Kjernekar — WTF?

Eg har altså bestemt meg for å bli ein kjernekar. Kvifor? Svaret kom via Japan og Fjernsynskjøkkenet.

Dette har skjedd:

Eg etablerte enkeltmanssforetake “Kjernekaren.no” i Brønnøysund torsdag 17. oktober 2019, dvs for ganske nøyaktig ei veke sidan.

Målet var å skape meg ein meiningsfull jobb.

Men kva er det eigentleg eg ønsker å få til?

Og kva betyr det å ha ein meiningsfull jobb?

Ikigai

Svaret var faktisk snublande enkelt.

Svaret er “ikigai”.

Ikigai er eit japansk ord som rett og slett betyr «ein grunn til å leve».

Min tidlegare mentor Paal Leveraas beskriver konseptet slik:

“Idéen (bak ikigai) er at du har en grunn til å leve når du gjør noe du elsker å gjøre, du får brukt dine talenter, du kan leve av det, og det er noe som gjør verden til et bedre sted.”
Paal Leveraas i “Jakten på Ikigai”, frå ukebrevet Tirsdag Morgen, 15. oktober 2019

Artikkelen til Paal, som sitatet over er henta frå, segla ved ein skjebnens ironi inn i mailboksen min berre 2 dagar før eg etablerte firmaet mitt.

Var det tilfeldig? Neppe!

(Sjølv om eg, for å være heilt ærleg, ikkje leste artikkelen til Paal før dagen etter at eg var i gang.)

Slik illustrerer Paal prinsippet:

Paal Leveraas sin illustrasjon av prinsippene bak “ikingai” (skamlaust stolen frå tirsdagmorgen.no.)

Kort oppsummert:

Ikigai er eit meiningsfullt jobbkonsept som

  • utnytter talentet ditt (du gjer det du er god på)
  • til å gjere noko du brenn for, (du gjer det du elskar),
  • som gjer verda litt betre (det er meiningsfullt i ein større samanheng), og
  • som det går an å leve av (det er eit marked for det).

Eg trur talentet mitt — i jobbsamanheng — er sånn cirka dette:

“Utradisjonell problemløysning, ofte ved hjelp av kjernemodellen”.

Litt uklart kanskje, men hvis folk tar meg slik som eg er, så kan vi finne ut av det saman.

Det eg brenn for er tilfeldigvis å gjere verda litt betre, så det passer jo også bra.

Hvis eg kan hjelpe til å løyse nokre gode problem, slik som dei rundt meg her på SoCentral, så trur eg er på god veg.

1000-kronersspørsmålet er om eg faktisk kan leve av dette.

Eg har iallefall bestemt meg for å prøve.

Og konseptet for min “ikigai” er at altså eg skal være intet mindre enn ein kjernekar.

Men kva er så ein kjernekar?

Bokmålsordboka definerer ein kjernekar som ein som er “tvers igjennom grei og hyggelig”, eller som “ein framifrå kar” på nynorsk.

For min eigen del tenker eg at ein kjernekar også er åpen, ærlig, og opptatt av å hjelpe andre.

  • Åpen: Eg ønsker å dele det eg har karra til meg av erfaring og tankar gjennom 23 år i bransjen.
  • Ærlig: Eg ønsker å skjære gjennom, gå rett på sak, og peike på elefanten i rommet om nødvendig.
  • Hjelpe andre: Eg ønsker genuint å hjelpe kundar (og andre) med å løyse problemer.

Konseptet spelar også på at eit tankebarn eg fekk tilbake i 2006, nemlig kjernemodellen.

Du kan lese ei innføring i kjernemodellen her.

Ei anna inspirasjonskjelde fann eg på Fjernsynskjøkkenet:

Ingrid Espelid Hovig og meg

Ingrid Espelid Hovig i sving på Fjernsynskjøkkenet.

Hvis “kjernekvinne” var eit begrep (og det burde det være!), så er det Ingrid Espelid Hovig (1924–2018) i Fjernsynskjøkkenet som er sjølve definisjonen.

Alltid blid, med stålkontroll på kjøkkenet, og med eit hjerte som banka for å dele kunnskaper og erfaringar med det norske folk!

“No har me juksa litt”, brukte ho å seie når ho tok ei ferdig langsteikt lammesteik ut av omn nr 2, like etter at å ha satt den tilberedte steika i omn nr 1.

Men ho hadde jo ikkje juksa!

Det hadde berre vore ganske dårlig TV å sjå på steika i 3 timar, når programmet varte i 20 minutter. (Begrepet sakte-TV var heller ikkje oppfunne på den tida.)

Planen min

Eg kjem nok aldri til å kunne måle meg heilt med Ingrid Espelid Hovig.

Men eg er iallefall (stort sett) blid, har ok peiling på brukarbehov, strategi og design, og er glad i formidle.

Så difor er altså planen å være ein profesjonell kjernekar gjennom mitt eige firma.

Heldigvis er også min bedre halvdel Mona med på planen, under forutsetning av at eg også er ein kjernekar på fritida!

Så får vi sjå kor det bers.

Så langt har eg det iallefall veldig gøy!

Følg meg gjerne vidare på ferden mot mitt Ikigai her på kjernemodellen.no, på kjernekaren.no eller på Facebook.

Vi snakkast!

Mvh. Are
Kjernekar (Prøver å være det iallefall)

Kjernemodellen.no

Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje.

    Are Gjertin Urkegjerde Halland

    Written by

    Kjernekar, syklist og far til 3 + kjernemodellen. Trenger du sparring, foredrag eller workshop? Kontakt meg på kjernekaren.no.

    Kjernemodellen.no

    Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje.

    Welcome to a place where words matter. On Medium, smart voices and original ideas take center stage - with no ads in sight. Watch
    Follow all the topics you care about, and we’ll deliver the best stories for you to your homepage and inbox. Explore
    Get unlimited access to the best stories on Medium — and support writers while you’re at it. Just $5/month. Upgrade