Forretningsstrategi med kjernemodellen (AKA Kjernekaren spiser sin eigen hundemat)

Er det mulig å leve å være ein kjernekar? Her er den enkle forretningsstrategien min, laga ved hjelp av kjernemodellen.

Dette har skjedd: For ei knapp veke sidan oppretta eg firmaet “Kjernekaren.no” i Brønnøysund. Målet mitt er å kunne leve av rådgivning, kurs og foredrag.

I rask rekkefølge har eg etablert ei rekke kanalar (eller kjerner om du vil), mellom anna nettside, blogg og facebook-side, for å nå målet mitt.

“Båten blir til mens eg ror”, men det ligg ein plan bak.

Ta deg gjerne ein kaffikopp ☕️ før du les vidare. Denne artikkelen tar cirka 10 minutter å lese, men eg lovar at den er både konkret og matnyttig!

(TLDR: Kjernemodellen funker til å lage forretningsplan, hvis rammene er riktig.)

Det “innovasjonske” alternativet

Eg kunne sjølvsagt ha laga planen min på den meir omfattanade, “innovasjonske” måten, altså vekesvis med buzzwords, gule lappar og canvaser.

I så fall ville eg ha følgt prosessen til ein eller fleire innovasjonsguruar, og sannsynlegvis brukt kombinasjonen av Lean Startup, Design Thinking, UX og tenestedesign til å gjere innsiktsarbeid i form av kvalitative dybdeintervjuer og brukartestar, kvantitative spørjeundersøkingar og søkelogganalyser, og så brukt dette som grunnlag for workshopar med gule lappar der eg hadde jobba med Business Model Canvas, Value Propositions, Jobs to Be Done, Brand Sprint, Personas og Customer Journeys, før eg hadde kjørt Google Design Sprint og lanserte MVP-eksperimenter med tilknytta KPIar, for så lære ved hjelp av Pirat Metrics og AB-testing, justere med Lean-tankegang og growth-hacke som pokker etter North Star ved hjelp av Viral Marketing, Inbound Marketing og Content Marketing.

Puh!

Misforstå meg rett. Det er absolutt ingenting gale med desse metodane. Eg har faktisk brukt samtlige tidlegare med god erfaring, og kjem til å bruke dei framover også.

Men akkurat no hadde eg rett og slett ikkje tid til å gjere det på den “riktige” måten.

Så eg gjorde det heller på den enkle måten, ved hjelp av kjernemodellen.

Kva er kjernemodellen?

Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje.

Slik ser sjølve modellen ut:

Her er kjernearket som blir brukt i kjerneverkstaden. Du kan laste ned malen på bit.ly/coremodel-templates. Hugs å printe ut i A3!

Modellen i seg sjølv kan sjå banal ut, men saman med prosessen rundt er den eit aldri så lite Kinderegg:

  • Den hjelper det å prioritere mellom ørten ulike tiltak i ulike kanalar.
  • Den hjelper deg med å få organisasjonen til å samhandle og skape forankring og forsåelse for digitale tiltak.
  • Den hjelper deg å tenke frå ein annan vinkel, slik at du kan samle trådar og løyse flokar i prosjektet ditt.

Prosessen rundt kjernemodellen har følgande elementer:

  • Forarbeidet (før kjerneverkstaden) handler om forstå strategi, målgrupper og brukarbehov.
  • Så definefer du eit antall kjerner, som kan være websider, digitale produkter eller i prinsippet kva som helst.
  • Sjølve kjerneverkstaden er ein eindags minisprint, der heile organisasjonen jobbar på tvers av siloar i form av kjernepar.
  • Kvart kjernepar jobbar seg strukturert gjennom kvart sitt kjerneark med oppgaver, mål, vegar inn, vegar vidare, og kjerneinnhald.
  • Til slutt lager de konkrete tiltak for å sette resultatet ut i livet.

Ei grundigare innføring i kjernemodellen og prosessen finn du her!

I mitt konkrete tilfelle har eg først og fremst brukt kjernemodellen sine eigenskapar som tankeverktøy og prioriteringsverktøy.

Så her er forretningsplanen min, forklart gjennom prosessen og stega i kjernemodellen:

Forarbeidet

Før du kan begynne å jobbe med sjølve kjernearket/verkstaden, må du ha stålkontroll på strategi, målgrupper og brukarbehov.

Ok, la meg sjekke korleis eg ligg an:

Strategi

Har du eit godt grep om strategien din? Veit du kvar du vil?

