiteter, den har tredobla antall og størrelse på donasjonar for frivillige organisasjonar, og den har vært med å på å utvikle konsepter for ein boligkonfigurator basert på eit parametrisk konstruksjonssystem.

Blant anna.

Og brukt riktig kan kjernemodellen og kjerneverkstaden har stor nytteverdi for veldig mange ulike fagområder:

  • For innholdsrådgivarar, webredaktørar og kommunikasjonsrådgivarar kan den være eit perfekt redskap for å jobbe innholdssentrert, for å forankre innhaldsstrategi og kommunikasjonstiltak, for å jobbe med vedlikehold av nettsider og andre tiltak over tid, og for å kommunisere ein god designbrief til byrået.
  • For studentar innanfor fagområdene digital kommunikasjon, strategi og design kan den gi ein samla og logisk oversikt over korleis brukarorientering, forretningsstrategi, KPIar, inbound markedsføring, konverteringsoptimalisering, innhaldstrategi, UX-design og adferdspsykologi henger saman.
  • For digitale markedsførarar gir den mål, retning og ei kreativ tilnærming for markedsføringstiltak som også er forankra i både brukarbehov og overordna strategi. Modellen er gyldig for både push- og pull-kommunikasjon på tvers av analoge og digitale kanalar, og den ser trafikk og konvertering direkte i samanheng.
  • For tjenestedesignarar kan den være “the missing link” mellom kundereise og implementering, fordi den kan konkretisere, forankre og få framdrift for tiltak knytta til eit konkret “kontaktpunkt”. Kjernemodellen i seg sjølv er også ei mini-kundereise fra og til andre kontaktpunkter, både digitale og analoge.
  • For UX- og grafiske designarar kan utfallet av eit kjerneverksted være ein skikkelig god designbrief på riktig nivå, der det i designprosessen er mulig å vise tilbake til prioriteringar som er gjort av viktige nøkkelpersonar i fellesskap. Kjernemodellen viser også korleis brukarorientert design henger direkte saman med forretningsstrategien for organisasjonen.
  • For informasjonsarkitektar gir den ei frisk tilnærming til å tenke riktig rundt informasjonsstruktur, anbefalte treff (kjernesider) i søkeresultat og til korleis onsite (søk og navigasjon) og offsite (inbound markedsføring) navigasjon henger saman.
  • For folk som driver med brukarorientert research og analyse er metodikken ein gylden anledning til å få gjennomslag for verdien av dokumenterte analyser, både kvalitative og kvantitative.
  • For dei som driv med adferdsendring gir den ein ny forklaringsmodell for korleis nudging, retorikk og adferdspsykoligiske prinsipper heng saman med brukarforståelse og strategi.
  • For forretningsutviklarar kan kjernemodellen være ei god synleggjering av mange av dei viktigaste elementa i ein forretningsplan/strategi, alt frå målgrupper, strategi og brukarbehov, til markedsføring, konvertering og KPIar.
  • For kundeservice, saksbehandlarar og andre fagpersonar i organisasjonen er kjerneverkstedet ein fin måte å både få forståelse for og gi innspel til digitale prosjekter, og korleis heile organisasjonen kan jobbe saman for å fikse ting “på baksida” av dei digitale flatene.
  • For konsulentar og prosjektleiarar kan den gi ein felles kommunikasjonsplattform, både for teamet og med nøkkelpersonar hos kunden. Kjerneverkstedet er ein perfekt kickoff-aktivitet, der utfallet kan bli ei konkret og prioritert tiltaksliste som er forankra i ein felles forståelse, komplett med backlog.
  • For alle som er opptatt av kanalstrategi, så tvinger kjernemodellen oss til å tenke på kryss og tvers av kanalar, både digitale og analoge. Den gjer det mulig å oppdage samanhengar mellom kanalane som ein ellers ikkje ville ha sett.
  • For toppledarar og andre med digital transformasjon på agendaen kan kjerneverkstaden være ein fin snarveg til digital modenhet på tvers av siloar og fagområder i organisasjonen, som også synleggjer korleis digitale og organisatoriske tiltak må henge saman.
  • For dei som jobbar med innovasjon så er modellen eit tanke- og samarbeidsverktøy som legger godt til rette for å få fram gode idear og komme i gang med innovasjonsprosessar, både i etablerte organisjonar og i startups.

“Ja, særlig”, tenker du!

Men ikkje nok med det. Kjerneverkstaden i seg sjølv har også mange andre effektar:

  • Designsprint på ein dag: Kjerneverkstaden er eit godt alternativ til Google Design Sprint. Du kan få mange av dei same effektane, pluss ein del andre, på ein femtedel av felles kalendertid.
  • Effektiv internkommunikasjon: Effekten av at representantar frå heile organisasjonen jobbar saman parvis, på tvers av siloar, nivåer og kompetanse, har vist seg å være ein av dei viktigaste gevinstane ved metoden.
  • Kreativitet, designtenking og samskaping: Prosessen er i seg sjølv ein miniversjon av designprinsippene og dei to første fasane i Double Diamond-rammeverket.

