Dette er kjernemodellen

Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje. Her er ei innføring i modellen, med forklaring av korleis du kjem i gang med å bruke den sjølv.

I denne artikkelen lærer du:

  • Kva kjernemodellen er, og kva kan den brukast til
  • Korleis prosessen rundt ein kjerneverkstad bør fungere
  • Kva forarbeid du bør gjere med strategi, målgrupper og brukarbehov
  • Korleis du bør rigge kjerneverkstaden for å få maksimal effekt
  • Stegene i kjernearket som blir brukt i kjerneverkstaden
  • Korleis du kan kome i gang med å bruke modellen sjølv

Kva er kjernemodellen?

Kjernemodellen blei lansert i 2006, og blir brukt av mellom andre Gov.uk, Vipps, DNB, Gjensidige, Oslo kommune og Netlife Design.

Kjernemodellen er særlig populær blant innhaldsstrategar, nettredaktørar, UX-folk og digitale marknadsførarar, men blir også brukt av kommunikasjonsrådgivarar, tenestedesignarar, produktsjefar og andre som på ein eller anna måte jobbar med digital strategi, design eller kommunikasjon.

Dei siste 13 åra har modellen blitt testa og videreutvikla gjennom eit hundretals små og store prosjekter, på tvers av bransjer og sektorar, både i privat næringsliv og i statlige, kommunale og frivillige organisasjoner.

Eit fascinerande aspekt ved kjernemodellen er at den er såpass banal og intuitiv at den er minst like aktuell i dag som i 2006.

Slik ser kjernearket som blir brukt i kjerneverkstaden ut:

Slik ser kjernearket som blir brukt i kjerneverkstad ut. Malen kan du laste ned på lenke.kjernemodellen.no/maler. Hugs å skrive ut i A3.

Kindereggeffekten

Kjernearket i seg sjølv kan sjå banalt ut, men saman med prosessen rundt er kjernemodellen eit aldri så lite Kinderegg:

  • Som prioriteringsverktøy hjelper modellen deg å prioritere mellom ørten ulike tiltak i ulike kanalar. Den hjelper deg å finne ut kvar du skal begynne, og korleis du konkret kan gå fram for å nå måla dine.
  • Som samhandlingsverktøy kan modellen, saman med den tilhøyrande prosessen, sørge for forankring og forståelse i heile organisasjonen. Prosessen rundt modellen består av eit grundig forarbeid og ein ein-dags minisprint (AKA kjerneverkstad).
  • Som tankeverktøy gir modellen eit godt utgangspunkt for å sjå samanhengane mellom strategi og brukarbehov. Samtidig gir den deg ein frisk tilnærmingsmåte som tvinger deg til å tenke frå innsida og ut. Slik at du kan samle trådar og løyse flokar.

Bruksområder

Mange som har brukt modellen tenker at den først og fremst er eit verktøy for å lage nettsider, men modellen har også mange andre sider ved seg.

Faktisk har kjernemodell-metodikken så mange bruksområder at det gjer den litt vanskeleg å forklare!

Til dømes:

  • Strategisk tenkning: Modellen synleggjer mange av dei viktigaste elementa i ein forretningsplan, alt frå målgrupper, strategi og brukarbehov, til markedsføring, konvertering og KPIar. Her er eit lite døme.
  • Brukarfokus: Modellen tvinger deltakarane til å sjå eigne løysningar frå eit brukarperspektiv når dei prioriterer og konkretiserer i kjerneverkstaden. (Men hugs at forutsetninga for ein god prosess er at ein har dokumenterte brukarbehov i forkant).
  • Digital modenhet: Ved å ta deltakarane i kjerneverkstaden gjennom ein stegvis prosess innafor klare rammer i ein intuitiv modell (utan buzzwords), blir det lettare å få alle til å henge med i svingane.
  • Internkommunikasjon: Effekten av at representantar frå heile organisasjonen jobbar saman parvis, på tvers av siloar, nivåer og kompetanse, har vist seg å være ein av dei viktigaste gevinstane ved metoden.
  • Forankring: Fordi det er ein storgruppemetodikk, der alle kan bidra til å prioritere konkrete forslag på den måten dei sjølve vil, gir prosessen unik forankring for ein vidare designprosess.
  • Kreativitet, designtenking og samskaping: Prosessen er i seg sjølv ein miniversjon av designprinsippene og dei to første fasane i Double Diamond-rammeverket.
  • Designsprinting: Kjerneverkstaden er eit godt alternativ til Google Design Sprint. Du kan få mange av dei same effektane, pluss ein del andre, på ein femtedel av felles kalendertid.
  • Tenestedesign: Modellen fungerer godt som eit verktøy for tenestedesignarar, der ein kan “zoome inn” og jobbe konkret med eit kontaktpunkt i kundereisa. Modellen i seg sjølv er ei mini-kundereise fra og til andre kontaktpunkter, både digitale og analoge.
  • Innhaldsstrategi: Modellen tvingar oss til å være konkrete, heilt ned til faktisk ordlyd i innhaldet. Innhaldsrågivarar kan mase om at innhald er viktig så lenge dei orkar, men ein kjernverkstad kan få alle til å forstå det. Fordi dei faktisk må skrive innhaldet sjølve.
  • Kanalstrategi: Kjernemodellen tvinger oss til å tenke på kryss og tvers av kanalar, både digitale og analoge. Ofte oppdagar ein samanhengar mellom kanalane som ein ellers ikkje ville ha sett.
  • Marknadsføring: Modellen gir mål og retning for krysskanal marknadsføring i form av push og pull, digital og analog, betalt og organisk, osv.
  • Konvertering: Suksessen for eit digitalt tiltak kan definerast som trafikk * konvertering. Hvis ein av faktorane er null blir resultatet fiasko. Modellen viser tydeleg samanhengen mellom trafikk (vegar inn) og konverteringsrate (vegar vidare) slik at alle kan forstå det.
  • Innovasjon: Som tanke- og samarbeidsverktøy legger modellen godt til rette for å få fram gode idear og innovasjonsprosessar, både i etablerte organisjonar og i startups.
  • Prosjektledelse: Kjerneverkstaden er ein fantastisk måte å samle nøkkelpersonar, både konsulentar og inhouse, om felles mål i prosjektet. Og ikkje minst konkretisere tiltak som er forankra i ein felles forståelse.

Og alt dette skjer heilt utan buzzwords og gule lappar.

For all del, kjernemodellen løyser ikkje alle problemer i verda. Du bør fortsatt jobbe kontinuerlig med å skaffe innsikt, lage kundereiser, kjøre strategiprosessar, osv. Modellen dekker heller ikkje design og utvikling.

Men kjernemodellen er ein kraftig reiskap å ha i verktøykassa, saman med andre gode metodar og tilnærmingar.

Prosessen

Kjernemodellen er ikkje berre eit ark og ein workshop (eller verkstad om du vil). For at modellen skal ha maksimal effekt, bør det også skje ein god prosess i forkant og etterkant.

Prosessen rundt kjernemodellen har følgande elementer:

  • Forarbeidet (før kjerneverkstaden) handler om å få ei grunnleggande forståing og forankring av strategi, målgrupper og brukarbehov.
  • Med utgangspunkt i dette definerer du eit antall kjerner som du skal jobbe med i kjerneverkstaden. Kjernene kan være websider, digitale produkter eller i prinsippet kva som helst.
  • Sjølve kjerneverkstaden er ein eindags minisprint gjennomført i storgruppe. Målet er at representantar frå heile organisasjonen skal jobbe saman, på tvers av siloar og nivåer, i form av kjernepar. Kvart kjernepar jobbar seg strukturert gjennom kvart sitt kjerneark med oppgaver, mål, vegar inn og vegar vidare, før dei konkretiserer og prioriterer sjølve kjerneinnhaldet.
  • Til slutt definerer de saman dei konkrete tiltakene som må til for å få satt resultatet av kjerneverkstaden ut i livet. Tiltakene setter du inn i eit system for oppfølging, som definerer kven som er ansvarlige, samt når og korleis tiltaket skal gjennomførast.

