Den perfekte brukaropplevinga

Kari Raudstein
Karabin Sans AS
Published in
3 min readFeb 9, 2021

Kva som er sett på som vakkert, er ein diskusjon som har gått føre seg i fleire årtusen. Men kva er eigentleg det vakre? For dei aller fleste er det som er vakkert ei rein, subjektiv vurdering, men kan estetikk også vere objektivt og målbart? Det korrekte svaret finn ein gjerne i nevroestetikken.

Nevroestetikk er eit forskingsfelt som kombinerer nevrovitskap med estetikk og metodar frå kognitiv psykologi. Her måler ein mellom anna korleis hjernen responderer på estetisk stimuli, og korleis dette igjen påverkar oss emosjonelt.

I min kvardag som UX-designer er dette spesielt viktig. Estetikk handlar nemleg ikkje berre om det vakre. Estetikk er gresk for «å oppfatte», og akkurat som grekarane, tar vi med vår oppfatting av verda rundt oss når vi skal forstå konsepta vi vert eksponert for.

Det kjente og kjære
Eit kjent grep innan design er difor å skape ein følelse av det familiære og kjente. Ved å bruke familiære konsept, aukar ein preferansen hos brukaren, samstundes som ein reduserer kognitiv belastning hos den som skal fordøye designet. For ein UX-designer kan dette til dømes vere at ein plasserer navigasjon etter tradisjonelle prinsipp. Det gjer at brukaropplevinga vert oppfatta som noko kjent og trygt, sjølv om det er første gang ein tar i bruk ei ny nettside eller ei digital løysing. Ein forstår altså intuitivt korleis ein skal navigere seg opp, ned, fram og tilbake. Naturleg kanskje, men ikkje dermed sagt at det vert naturleg om ein berre fokuserer på det visuelt vakre.

Det skal likevel meir til for å påverke folk flest, og det familiære innan UX-design står difor sjeldan aleine. Kontrastar, fargar, rekkefølgje, og gruppering av innhald, er alle døme på viktige verkemiddel. Den enkle forklaringa er at dei til saman dannar følelsar.

Den emosjonelle hjernen
Tidlegare vart følelsar sett på som ein irrasjonell måte å tenkje på. Nyare forsking viser likevel at nettopp følelsar og emosjonar er det som gjer oss smarte. Ikkje minst, følelsar er ein viktig faktor når det kjem til korleis vi som menneske tek ei klok avgjerd.

Hjernen er jo programmert for å overleve. Då er det også naturleg at vi som ber rundt på hjernen, stadig søkjer det trygge og velkjente. Kva som er trygt og velkjent, og som påverkar oss til å ta dei vala vi tar, varierer sjølvsagt frå person til person, utan at vi alltid heilt klarar å forstå kvifor det er slik. Frå ein nevroestetisk ståstad er ein no likevel eitt skritt nærare.

I ein studie der deltakarane vart presentert for visuelt stimuli, og samtidig scanna med fMRI, oppdaga forskarane noko spanande. Her kartla dei at området rundt det motoriske senteret i hjernen vart aktivert når deltakarane blei presentert med noko den enkelte opplevde som uattraktivt. I følgje forskarane indikerte dette at kroppen inntok ei liknande posisjon som når ein skal ta eit val om å flykte frå ein situasjon eller ikkje.

Runde objekt vart favoriserte framfor firkanta objekt. (Dustin Humes on Unsplash)

Det er også gjort forsking på om menneske føretrekk runde eller firkanta objekt. Her kom forskarane mellom anna fram til at fleirtalet favoriserte runde objekt, då firkanta objekt og skarpe kantar kunne bli forbunde med fare.

Framtida
Ein kan gjerne slå fast at provoserande visuelt stimuli, ikkje er samanfallande med designet einkvan vert eksponert for på nettsider og andre digitale produkt. Det er heller ikkje poenget. Det er derimot eit poeng at ein som designer må sikre at brukaren vert stimulert positivt i alle aspekt av ei brukaroppleving, og ikkje berre i form av det estetisk vakre.

Subjektiv preferanse hos ein brukar vil ein nok aldri kunne forutsjå heilt, men ved hjelp av nyvinningar innan hjerneforsking kan ein kanskje finne ut kva vi, reint biologisk, føretrekk framfor noko anna. Til god hjelp for oss som jakter på den perfekte brukaropplevinga for produkta i framtida.

--

--