Eg har gått svanger med strategien i mange år, og eg har ein rimelig grei magefølgelse på kva eg ønsker å få til som kjernekar.

Så i denne fasen passar storkapitalisten Jack Welch sin enkle definisjon godt nok som strategi for min del:

“In real life, strategy is actually very straightforward. You pick a general direction and implement it like a hell.”
Jack Welch

Og det har eg gjort. Så får eg justere kursen etter kvart.

Ein god strategi skal jo først og fremst være i endring.

Målgrupper

Veit du kven målgruppene dine er, og har du gjort ei prioritering mellom dei?

Målgruppene mine er, i prioritert rekkefølge:

  • (1) Potensielle kundar
    Desse kan være alt frå digitalsjefar, produktsjefar og toppsjefar til prosjektledarar, webredaktørar og SoMe-ansvarlige. Denne målgruppa må eg definere betre i tida framover.
  • (2) Nettverket mitt
    Dette består primært av bekjente, “misjonærar”, eksisterande og tidlegare kunder, samt samarbeidspartnarar. Alle desse kan hjelpe meg å nå ut til kundane.
  • (3) Fagmiljøet
    Dette kan være alt frå UX-folk, tenestedesignarar, innhaldsrådgivarar til produktsjefar, forretningsutviklarar og digitale marknadsførarar. Her ønskar eg ha ein tovegs dialog, der eg formidler mine tankar, og i tur får gode tilbakemeldingar på innhaldet.

Det er stort overlapp mellom målgruppene, og det er for såvidt ikkje uvanleg. I mitt tilfelle vil mange kunne tilhøyre samtlige kategoriar — samtidig.

Eg prøver å målrette dei ulike kanalane mine mot hovedmålgruppene, men det skader heller ikkje at folk vekslar mellom dei.

Brukarbehov

Kjenner du dei grunnleggande behova til målgruppene/brukarane dine?

Eg veit iallefall ein del om kva dei slit med, etter å ha jobba i 23 år i bransjen. Eg har jobba både som konsulent og inhouse, med stort sett alle mulige slags prosjekter, metoder, brukarar, organisasjonar og roller.

Behovene kan være:

  • Forstå og løyse opp i eit flokete problem, t.d. uklare strategiar, for lite (eller for mykje!) innsikt, for mange uklare tall å forholde seg til, mangel på koordinering, kaos i digitale kanalar, manglande forståelse, osv.
  • Forankring, koordinering og samarbeid på tvers av siloer, kompetanser, kunde/leverandør, osv.
  • Få ting til å skje! Kvar skal vi begynne, hvilke tiltak må til, i hvilke kanalar, kven skal gjere det og når bør det skje?
  • Vise resultater! Måle og formidle effekten av tiltakene på ein måte som som skaper rom for å jobbe vidare i riktig retning.

Jobben framover blir å dykke enda djupare ned i brukarbehovene, først og fremst gjennom kaffiprating og konkrete prosjekter.

Kjerneverkstad

Har du gjennomført ein fulldags kjerneverkstaden med deltakarar på tvers av nivåer, siloar og fagdisiplinar, slik at prioriteringane er forankra i heile organisasjonen?

Tja, eg representerer forsåvidt heile organisasjonen i enkeltmannsforetaket mitt :-) Den viktigaste nøkkelpersonen eg må forankre med er min betre halvdel Mona. Ho var sterkt involvert i “verkstaden”, og har gitt “Go” så lenge eg også er ein kjernekar på heimebane!

Men sjølv om kjerneverkstaden var litt amputert, så var stegene i modellen like nyttige likevel:

Brukaroppgaver

Veit du hvilke oppgaver/problem målgruppene/brukarane dine ønsker å løyse?

Alle treng å få løyst eit eller anna problem på ein eller annan måte.

  • Potensielle kundar står gjerne fast i eit prosjekt, og har behov å få løyst eit problem, som typisk er å få løyst opp i flokete problemer rundt prioritering, forankring og framdrift i eit konkret prosjekt.
  • Nettverket mitt vil gjerne være oppdatert på kva eg driv på med for tida (Håper eg i alle fall).
  • Fagmiljøet er på jakt etter nye perspektiver og konkrete verktøy og metodar dei kan bruke i kvardagen sin — AKA slukke kunnskapstørsten.

Det gjenstår mykje arbeid for meg med å forstå desse problema enda betre — og det gler eg meg til!