Ja, særlig!

På jakt etter ammeputer

Så korleis i all verden skal eg gå fram for å få folk til å forstå dei ulike bruksområdene for kjernemodellen og kjerneverkstaden?

Jo, eg må rett og slett finne “ammeputene”, eller dei konkrete bruksmåtane som får folk til å forstå kva modellen handlar om.

På samme måte som Freebag® etterkvart har retta markedsføringa si direkte mot konkrete bransjar som bygg og anlegg, helsesektoren og båtfolket, må eg også klare å vinkle kjernemodellen mot konkrete bruksområder.

Kjernemodellen er foreløpig ganske godt etablert, både i Norge og internasjonalt, som eit verktøy for redesign av nettsider, der fokuset er på å få felles forståelse av innhald og funksjonalitet på “kjernesider”.

Men modellen er jo så mykje meir!

Så foreløpig har eg blinka meg ut kundeservice som eit konkret område, eller ei ammepute om du vil, der kjernemodellen kan bidra til å rydde opp på tvers av kanalar. Eg har satt opp eit kurs, og det kjem straks eit frokostseminar på temaet.

Framover har eg også ambisjonar om å sette inn tiltak mot desse områdene:

  • Få folk som driv med tjenestedesign til å forstå at kjernemodellen og kjerneverkstad bør være ein naturleg del av verktøykassa.
  • startups til å bruke kjernemodellen til å prioritere funksjonalitet som er forankra i brukarbehov og forretningsstrategi.
  • Vidareutvikle prosessen med kjerneverkstader på tvers av organisasjonen i intranettprosjekter.
  • Spisse den delen av kjernemodellen som handler om adferdspsykologi og retorikk.
  • Få byråer som driv med innhaldsmarkedsføring til å bruke kjernemodellen som tanke- og samhandlingsverktøy med oppdragsgivar.
  • Etablere kjerneverkstad som eit godt alternativ til Google Design Sprint.
  • På sikt få inn boka om kjernemodellen på pensum i studier som omhandler digital strategi, design, kommunikasjon og markedsføring.

Blant anna.

Håpet er at flest mulig innser verdien av kjernemodellen og kjerneverkstader, så difor har eg også satt i gang eit opplegg for å utdanne sertifiserte fasilitatorar for kjerneverksted gjennom IGM.

Har du forslag til andre ammeputer for kjernemodellen, så er eg veldig interessert i å høyre meir!

Mvh. Are
Kjernekaren.no

Korollar:

Etter at denne artikkelen blei publisert kom eg i kontakt med Lars Sørbø, mannen som utvikla Freebagen. Han er ein svært allsidig fyr, og av alle ting så er han mest kjent som skodespelar og komikar. Så allereie der har han eit kommunikasjonsproblem når han eigentlig driver med bedriftsrådgivning.

Vi tok ein virtuell kaffiprat, og han kjente seg godt igjen i ammeputeproblematikken. Mellom anna hadde han forsøkt å anbefale produktet til gravide på båtmesser, men for dei så var det eit marint produkt og dermed vanskeleg å forestille seg brukt til noko anna.

Lars solgte nylig rettigheitene til eit sveitsisk firma, som marknadsfører det på freebag.shop. La oss håpe at dei klarer å løyse ammeputeproblemet…

Kjernemodellen.no

Alt du trenger å vite om kjernemodellen

Are Gjertin Urkegjerde Halland

Written by

Kjernekar, syklist og far til 3 + kjernemodellen. Trenger du sparring, foredrag eller workshop? Kontakt meg på kjernekaren.no. // Inventor of the Core Model.

Kjernemodellen.no

Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje i digitale kanalar.

Are Gjertin Urkegjerde Halland

Written by

Kjernekar, syklist og far til 3 + kjernemodellen. Trenger du sparring, foredrag eller workshop? Kontakt meg på kjernekaren.no. // Inventor of the Core Model.

Kjernemodellen.no

Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje i digitale kanalar.

Medium is an open platform where 170 million readers come to find insightful and dynamic thinking. Here, expert and undiscovered voices alike dive into the heart of any topic and bring new ideas to the surface. Learn more

Follow the writers, publications, and topics that matter to you, and you’ll see them on your homepage and in your inbox. Explore

If you have a story to tell, knowledge to share, or a perspective to offer — welcome home. It’s easy and free to post your thinking on any topic. Write on Medium

Get the Medium app

A button that says 'Download on the App Store', and if clicked it will lead you to the iOS App store
A button that says 'Get it on, Google Play', and if clicked it will lead you to the Google Play store