Mitt spesielle augeblikk

Norsk versjon

(English version available here)

Sommaren 2017 fekk Atle moglegheita til å bidra med materiale til eit av hans favorittprogram: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Under innspelinga fekk han oppleve eit av hans så langt mest spesielle augeblikk.

Kva type TV-program er dette:

”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” er ein norsk dokumentarserie som var vorte sendt i beste sendetid på NRK sidan 2002. I kvar episode møter vi menneske som har slått seg ned milesvis utanfor allfarvegen — på eit skjær i havet, på ei fjellhylle eller i ein veglaus avkrok langt ute i villmarka.

Korleis fekk du oppdraget?

Eg (Atle) og kjæresten min var på veg i bil frå Bergen til Volda. Under turen ringte eit ukjent nummer. Eg sjekka nummeret, og det viste seg at det var Torje Bjellås, hovudfotografen for tv-programmet. Han hadde høyrt frå nokon (angra framleis på at eg spurte kven som anbefalte meg) at eg var ein god filmfotograf. Heilt ærleg vart eg litt satt ut. Eg har sett mykje av Bjellås sitt arbeid, og veit at han er svært profesjonell. Han er ein fantastisk historieforteljar og veit korleis ein brukar eit kamera. Kunnskapen hans viser godt igjen på kvaliteten i tv-programmet.

Kva gjekk oppdraget ut på?

I 2017 planla tv-programmet å besøke Trandal, ei lita bygd på Sunnmøre. Eg vart spurt om å bidra med nokre videoklipp og droneopptak. Eg reiste til Trandal i juli under Trandal blues festival og brukte ein heil dag saman med hovudkarakterane og programleiar Arne Uglum. Eg trudde oppdraget mitt berre var å filme litt under festivalen som skulle ende opp som små klipp i den endelege episoda. Over all forventning fekk eg oppleve nokre spesielle augeblikk, særleg når Uglum spør drivaren av Christian Gaard om hans avdøde far. I løpet av arbeidskarrieren står dette som mitt aller mest spesielle augeblikk.

bilder: Atle Remmereit

Er du fornøgd med resultatet?

Etter eg hadde sendt over materialet til produsentane var eg ganske nervøs. Var livredd for at eg ikkje hadde fått filma nok. Men etter nokre veke ringte Torje. Han var veldig fornøgd og skrytte av arbeidet mitt. Så når episoda hadde premiere på tv boltra eg med foran tv-en med kebab saman med kjæresten min og søskena mine. Og tru det eller ei, det viste seg at dei viste nesten fem minutt av mine klipp. For ein følelse!

Likar du å arbeide med denne type oppdrag?

Eg er veldig glad i å arbeide med denne type oppdrag. Å fange sterke augeblikk gir meg ein spesiell følelse Eg brukar mykje tid på å bli kjent med menneska som skal vere bak kamera. For min del er dette mykje viktigare enn det tekniske.

Like what you read? Give Oclin a round of applause.

From a quick cheer to a standing ovation, clap to show how much you enjoyed this story.