X2Festivalen 2018

norsk versjon

(english version is available here)

Forrige veke var vi fullt oppteken med X2 festivalen i Volda. Det var, som alltid, ei stor glede å vere ein del av. For å gi deg eit innblikk i arbeidet tok Tina, vår praktikant, ein samtale med Atle:

Kva er X2 Festivalen?

X2 festivalen er ein ekstremsport- og musikkfestival der du kan delta som utøvar eller sjå på som publikum. Det er konkurranser i sportar som surfing, skating, frikøyring, randonee, basehopp, kajakk, sykling, buldring med meir.

bild: Jonas Been Henriksen

Når blir festivalen arrangert?

Det er kvart år i april.

Kva var vore di rolle?

Eg er ansvarleg for mediecrewet der eg sørga for at vi har nok fotografar og filmfotografar til dekke aller arrangementa under festivalen. Vår hovudprioritet er sjølve sportsarrangementa som skjer på dagtid, men vi har også behov for å dekke dei sosiale arrangementa som kveldane. Dette har vorte enda viktigare dei seinare åra for å kunne trekke til seg fleire frå lokalbefolkninga. Det er ekstra vanskeleg å filme sportane. Vi ønsker helst å kunne oppnå wow-faktoren. Dette er ikkje alltid enkelt, men noko ein verkeleg får bryne seg på. Eg har heldigvis med meg ein dyktig gjeng som har mykje erfaring.

bild: Jonas Been Henriksen

Kor lenge har du vore involvert i X2?

2018 var mitt fjerde år som ansvarleg for mediecrewet. Før den tid var eg sjølv med i crewet.

Kva likar du best med å arbeide med prosjekt som X2 festivalen?

X2 festivalen er ein fin arena til å teste nye ting. Både utstyr og teknikkar. Det er også eit prosjekt som kvart år gir meg nye utfordring få takle. Ein skal kunne ha god oversikt over både programmet og kjenne til kompetansen til kvar enkelt i mediecrewet. X2 festivalen er ofte prega av mykje endringar og difor må vi vere kjappe med å hive oss rundt og endre planane våre. Men dette er god læring. Og opnar ofte for mykje kreativ tenking og kule prosjekt. Det klart kjekkaste med festivalen er andelen dyktige folk vi får med oss. Mange er svært profesjonelle og leverer svært gode produkt. Mange vel vi også å behalde som frilansarar.

bilder: Christina Wilke

Kvifor er du med på dette (sjølv når det ikkje er betalt)?

X2 festivalen gir oss ikkje direkte pengar i kassa, men det er ein viktig arena for oss. Vi får teste utstyr, møte og arbeide saman med unge filmfotografar og fotografar som gir oss mykje inspirasjon. Vi ønsker at X2 festivalen skal gi unge menneske moglegheita til å teste seg sjølv, slik vi fekk for 6–7 år sidan. Neste gang planlegg vi å gi kvar enkelt litt meir spesifikke roller og ansvar slik at planlegginga blir litt enklare.

bilder: Timme Ellingjord Hvitblikk, Christina Wilke, Matias Hagen