Mål

Har du enkle, klart definere og godt prioriterte mål for kva du ønsker å oppnå?

Spisskompetansen min kan kort oppsummerast som at eg ganske god til å “kome inn frå utsida, løyse opp i flokete problemer, og få til framdrift i riktig retning“.

Utgangspunktet mitt er lang og breid erfaring med brukarsentrert metodikk og strategisk tenkning. I verktøykassa mi har eg kjernemodellen, men også eit stort arsenal av metodikk frå brukarsentrerte design-, strategi- og innovasjonsprosessar.

Det viktigaste målet mitt er difor å generere gode leads til riktige prosjekter, for å selge tenestene mine til folk og prosjekter som tilnærminga mi passar til.

Tenestene eg ønsker å selge er:

  • Sparring. Eg ønsker meg ikkje lange oppdrag, men vil gjerne være med som sparringspartner for å løyse opp i flokete problemer, slik at kundane får framdrift i riktig retning.
  • Coaching. Eg kan hjelpe folk å finne ut av kva som kan være riktige tilnærmingar for den enkelte, anten det gjeld metodikk, prosess, kommunikasjon eller personleg utvikling.
  • Rådgivning. Eg kan gi rådbasert på min kompetanse og erfaring med brukarfokuserte designprosessar, digital strategi og kommunikasjon. Rådgivninga kan gjerne ta utgangspunkt i kjernemodellen, gitt at det er den som passer best i det konkrete prosjektet.
  • Kurs, foredrag og verkstader. Eg kan skreddersy kurs, foredrag og verkstader om det meste. I første omgang vil eg fokusere på kurs i brukartesting og kjernemodellen, samt forberede og fasilitere kjerneverkstader for kundar.

I dei tilfellene eg ikkje kan — eller bør — løyse problema på eigen hand, så har eg eit stort nettverk av samarbeidspartnarar eg kan henvise vidare til.

I tillegg har eg altså lyst til å skrive denne boka mi om kjernemodellen. Då treng eg å få input, for at den skal bli så bra som mulig, slik at eg kan bruke boka til å nå dei andre måla mine på sikt.

Skal eg klare alt dette, må eg få til å utnytte og utvikle nettverket mitt.

Eg har også eit personleg mål om å skape meg ein meiningsfull jobb som er bærekraftig over tid. Bærekraft handlar mellom anna om at eg skal kunne ha denne jobben resten av yrkeslivet mitt, og samtidig ha tid og energi til overs til familien og fritidsaktiviteter (AKA sykling!).

Kjerner

Har du klart definerte kjerner, i skjæringspunktet mellom oppgaver og mål, slik at du veit kvar du skal begynne?

Kjernemodellen predikerer at eg finn kjernene min i skjæringspuktet mellom målgruppene sine oppgaver og mine mål.

Her er kjernene eg har prioritert å starte med, med tilknytta målgrupper, oppgaver og mål:

  • Nettstaden
    Kjernekaren.no skal svare på grunnleggande spørsmål om Kjernekaren, altså kompetanse, tenester og kontaktinfo. Her møtes forhåpentligvis oppgavene til dei potensielle kundane (å få løyst eit problem) med mitt mål om å generere leads til riktige prosjekter.
  • Bloggen
    Medium-bloggen kjernemodellen.no er kanalen min for å formidle ymse tankegods om kjernemodellen og relaterte emner. Her møtes fagmiljøet sine oppgaver (slukke kunnskapstørst) med mitt mål om å få input til boka.
  • Facebooksida
    Facebooksida facebook.com/kjernekaren.no er kanalen som skal gi løpande oppdateringar om Kjernekaren sine siste artiklar, prosjekter og andre spillopper. Her møtes forhåpentligvis nettverket sine oppgaver (å få vite kva eg driv på med) med mitt mål om å generere leads til riktige oppdrag.
  • Nyheitsbrev
    Nyheitsbrevet på epost er gull for å holde målgruppene i loopen, utan at dei treng å følge meg aktivt frå dag til dag. Her møtes alle målgruppene sine viktigste oppgaver med mine viktigaste mål. Planen er å få ut det første nyheitsbrevet tidleg i november, og sende ut nye cirka ein gong i månaden. Her kan du melde deg på nyheitsbrevet.
  • Kaffiprat
    Ja, kjernemodellen fungerer også for offline kanaler. Eg er godt i gang med invitere kjekke folk til å møte meg for ein kaffiprat, for å sjå om vi kan hjelpe kvarandre på ein eller annan måte. Her kan i prinsippet alle målgrupper, oppgaver og mål møtast.

