Norges Musikkorps Forbund

Norsk versjon

(There’s an english version available here)

2018 er Musikkorpsenes år. På same tid fyller Noregs Musikkorps Forbund (NMF) 100 år. Alle korpsa i Noreg er medlem av NMF. For å kickstarte feiringa ønskte dei å filme fleire ulike korps rundt om i landet, frå Nordkapp i nord til Lindesnes i sør.

bild: Atle Remmereit

Filmen starta på slottsplassen der vi filmar Kronprinsesse Mette Marit som fortel kva som skjer. Vidare blir korps i blant anna Trondheim, Bergen, Stavanger, Lillehammer og Oslo filma. Vi filma første lokasjon i mai/juni 2017, og den siste i september same året. Den vart vist på NRK på nyttårsafta. Meg (som fimfotograf, drone operatør og redigerar) og Berit Handegard (prosjektleiar frå NMF) reiste rundt i landet. Eit PR-byrå, NOR-PR, hjelpte til for å selge inn filmen på TV. Eg fekk fokusere på den kreative delen og NOR-PR hjelpte til med marknadsføring og publisering. Det er fint å kunne gjennomføre prosjekt saman med byrå som NOR-PR. Særleg fordi dei kan gi direkte tilbakemelding og veit korleis ein best kan få det publisert seinare. Engasjementet frå menneska som såg filmen var overveldande bra. Den fekk svært mange visningar. Ein fin start på nyttårsfeiringa.

bilder: Atle Remmereit

Alle dei ulike korpsa fekk i oppgåve å spele spele same sang. Og så måtte ein synkronisere dette seinare. Dette var ganske utfordrande då alle dei ulike korpsa spelte ulikt og i forskjellig rytme. Det er ikkje alle instrument som er moglege å jukse med, særleg trommer. Men heldigvis fekk vi filma nok frå kvart enkelt korps, så det gjekk bra til slutt. Eg fekk endeleg reise til Nordkapp. Det var ganske fint. I tillegg fekk eg filma Kronprinsessa. Det var også veldig hyggeleg å reise saman med Berit. Når vi møtte alle dei ulike korpsa som hadde førebudd svært ulikt var Berit alltid positiv og hadde tillit til arbeidet mitt. Sjølve høgdepunktet var sjølvsagt å få resultetet på tv. Sjølv om eg skulle ønska eg hadde meir tid (som med fleire andre prosjekt) er eg fornøgd.

Like what you read? Give Oclin a round of applause.

From a quick cheer to a standing ovation, clap to show how much you enjoyed this story.