Forarbeidet

Før du begynner å jobbe med sjølve kjernearket og planlegging av kjerneverkstaden, bør du ha stålkontroll på strategi, målgrupper og brukarbehov.

Hvis du ikkje veit kva du vil (har ein tydelig strategi), kven du skal levere til (prioriterte målgrupper) og kva dei faktisk treng (dokumenterte brukarbehov), så risikerer du at kjerneverkstaden endar i endelause diskusjonar utan resultater.

Og det vil du helst unngå. Så hvis du ikkje har kontroll på dette, må du sørge for å få det først.

Sannsynlegvis har du det meste fra før. Men strategien er ofte litt ullen, målgruppene er litt vage, og mange har rett og slett for mange tall og rapportar, men for lite reell innsikt i kva brukarane eigentleg vil.

Så jobben i forkant handler om å rydde opp i dette.

Kanskje må du konkretisere strategien i ein eigen mål- og målgruppeworkshop med riktige beslutningstakarar.

Og sannsynlegvis bør du også gjere fleire innsiktsaktivitetar for kunne dokumentere brukarbehovene godt nok (sjå nedanfor).

Strategi og målgrupper

Har du eit godt grep om strategien din? Veit du kvar du vil? Veit du også kven målgruppene dine er, og har du gjort ei prioritering mellom dei?

Arbeidet her består gjerne i å lese, tolke og bryte ned strategidokumenter og powerpoints til noko det går an å bruke i praksis, altså til å målrette tiltak i digitale kanalar. Ofte må du også snakke med dei reelle beslutningstakarane for å få vite kva som er den eigentlege strategien, og jobbe med å forankre den tolkninga av strategien som du skal jobbe vidare med.

Hvis du ikkje har konkrete og prioritere målgrupper, blir det vanskelig å skaffe riktig brukarinnsikt og spisse tiltaka mot behovene. Dette må du i tilfelle rydde opp i.

Eit godt alternativ for å forankre strategi og målgrupper å gjennomføre ein kombinert mål- og målgruppeworkshop med dei viktigaste beslutningstakarane.

Brukarbehov

Kjenner du dei grunnleggande behova til målgruppene/brukarane dine?

Dette er det aller viktigaste punktet i forarbeidet.

Har du ikkje innsikt i dei reelle behova til målgruppene dine, kan du heller ikkje rekne med at effekten av tiltaka blir bra.

Har du full kontroll på brukarbehova er det veldig bra — gratulerer! Men dei aller fleste har ein del heimelekser å gjere før kjerneverkstaden.

Som ein tommelfingerregel kan du rekne med å bruke cirka ein månad på å skaffe deg tilstrekkeleg brukarinnsikt, hvis du ikkje har det du treng frå før.

Du bør finne den riktige kombinasjonen av kvalitative og kvantitative metodar i dette innsiktsarbeidet, typisk dybdeintervjuer, brukartesting, kundeserviceloggar, webstatistikk, søkeloggar, toppoppgaveanalyse, osv.

(Det kjem snart ein bloggpost her på kjernemodellen.no om hvilke tall du bør fokusere på, og hvilke metodar som er mest nyttige for å skaffe relevant brukarinnsikt.)

Kjerneverkstad

Når forarbeidet er på plass gjennomfører du ein fulldags kjerneverkstad med deltakarar på tvers av nivåer, siloar og fagdisiplinar, slik at prioriteringane er forankra i heile organisasjonen.

