Slik blir du Facebook-pioner

Dette er ikkje meg på veg opp Via Ferrata i Loen. Det er deg på vegen til suksess i sosiale kanalar.

Har du ramla over denne teksten for å finne ein snarveg til å lukkast i sosiale kanalar? Beklagar, men den fins ikkje. Du må rett og slett gå ein lang tur i deg sjølv først. Her får du litt proviant på vegen.

Eg får ofte spørsmål om det fins nokre enkle tips og triks til korleis bedrifter og organisasjonar skal lukkast i sosiale medium. Ja, det fins. Men fullt så enkelt er det ikkje, for det er avhengig av deg, organisasjonen din, ressursane, ambisjonane og verkemidla du har tilgjengeleg.

Spør du meg, så spør eg deg: Kva vil du oppnå med det, da?

Er du svar skuldig, så har du ein jobb å gjere før du kastar deg ut i det og opprettar ei Facebook-side. Det tekniske og praktiske kan alle klare, men for å faktisk lukkast må du ha ein plan, du må gjere eit lite stykke forarbeid og du må vite at du og kollegaene dine har kapasitet til å følgje opp. Det er kjempegøy å gå på tur i skogen utan å vite kvar du skal ende opp, men du kan ikkje legge ut på langtur i ukjent terreng utan å ha eit mål, god proviant og gjerne ein form for kart og kompass.

Nok metaforar, du var nok ute etter ei punktliste, og det skal du få:

Steg 1: Finn ut kva du vil oppnå

Kompasset ditt (vi held oss til tur-metaforen) er ein innhaldsstrategi. Denne skal vere førande for alt du gjer og ikkje gjer i sosiale kanalar.

Jobbar du i ei bedrift eller ein organisasjon har du gjerne eit mål eller to som verksemda navigerer etter i det daglege. Spør deg sjølv korleis Facebook-aktivitetar skal bidra til å nå desse måla. Det vil gi veldig lite nytteverdi for deg og bedrifta di å bruke arbeidstid på å sose rundt i sirklar ved foten av ei maurtue medan resten av kollegaene dine klatrar på rekke og rad mot toppen av eit nabofjell i horisonten. Før ei sjekkliste på om innhaldet faktisk bidreg direkte eller indirekte til å nå eit nedfelt mål.

Steg 2: Finn ut kven du vil nå

Den viktigste provianten du tek med deg på denne reisa er kunnskap og innsikt i målgruppa di. Finn ut kven dei er, korleis dei snakkar saman, kva dei ønskar eller treng av informasjon frå deg, og korleis du kan bidra med verdi i livet (eller Facebook-feeden) deira. Om du forvekslar målgruppeinnsikt med ein ropert i pakkeprosessen blir du ståande og gaule i ein tom fjellheim utan at nokon gidd å høyre etter. Og medan du brukar all energien din på å rope i feil retning kan det fort bli mørkt, kaldt og einsamt.

Steg 3: På med skoa, ut og gå!

Du treng gode fjellsko i eit solid og fleksibelt materiale: Ein publiseringsplan. Der kan du planlegge når innhaldet ditt skal ut, kva målet med kvart enkelt innlegg er og kva du ønskar å oppnå av engasjement frå publikum, som klikk, konverteringar, påmeldingar eller videovisningar.

Steg 4: Ta ein pust i bakken

Du veit kva du vil oppnå, kven du skal nå for å oppnå det og kvifor du gjer det. No er du i gang. Men vi treng alle ein liten pause mellom etappene. Pausen brukar du til å sjekke tala dine for å måle kva som fungerer og ikkje. Kva slags innhald har fått best respons, konverterer dei du sender vidare til nettsida, og gidd folk å sjå heile videoen? Denne innsikta treng du for å halde deg på rett sti vidare.

Steg 5: Sjå etter neste topp

Du trudde du var framme? Å nei, du. Sosiale medium-arbeidet ditt er ikkje avslutta sjølv om du får gode resultat. Det er alltid ein ny topp å nå i horisonten, og nye måtar å nå den på. Ver kreativ, tenk nytt og sett deg nye mål. Dette er ein langtur, ikkje ein rusletur til butikken.

Til slutt: Hugs gode turkameratar!

Det er litt kjedeleg å dra ut på tur åleine. Det same gjeld jobben i sosiale kanalar. Parskriving med kollegaer kan hjelpe deg ut av tåkeheimen ved å sjå teksten med nye auge. Deling av kunnskap og erfaringar du gjer deg undervegs kan hjelpe deg å nå nye høgder. Først då kan du kalle deg pioner.

God tur!