Kjernekaren er open for business!

Da er det offisielt. Terningen er kasta. Dette blir bra!

Mitt første foredrag som profesjonell kjernekar, hos DNB.

Torsdag 17. oktober hadde eg både min siste dag i FINN, og min første dag som profesjonell kjernekar!

Denne merkedagen starta med frokostseminar hos mine gamle vener i Netlife Design, som fortalte om korleis dei m.a. hadde brukt kjernemodellen til å redesigne vipps.no.

Så var eg innom FINN, leverte mac og adgangskort, og sa farvel til eit fantastisk UX-miljø og eit spennande innovasjonsprosjekt om Mobility as a Service som eg har jobba med dei siste par månadene.

Klokka 12 holdt eg ein presentasjon for ein entusiastisk gjeng med forretningsutviklarar, UX- og tenestedesignarar i DNB. Dei jobbar med redesign av dnb.no ved hjelp av mellom anna kjernemodellen, og ønska å høyre meir om tankegodset bak.

Etter foredraget satte eg meg på ein kafé og registrerte enkeltmannsforetaket “Kjernekaren.no— Are Gjertin Urkegjerde Halland” i Brønnøysund, samt domenet kjernekar.net.

EDIT: Etter godt tips frå Roar i findability.no har eg no registrert domenet kjernekaren.no. Fint om folk brukar dette i staden for kjernekar.net (som forøvrig peikar vidare til kjernekaren.no). Tusen takk!

Min nye karriere som profesjonell kjernekar var i gang. Altså ein frittståande sparringspartner, coach, fasilitator og kurs-/foredragsholder.

Kanskje blir det også bok om kjernemodellen. Følg gjerne med kjernemodellen.no for å sjå korleis det går med det prosjektet.

Det heile føles rart, vemodig, skummelt — men veldig riktig.

Har du lyst å høyre meir? Kanskje kan du hjelpe meg med boka mi, kanskje kan eg hjelpe deg med prosjektet ditt. Eller kvifor ikkje begge deler 😃

Kontakt meg gjerne på din foretrukne kontaktform for ein kaffiprat — når som helst. Kontaktinfo finn du på kjernekaren.no.

Vi snakkast! ☕️

Kjernemodellen.no

Are Gjertin Urkegjerde Halland

Written by

Kjernekar, syklist og far til 3 + kjernemodellen. Trenger du sparring, foredrag eller workshop? Kontakt meg på kjernekaren.no.

Kjernemodellen.no

Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje.

Welcome to a place where words matter. On Medium, smart voices and original ideas take center stage - with no ads in sight. Watch
Follow all the topics you care about, and we’ll deliver the best stories for you to your homepage and inbox. Explore
Get unlimited access to the best stories on Medium — and support writers while you’re at it. Just $5/month. Upgrade