I kjerneverkstaden jobbar deltakarane saman to og to med kvar si “kjerne”, som typisk er ei nettside, eit bestillingsskjema eller eit anna digitalt tiltak. I verkstaden fyller kvart kjernepar ut dei ulike hovudbolkane i kjernearket steg for steg:

  1. Mål: Kva er dei konkrete, prioriterte målene for løysinga, som kan utledast direkte frå den overordna strategien? Desse kan typisk være auka inntekter, reduserte utgifter og auka effektivitet. Hvis det er mulig å knytte måltall til dei enkelte måla er det ein stor bonus.
  2. Oppgaver: Kva er dei konkrete handlingane brukarane ønsker å utføre? Kva slags spørsmål er det dei vil ha svar på? Dømer på dette kan være “kjøpe ny vaskemaskin”, “sjekke prisar på bilforsikring” eller “sjekke åpningstidene i svømmehallen”. Oppgavene bør være utleda fra dokumenterte brukarbehov (Ellers kan mykje av dagen gå med til å kverulere rundt dette.)
  3. Vegar inn: Kvar er brukaren/kunden før han eller ho kjem til oss? Og korleis kan vi skape gode vegar inn til oss frå der brukaren er? Dette handlar gjerne om ulike typer inbound markedsføring (søkemotormarkedsføring, innhaldsmarkedsføring, sosiale medier, osv) eller andre måtar å generere trafikk til løysninga. Men også informasjonsarkitektur i form av søk og navigasjon på ein nettstad.
  4. Vegar vidare: Kva er dei prioriterte handlingsdrivarar som vil skape riktig konvertering mot dei viktigaste måla? Kva slags modus er brukaren i etter at han eller ho har fått løyst oppgava si? Hvilke teknikkar frå adferdspsykologi og retorikk kan være relevante? I dei fleste tilfeller er det fullt mulig å auke sannsynligheita for riktig konvertering, basert på timing, relevans og kontekst utifrå det vi veit om brukaroppgava.
  5. Kjerneinnhald: Gitt det vi veit om oppgaver, mål, vegar inn og vegar vidare — kva vil være den optimale måten å løyse brukaroppgava? Hvilket innhald og hvilken funksjonalitet i hvilken kanal er den enklaste og beste måten å gjere det på? Her jobbar vi først med idégenerering, før vi snevrer inn mot den beste løysinga.
  6. Prioritering: Korleis må vi prioritere hvis vi skal lage eit heilt konkret forslag til kva som må gjerast for å få satt løysingane ut i livet? Her kan ein bruke ulike tilnærmingar, typisk “mobil først” eller eksperimentkort.
  7. Tiltak: Kva må til for å få forslag og prioriteringar til å faktisk skje? Her brukar vi enkle tiltakskort (sjå nedanfor).

Kraften i ein kjerneverkstad er først og fremst at du får deltakarane til å samskape konkrete forslag gjennom ein enkel og praktisk prosess. Om du har med dei riktige deltakarane i verkstaden, kan du på denne måten skape ei felles forståing og forankring av strategi, brukarbehov og prioriteringar hos viktige nøkkelpersonar. Og ikkje minst kan du få framdrift i riktig retning på ein enkel måte. Utan bruk av buzzwords og gule lappar!

Få ting til å skje!

Kva er dei konkrete tiltakene som må til for å sette resultatene ut i livet på enklast mulig måte?

Den siste delen av kjerneverkstaden handler om å omsette idear og prioriteringar til faktiske tiltak som kan setjast ut i livet.

Er det kortsiktige tiltak vi kan gjere med ein gong, som å skrive om tekstar eller kjøre enkle eksperimenter med andre produktnavn eller prisar? Eller bør ein sette i gang med ein større prosess? Kva må gjerast, og kven skal være ansvarlige? Denne bolken kan også gjerast i form av eit tiltaksmøte i etterkant av verkstaden, der ein også set tiltaka inn i eit enkelt system for oppfølging.