Andre kjerner eg må jobbe med framover er:

  • Kursbeskrivelsar, for både åpne og bedriftsinterne kurs.
  • Bauta-innhald/kjernesiderkjernemodellen.no, a la “Dette er kjernemodellen”, “This is the Core Model” og “Slik gjennomfører du ein kjerneverkstad”.
  • Videosnuttar om kjernemodellen og ymse andre påfunn, t.d. “Kjernekaren experimenterer”.
  • Kjerneark-malen, som må oppdaterast med lenke til kjernemodellen.no og thecoremodel.com.

Vegar inn

Har du gode vegar inn, som skaper (riktig) trafikk til kjernene dine?

Foreløpig har eg tenkt på mellom anna desse:

  • Sosiale medier
    Eg har begynt med å dele innhald på LinkedIn, Facebook og Twitter. Grovt sett tenker eg at LinkedIn er kanalen ut til potensielle kundar, Facebook til nettverket og Twitter til fagmiljøet.
  • Kjerne til kjerne
    Alle kjernene mine peikar også vidare til dei andre kjernene. Nyheitsbrevet skal til dømes lede til innhald på både kjernekaren.no og kjernemodellen.no, relevante aktivitetar på Facebook, samt ta kontakt for kaffiprat. Osv.
  • Word of mouth
    Dette er utvilsomt den viktigaste kanalen eg har. Eg har eit stort nettverk etter mange år i bransjen, og må prøve å utnytte det så godt som mulig.
  • Google
    Her må eg først og fremst jobbe med å fylle sidene mine med godt innhald, få indeksert dei skikkelig, og skaffe meg (fortente) inngåande lenker frå andre.
  • Andre vegar inn
    Dette er mellom anna kurs/foredrag/verkstader, eksterne fagartiklar og footeren i kjernemalen.

Vegar vidare

Har kjernene dine prioriterte handlingsdrivarar som skaper konvertering mot dei viktigaste måla?

Dei prioriterte handlingsdrivarane for min del er:

  • Ta kontakt (uavhengig av kontaktform)
  • Abonnere på nyheitsbrev
  • Dei andre kjernene mine
  • Følge/like meg i sosiale medier

Kjerneinnhald

Klarer du — utfra rammeverket over — å bestemme hvilket innhald og hvilken funksjonalitet i hvilken kanal som svarer best på både oppgaver og mål?

Eg håper det.

Dei foreløpige svara mine — kjernene mine — ligg allereie ute på internettet, og kursen skal justerast forløpande.

Her er til beste kjernearkene eg har fylt ut for dei fem prioriterte kjernene.

(Som du ser er det ikkje eit krav å tegne eller skrive pent for å få utbytte av arkene!)

Nettstaden: kjernekaren.no

Bloggen: kjernemodellen.no

Facebooksida: facebook.com/kjernekaren.no

Nyheitsbrevet: http://bit.ly/kjernekaren-nyheitsbrev

Kaffipraten:

TEASER: Det kjem ganske straks ein videoblogg om kaffipraten min med Kåre Garnes. Trur den kan bli ganske morsom :-)

Avslutning

Så det er altså planen min, og implementeringa er godt i gang.

Uansett så har det gjort godt for meg å få kvessa både pennen og strategien — samtidig — med denne artikkelen.

Hvis det var berre ein brøkdel så nyttig for deg, så er eg veldig fornøgd.

Og hvis du har innspel til kjernemodellen eller forretningsmodellen min blir eg kjempeglad for kommentarar til denne artikkelen.

Vi snakkast!

Mvh.
Kjernekaren

PS! Hugs å melde deg på nyheitsbrevet mitt. Det vil kome cirka ein gong i månaden, første gong i begynnelsen av november.

Kjernemodellen.no

Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje.

Are Gjertin Urkegjerde Halland

Written by

Kjernekar, syklist og far til 3 + kjernemodellen. Trenger du sparring, foredrag eller workshop? Kontakt meg på kjernekaren.no.

Kjernemodellen.no

Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje.

Welcome to a place where words matter. On Medium, smart voices and original ideas take center stage - with no ads in sight. Watch
Follow all the topics you care about, and we’ll deliver the best stories for you to your homepage and inbox. Explore
Get unlimited access to the best stories on Medium — and support writers while you’re at it. Just $5/month. Upgrade