Som ein del av konkretiseringa av tiltak kan ein også fylle ut enkle tiltakskort, som består av desse feltene:

  • Kva er det som skal gjerast? (T.d. oppdatere tekst på nettsidene)
  • Korleis skal det gjerast? (T.d. endre teksten i publiseringssystem, få godkjenning, så publisere)
  • Kven skal gjere det? (T.d. Kari, webredaktør)
  • Når skal det skje? (T.d. i morgon)

Tiltak og idear som ikkje kan gjennomførast på kort sikt bør leggast i ein backlog, som nokon har ansvar for å følge opp.

Kom i gang!

Du kan gjerne laste ned malen og begynne å bruke kjernemodellen som tanke- og prioriteringsverktøy med ein gang. Den er lisensiert som cc-by-sa-4.0, dvs at du kan bruke den heilt fritt så lenge du viser til opphavet. Du kan også gjere endringar i modellen, men må da dele vidare på samme vilkår.

Hvis du har gjort deg erfaringar med modellen, på godt eller vondt, setter eg enorm pris på om du deler dine erfaringar med meg! Eg jobbar nemlig med å skrive bok om kjernemodellen, og vil veldig gjerne lære meir om korleis andre brukar den. Kontaktinfo finn du på kjernekaren.no.

Medan du ventar på boka, anbefaler eg å lese The Core Model: Designing Inside Out for Better Results av Ida Aalen på A List Apart. Den forklarer prosessen og tankegangen godt, med utgangspunkt i eit prosjekt for kreftforeningen.no.

Les også Forretningsstrategi med kjernemodellen — AKA Kjernekaren spiser sin eigen hundemat for eit konkret eksempel på ein forretningsplan laga med kjernemodellen.

Om du tenker på å gjennomføre ein meir omfattande kjerneverkstad i heile organisasjonen, anbefaler eg prøve ut formatet i ei mindre gruppe først. Ta gjerne kontakt med meg eller andre som brukar modellen for å få høyre erfaringar og få gode råd.

Lær meir

Eg holder til stadigheit nye kurs og foredrag og foredrag om kjernemodellen. Eg arrangerer også bedriftsinterne kurs om du ønsker det, og lager gjerne eit skreddersydd opplegg for prosjekt-kickoff med teamet ditt, organisasjonen din eller med kunden din hvis du er konsulent.

2.-3. mars kan du lære deg å ta i bruk kjernemodellen og å gjennomføre din eigen kjerneverkstad på eit todagers kurs i regi av IGM.

Hvis du også tar oppfølgingskurset i prioritering som blir satt opp seinare, kan du titulere deg som “sertifisert fasilitator av kjerneverksted”.

Du kan også ta dette videokurset hos Videocation, der du lærer deg å bruke kjernemodellen som tankeverktøy i løpet av 20 korte leksjonar.

Det online videokurset krever abonnement, men det er mulig å teikne eit gratis prøveabonnement på 7 dagar.

Følg gjerne med her på kjernemodellen.no for oppdateringar, eller abonner på nyheitsbrevet mitt for å få tips om nye artiklar og kurs om kjernemodellen og omkringliggande temaer cirka ein gong i månaden.

Vi snakkast,

Mvh. Are
Kjernekaren.no

Kjernemodellen.no

Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje.

    Are Gjertin Urkegjerde Halland

    Written by

    Kjernekar, syklist og far til 3 + kjernemodellen. Trenger du sparring, foredrag eller workshop? Kontakt meg på kjernekaren.no.

    Kjernemodellen.no

    Kjernemodellen er eit enkelt og effektivt verktøy for å forenkle, prioritere og få ting til å skje.

    Welcome to a place where words matter. On Medium, smart voices and original ideas take center stage - with no ads in sight. Watch
    Follow all the topics you care about, and we’ll deliver the best stories for you to your homepage and inbox. Explore
    Get unlimited access to the best stories on Medium — and support writers while you’re at it. Just $5/month. Upgrade